Egg i trea, mellom puppane, overalt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alle nordmenn et gjennomsnittleg eitt egg kvar dag i påskedagane. Det blir tilsaman 21 millionar egg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

21 millionar egg kakkar vi toppen av i påska, berre i Noreg.21 millionar egg kakkar vi toppen av i påska, berre i Noreg.

Dei 21 millionane er dobbelt så mange egg som vi et i løpet av like mange dagar elles i året. Vi har samla saman nokre eggande myter og fakta.

Nytt liv


Egg var symbol på livskraft og nytt liv også før kristendommen. Dette kan ha samanheng med at hønene før i tida hadde verpepause på vinteren.

Rundt vårjamndøgn byrja dei næringsrike egga å kome igjen, og i riktig gamle dagar grov folk ned egg i åkeren ved vårjamndøgn for å sikre seg ei god avling.

Langfredagsegg


Det vert sagt at egg som blir lagde på langfredag aldri rotnar. Opplysningskontoret for egg og kvitt kjøtt meiner riktignok at denne magien skyldast at alle norske egg held seg i månadsvis. Men det er liksom litt meir artig med magi enn ei sakleg forklaring.

Det blir ikkje noko omelett viss du ikkje legg det store egget først.Det blir ikkje noko omelett viss du ikkje legg det store egget først.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bra for onna


Det er viktig å ete egg i påska, fortel

sidene.no

. Viss du gløymer å ete egg på påskedagen, vil ikkje ljåen din bite under onna. Så hiv innpå.


Egg som kunst


Skikken med å dekorere påskeegg er ein gammal europeisk tradisjon og vanleg både i katolske og protestantiske land. Tradisjonen kjem eigentleg frå orienten, og har blitt ein eigen kunstart i Aust- og Mellom Europa.

Det er funne dekorerte egg frå så tidleg som 300 år etter Kristus, fortel

aktiv i Oslo

. Egga blei funne i ei grav, og ein reknar med at dei skulle bringe lykke og beskytte den døde mot vonde åndar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Til dømes kan ein dekorere egga som ansikt.Til dømes kan ein dekorere egga som ansikt.

Jomfru Marias egg


I Austeuropa er det vanleg å bruke kyrkjelege motiv og fargar på egga. Blå prikkar symboliserer Jomfru Maria sine tårer då ho gråtande og ulykkeleg hadde malt egg til Pontius Pilatus for å få han til å benåde Jesus.

I Polen er det, som her, vanleg å male egga fargeglade og spraglande. Polakkane gjer dette til minne om at Jomfru Maria ein gong skal ha mala slike egg for å glede Jesusbarnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I riktig gamle dagar var det vanleg å grave ned egg i åkeren for å sikre seg ei god avling.I riktig gamle dagar var det vanleg å grave ned egg i åkeren for å sikre seg ei god avling.

Jesus som egg


I middelalderen bestemte kyrkja at egget skulle vere det offisielle symbolet på Jesu oppstode. Det førte til at kyrkja velsigna egg i påska, og folk brukte desse egga både til religiøse og magiske føremål.

Etter reformasjonen blei denne velsigninga forbode, men i den folkelege førestellinga symboliserer egget framleis kraft og fruktbarheit. Den katolske og ortodokse kyrkja velsignar framleis egg.

Raude og grøne egg

I Tyskland har det og vore vanleg at jentene gav raude egg til friarane sine på påskeaftan. Men på skjærtorsdag er det tradisjon å ete grønfarga egg, noko som viser i namnet på heile dagen, som på tysk heiter Gründonnerstag. I Tyskland kjem påskeharen med sjokolade- og marsipanegg på påskedagen.

I Tyskland var det tidlegare vanleg at jentene gav raude egg til friarane sine på påskeaftanI Tyskland var det tidlegare vanleg at jentene gav raude egg til friarane sine på påskeaftan

Artikkelen fortsetter under annonsen

Egg i trea


I Nederland er det vanleg å hengje dekorerte egg på tre i hagen, akkurat som ein heng pynt på juletreet. Der, som i fleire andre land, er det vanleg at påskeharen legg påskeegg ute, som barna leitar fram på påskedagen, fortel

msl.no

.

Dei nederlandske påskehareegga er ikkje av sjokolade, men dekorerte, vanlege hønseegg.

Egg mellom puppane


I følgje

vi over 60

har det vore ein skikk at gifteferdige jenter på påskedagen gjekk med eit egg mellom puppane. Dette egget skulle gutane prøve å få tak i, og kven veit om dei ikkje fekk tak i endå meir når dei først var i sving med å ta for seg.

Så, då har du litt å tenkje på over frokostegget ditt. God påske!



Kjelder: sidene.no , Odin , egg.no,

msl.no , vi over 60 og

aktiv i Oslo



Les meir i Neste Klikk:
Meir påske her

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving