Brun med og utan sol

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skal du på shoppingtur på apoteket før du fer på ferie, er sjansen stor for at du kjem ut att med solkrem og gnagsårplaster.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ah! Det skal bli herleg med litt sol i påska. (Foto: stubaitalerholzknecht.at)Ah! Det skal bli herleg med litt sol i påska. (Foto: stubaitalerholzknecht.at)

Me pakkar nemleg ikkje berre vekeblader, ullgenserar, tannbørste og spade til å grave oss ned i tide med. Som folkeslag har me blitt vesentleg mykje flinkare til å ta UV-stråling og skarp sol på alvor.

Solfaktor 60


På Sand apotek kan apotekar Susanne Grønnevik fortelje at me nordmenn jamt over er superflinke til å kjøpe med oss solkrem og sun-block når me skal opp i høgda og ut i snøen.

- Folk er veldig nøye med å ta solkrem med seg, og dei kjøper ofte høg faktor.

Faktorane i solkremen kan faktisk gå så høgt som til 60, fortel ho. Det er mykje. Blir ein brun av slikt, då?

Susanne Grønnevik på Sand apotek har nokre utruleg søte babysolbriller. (Foto: Toyni Tobekk)Susanne Grønnevik på Sand apotek har nokre utruleg søte babysolbriller. (Foto: Toyni Tobekk)

- Nei, i alle fall ikkje på veldig, veldig lenge. Solfaktor 60 er nok for folk som av medisinske årsaker bør beskytte seg særleg mot sola.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei aller fleste av oss held oss i skalaen mellom 5 og 20. Men Grønnevik kan fortelje at Allianse-apoteka faktisk ikkje sel solkremar med lågare faktor enn 8.

- Me veit at det er fornuftig å bruke så pass høg faktor heile tida.

Pass på øyrene


Kva meir må me ha for å vere skikkeleg rusta, då? Slik kvit smurning til å ha på leppene og nasen, tenkjer eg, og ser for meg bilete av alpin-sossar med bleika hår, rosa fleece og svære, kvite lepper. Så mykje for mine fordommar, for Susanne Grønnevik kan fortelje at sun-block-stift kan vere svært lurt å ha.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kombinert nasevarmar og -beskyttar som dei lokale apoteka neppe fører. (Foto: comfynose.com)Kombinert nasevarmar og -beskyttar som dei lokale apoteka neppe fører. (Foto: comfynose.com)

- Bruk han på alt som stikk ut, er hennar anbefaling.

- Øyrene er spesielt utsette for å bli solbrende, så berre smør på.

Men føler du at sunblock på leppene ser litt tøvete ut, finst det sjølvsagt og leppepomade med solfaktor.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Briller også


Solbriller då, det skulle me vel og hatt?

- Ja, det har me ikkje så mykje av, men me har no selt desse kjekke babybrillene nokre år. Dei kjem folk og spør etter.

Så får heller me store ta oss ein tur til optikaren etterpå, då. For solbriller er viktig, for alle, det har me skjønt etterkvart.

Au - solbrent!


Kva så viss ein likevel har klart å svi seg i sola og sit der som ein nykokt gris? Kva skal me ty til?

Brukte briller, men ikkje krem. Slik gjekk det. (Foto: mit.edu)Brukte briller, men ikkje krem. Slik gjekk det. (Foto: mit.edu)


Eit gammalt kjerringråd seier at yoghurt skal vere godt og lindrande. Til å smørje på huda, altså, ikkje viss du et han.

- Eg vil anbefale å bruke after-sun eller aloe vera. I motsetnad til vanleg fuktigheitskrem, så vil ein after-sun kjøle deg mykje meir ned, seier apotekaren.

- Og aloe vera er ypparleg når du er litt solbrend.

Alvorlege forbrenningar, derimot, er ei sak for legen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Me juksar litt


Så med høg solfaktor, sun-block og solbriller skulle me vel eigentleg vere så godt rusta at me kjem heim like bleike som då me drog? Då kan me i så fall jukse litt.

- Å ja då, me sel ein del sjølvbruningskrem, heile året.

- Eg er klar, eg! (Foto: ohsu.edu)- Eg er klar, eg! (Foto: ohsu.edu)

Men blir det eigentleg like bra som å sole seg?

Susanne har oppskrifta:

- Du må peele vekk daud og tørr hud, smørje deg med ein god fuktigheitskrem og så smørje sjølvbruningskremen utanpå der. Då bør resultatet bli riktig bra.

Mitt ekstra tips skal du få her på tampen: Skal du bruke sjølvbruningskrem, må du hugse å vaske hendene dine godt etterpå. Elles får du slike dumme oransjestripete og svært så avslørande hender etter nokre timar, og det vil me vel ikkje?

God påske, og sol deg med vit!

Me har meire påskegodt!

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving