Den perfekte sundagsfrukosten

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nysteikte frukostpannekaker med lønnesirup, det må vel vera ein god start på dagen?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Blåbær og lønnesirup lyfter pannekakene til nye høgder. (foto: Una Kolle)Blåbær og lønnesirup lyfter pannekakene til nye høgder. (foto: Una Kolle)

I helga har me ofte litt betre tid enn vanleg, og kan kosa oss meir med maten. Dersom du vil overraska nokon med frukost på senga, skal du få eit par gode tips her.

I Amerika et dei støtt og stadig pannekaker med sirup, om me skal tru mytane. Uansett er det no ei fin avveksling frå grovbrød med brunost. Desse pannekakene er tjukke og luftige, ikkje som tynne middags- eller dessertpannekaker.

Eg skal avsløra knepet med ein gong: det er piska eggekviter som gjer det (at dei er så tjukke og fine, altså).

Steik pannekakene til oversida byrjar stivna, så snur du dei. Her er blåbæra blanda rett i røra. (foto: Øystein Skjæveland)Steik pannekakene til oversida byrjar stivna, så snur du dei. Her er blåbæra blanda rett i røra. (foto: Øystein Skjæveland)


Dette treng du:


  • 3-4 egg

  • 2 dl kveitemjøl

  • 1 ½ teskei bakepulver

  • 1 ½ dl søtmjølk

  • Ei klype salt


Slik gjer du:


  • Skil egga, ha plommer og kvitar i kvar sine skåler.

  • Bland alt det andre til ei tjukk røre saman med plommene…

  • … bortsett frå saltet, som du har i eggekvitane

  • … som du piskar stive.

  • Så vender du kvitane inn i i røra.


Dette er gut som likar pannekaker! Særleg når han får eta sjølv. (foto: Øystein Skjæveland)Dette er gut som likar pannekaker! Særleg når han får eta sjølv. (foto: Øystein Skjæveland)

Du kan laga kakene så store du vil, men tre kaker i ei steikepanne kan vera passeleg. Når røra byrjar stivna på toppen kan du ha på det fyllet du vil, før du snur kaka.

Fyllet kan vera banan, riven sjokolade, eplemos eller kva du vil. Heime hjå meg er blåbærsyltetøy svært populært.

Og vil du vera skikkeleg amerikanar, så heller du lønnesirup over pannekaka di. Det er kjempegodt, men det vert fort litt klissete på dynetrekket…

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kefirscones


Men det finst meir frukostmat som er såpass lett å laga til at du kan gjera det medan den heldige frukost-mottakaren enno slumrar under dynene. Prøv scones med kefir:

  • 2 ½ dl sikta mjøl (kveite eller spelt)

  • 1 ½ dl sammale mjøl

  • 2 matskeier sukker

  • 1 matskei bakepulver

  • 2 matskeier kaldt smør

  • Solsikkefrø

  • 2 dl kefir


Slik gjer du:

Nysteikte scones rett frå omnen. (foto: www.kjemi.uio.no)Nysteikte scones rett frå omnen. (foto: www.kjemi.uio.no)


  • Bland saman alt det turre

  • Smuldra inn smøret

  • Hell over kefiren

  • Kna!


Lag til runde leivar som du skjer i fire, eller stikk ut runde scones med eit drikkeglas. Steik ved 225 grader i 10-15 minuttar (prøv deg fram). Her er smør og brunost på sin plass!

Eit siste tips kjem her:

Frukostmuffins med honning


Du treng:


  • 225 g sikta kveitemjøl

  • 75 g kli

  • 1 ½ ts bakepulver

  • 190 g lyse rosiner

  • 90 g usalta smør

  • 4 matskeier honning

  • 2 egg

  • 250 g yoghurt naturell


Slik gjer du:

Muffins finst i tusen variantar, dette er av det grove slaget. (foto: www.drlindbergs.no)Muffins finst i tusen variantar, dette er av det grove slaget. (foto: www.drlindbergs.no)

  • Sikt mjøl og bakepulver ned i bollen

  • Bland inn kli og rosiner

  • Varm smør og honning i ein kjele til smøret er smelta

  • Visp saman egg og yoghurt

  • Tøm alt det våte i ei fordjuping i
    mjølblandinga

  • Rør med ei metallskei, men berre til deigen er så vidt blanda. Han skal vera klumpete.


Du har alt forvarma omnen til 120 grader, no fyller du muffinsformene tre fjerdedels fulle og steikjer i 20 minuttar.

Frukostmuffins smakar godt nysteikte med smør.

God frukost!

Kjelder:

  • «

    Glade dager med den nakne kokken

    »

    , Gyldendal

  • Bladet

    «

    Ren Mat

    »

  • «

    Muffins

    »

    , Könemanns forlag


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving