Engelsk krim på menyen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Påske er mord, mysterium, spenning og ein og annan halvalkoholisert og nevrotisk detektiv. I alle fall i eteren. Her kjem det ultimate oversyn over årets påskekrim på TV.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Me har sett på kva dei ulike kanalane har å by på denne påsken. Kanskje ikkje så mykje nytt under sola, men det burde vere nok til å halde krimfrikar klistra til skjerm og høgtalarar.

Fart og action i tillegg til mord og mysterium i «Hva skjedde med Diane». (Foto: gov.im)Fart og action i tillegg til mord og mysterium i «Hva skjedde med Diane». (Foto: gov.im)

Flytande hand


Først ute er NRK1. Allereie måndag er dei i gang med miniserien «Hva skjedde med Diane». Nokon finn ei ille skadd damehand flytande i Themsen, men kven handa høyrer heime hos, er eit mysterium.

Etterforskarane Connor og Walker blir sett på saka, men dei er ingen «match made in heaven». Medan den eine er ein ivrig karrierejeger, er den andre nett komen tilbake i jobb etter ein mordtiltale han hadde mot seg.
Serien går måndag til onsdag klokka 21.30 (21.20 onsdag).

Assistent for døden


Torsdag og fredag i påskeveka, vert det gjensyn med den stillferdige Kriminalsjef Foyle og assistenten hans Sam i to enkeltståande episodar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Michel Kitchen som kriminalsjef Foyle er på plass torsdag og fredag. (Foto: kcet.org)Michel Kitchen som kriminalsjef Foyle er på plass torsdag og fredag. (Foto: kcet.org)

Torsdag: Året er 1942, ein krigshelt døyr i brann og ei ung jente blir funne død på den amerikanske basen i Hastings.

Fredag: Medan Foyle er i gang med å fakke ein mordar, må han vie seg til eit biologisk eksperiment samstundes som assistenten hans ligg for døden. Mange vil kanskje dra kjensel på ein annan krimhelt i denne episoden, nemleg Roy Marsden som tidlegare gav oss mykje påskeglede som Adam Dalgliesh.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Båe Foyle-episodane går klokka 21.15 - 22.55.

Belgisk eleganse


Og for deg som no trudde at NRK skulle la dette bli ei Poirot-fri påske, så tok du feil. Første påskedag kan du sjå «Mysteriet med Det blå toget» klokka 21.05. Alle dei klassiske ingrediensane er her: Vakre og rike kvinner, ein amerikansk oljemagnat, ein mystisk elskar, ein sviken ektemann og ein juvel. Og så blir nokon myrda, sjølvsagt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tony Hill og Carol Jordan må finne ein massemordar før han drep fleire barn. (Foto: tvnz.co.hz)Tony Hill og Carol Jordan må finne ein massemordar før han drep fleire barn. (Foto: tvnz.co.hz)

Heldigvis for passasjerane ombord på Det blå toget er Poirot til stades og ordnar opp på sitt sedvanlege elegante vis.

Tøft gjensyn


Det blir gjensyn med psykologen Tony Hill og etterforskar Carol Jordan i «Arr i sjelen» på TV2. Tre unge menn vert funne drepne på ulike stader i Bradfield, og Hill og Jordan får ei tung og krevjande oppgåve i å finne massemordaren før han drep igjen.

Det blir fire episodar med dette radarparet frå tysdagen til fredagen. Dei to første dagane går serien klokka 22.05, medan dei to neste episodane byrjar 21.50. Alle fire episodane varar i 50 minutt.

Kaptein Hastings og Hercule Poirot løyser fleire saker i påska. (Foto: wikipedia.org)Kaptein Hastings og Hercule Poirot løyser fleire saker i påska. (Foto: wikipedia.org)

Klassikarar i radio


For mange er det kanskje vel så mykje radiokrim som gjeld, og i år kan Kanal 24 freiste med opplesingar av Agatha Christie-noveller frå «Før lyset faller - og andre historier».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Agatha Christie blir av mange reknar som krimdronninga over alle, og eit gjenhøyr med Poirot, Hatings og Miss Marple kan kome til å setje ein ekstra spiss på påskeferien.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Elin Sogn, Berte Rommetveit og Morten Røhr er mellom dei som skal lese på Kanal 24 klokka 18.30. Serien byrjar måndag og held på til 2. påskedag.

Ny Foyn


NRK P1 sender «Den siste dansen» av Jan Mehlum onsdag til søndag klokka 23.00. Me møter privatdetektiv Svend Foyn i ei sak som omhandlar forsvunnen ungdom og narkotika, og som grip langt inn i politiet sitt indre liv.

Øystein Røger speler Svend Foyn. (Foto: NRK)Øystein Røger speler Svend Foyn. (Foto: NRK)

Den lett stammande og famlande Svend Foyn er eit kjært bekjentskap for mange krimelskarar.

Skulle du komme til å gå glipp av ein episode, kan det vere greitt å vite at alt går i reprise påi P2 påfølgjande dag.

Redaksjonen tek ikkje ansvar for eventuelle endringar i klokkesletta.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving