Lunka til caffè latte

Artikkelen fortsetter under annonsen

Caffè latte, cappuccino og andre kaffidrikker med mjølk er ikkje like populære som før.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Stadig fleire drikk svart kaffi igjen. (Foto: Kari Hamre, NPK)Stadig fleire drikk svart kaffi igjen. (Foto: Kari Hamre, NPK)

(NPK): Stadig fleire drikk igjen svart kaffi, går det fram av rykande ferske tal frå Norsk Kaffeinformasjon.

I gjennomsnitt drikk kvar nordmann om lag 160 liter kaffi i året. Og nesten 80 prosent av den vaksne befolkninga drikk kaffi.

Mote på hell?

Rundt tusenårsskiftet vart det meir og meir moderne med dei mjølkebaserte kaffidrikkane, både heime og ute.

Toppen vart nådd i 2003. Då var det 13,3 prosent som vanlegvis drakk mest caffè latte og liknande. I 2006 har desse minka til 10,8 prosent og vi er attende på 1985-nivå - til før kaffibaranes tid.

Norsk Kaffeinformasjon har ein teori om at alt snakket om sukker og feitt kan vere ei av årsakene til dette.

- I tillegg syntest mange det var spennande med den nye trenden med espressobaserte mjølkedrikker. Lysta til å prøve nye kaffidrikker er framleis stor. Men dei verkelege kaffielskarane innser etter kvart at svart kaffi trass alt er det beste, seier informasjonssjef Marit Lysne til Arte of Taste. Ho peikar også på at mange unge og ferske kaffidrikkarar går over til å drikke kaffi bar etter ein mjuk overgang med mjølkekaffi.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Meir filterkaffi

I alle år har det store fleirtalet av befolkninga drukke kaffien svart. Men samtidig med returen for mjølkekaffi står svart kaffi sterkare. 77,9 prosent av landets 2,8 millionar kaffidrikkarar går no for svart kaffi utan mjølk og sukker(mot 75,3 prosent i 2000).

Espresso vert rekna med i kategorien svart kaffi, men berre fire prosent lagar espresso heime. Ingenting slår traktekaffien. Så mange som 72 prosent brukar kaffitraktar når dei lagar kaffi heime.

Presskanne og pulverkaffi ser ut til å vere kokekaffiens erstattar. I 1982 var det 36 prosent som kokte kaffien på gamle måten. I dag er det berre seks prosent. Men det er faktisk 23 prosent som likar kokekaffi best.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Menn drikk mest

Det er framleis heime og på jobb at mesteparten av kaffien vert drukken. Det er omtrent like mange kvinner og menn som drikk kaffi. Men menn drikk meir kaffi dagleg enn kvinner. Om lag ein liten kopp meir.

Det er blant dei over 60 år at ein finn den største andelen kaffidrikkarar (92 prosent), men det er i aldersgruppa 40-49 år at det vert drukke mest; 5,14 koppar per kaffidrikkar per dag. Andelen kaffidrikkarar er lågast i aldersgruppa 15-19 år (23 prosent). Dei drikk også minst; 2,23 koppar per kaffidrikkar.

Landsdelen med høgst andel kaffidrikkarar er Nord-Noreg (77 prosent). Men dei som drikk mest, er dei på vestre delar av Austlandet; 4,75 koppar per kaffidrikkar. Andelen kaffidrikkarar er lågast i Midt-Noreg (72,8 prosent), medan kaffiinntaket per kaffidrikkar er lågast i Oslo, 4,04 koppar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving