Supre forhold i påskefjellet

Med nysnø og silkeføre i dei fleste fjellområda, ligg alt til rette for ei superpåske for dei som skal til fjells, melder Den Norske Turistforening (DNT).

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk pressekontor

Det blir meldt om gode føreforhold med nysnø og silkeføre i dei fleste fjellområda i Sør- og Midt-Noreg. (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)Det blir meldt om gode føreforhold med nysnø og silkeføre i dei fleste fjellområda i Sør- og Midt-Noreg. (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)

DNT har over 430 hytter over heile landet og nesten 7.000 merka vinterruter i Sør-Noreg. Det skulle gje grunnlag for gode turar.

Informasjonssjef Merete Habberstad i DNT har vore i kontakt med fjelloppsynsmenn, vertsfolk på hyttene og andre lokale kjelder i meir enn 30 fjellområde. Ho er godt tilfreds med rapportane.

Nok snø og godt føre


- Det blir meldt om gode snøforhold med rikeleg snø. Låge temperaturar på mellom tre og sju minusgrader held ved lag gode løyper med ein solid og fast sole, seier Habberstad. Ho opplyser at det har kome mellom 20 og 30 centimeter nysnø i alle fjellstrok i Sør- og Midt-Noreg den siste veka.

Om lag 20.000 brukar påska til å gå frå hytte til hytte i fjellet. Besøket på hyttene hittil i sesongen er om lag som i fjor, som var den beste sesongen nokon gong. No er det mange som alt har tinga seg plass på dei mest populære hyttene, men ingen fjellvandrar blir avvist, så det er ikkje for seint å leggje i veg, melder DNT.

Observasjonane om snø og føreforhold er gjort den 5. april i fjellområda Jotunheimen, Breheimen, Trollheimen, Femundsmarka, Rondane, Hardangervidda, Skarveheimen, Sylane, Ryfylke og Setesdalsheiane og Huldreheimen, som er det nye namnet på eit område mellom Valdres og Gudbrandsdalen.

Respekt for fjellet


Men fjellet er ikkje å spøkje med på denne tida. Vêret kan snu fort. Dermed finst det eit sett med viktige reglar som absolutt bør følgjast. I tillegg til å sjekke ver- og føremeldingane før ein legg av garde, finst det mange andre reglar som det er klokt å setja seg inn i og rette seg etter.

turistforeningen.no kan fjellvandrarar oppdatere seg på føreforholda dagleg, oppfriske fjellvitreglane og finne råd om å kle seg fornuftig og rett og korleis ein elles skal utstyre seg til turen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus