Potet utan åker

Nypoteter kokte med smør, finst det noko betre? Ekstra kjekt er det om du har dyrka potetene sjølv.

Her ligg to poteter i ein stor plastpose med litt jord. Eg skal fylla på meir jord når potetene spirer. (foto: Øystein Skjæveland)Her ligg to poteter i ein stor plastpose med litt jord. Eg skal fylla på meir jord når potetene spirer. (foto: Øystein Skjæveland)

Men det er framleis vinter, alt for tidleg å tenkja på slikt no? Dessutan har du ingen potetåker, seier du?

Vent litt med innvendingane, så skal du få eit par tips her. Både til korleis du kan starta potetsesongen ekstra tidleg, og korleis du kan greia deg utan ein tradisjonell åker.

Potet i pose


I år har eg prøvd noko eg såg i ei gamal svensk bok, under overskrifta «Annorlunda färskpotatis». Oppskrifta er slik:

  • Legg ei potet i ein plastpose med litt jord i. Fyll på med jord ettersom stengelen veks oppover (dette skal gje ekstra mange poteter).
  • Lat posane stå frostfritt inne, og når det vert varmare kan dei stå ute om dagen. Når det kjem grøne blad må plantane ha mykje lys.


Korleis går det, tru?


Verdt å prøva. Så eg fann fram 15 fine poteter, la i plastposar med jord og sette i kjellaren.

Om nokre månader

Har du bildekk til overs, har du også ein halvferdig potetåker. (foto: Andy Langford, www.aranyagardens.co.uk)Har du bildekk til overs, har du også ein halvferdig potetåker. (foto: Andy Langford, www.aranyagardens.co.uk)

får eg vita om denne metoden har noko for seg, då skal eg rapportera her i Neste Klikk. Kanhenda finn eg nokre fine potet-oppskrifter òg?


Fylte bildekk


Ein liknande måte å skaffa seg eigne poteter på er å bruka bildekk. Men då bør ein venta til det er litt varmare i vêret, ettersom det er vrient å flytta på tunge bildekk med jord i.

  • Du fyller altså eit bildekk godt med jord, og legg nokre poteter i midten før du fyller jord oppå. Når potetene er komne i god vekst, legg du på eit nytt dekk og fyller på med ny jord.
  • Opptil 3-4 dekk høg kan denne «åkeren» verta. Når sola skin vert dei svarte dekka gode og varme, og det trivst potetene med.
  • Hugs på å vatna godt. Og når du vil eta potetene, er det berre å plukka dekk-åkeren frå kvarandre frå toppen…


Lat spaden stå


Dersom du er lei av å slå plenen heile sommaren gjennom, kan du gjera også denne om til potetåker. Men utan å grava og få vondt i ryggen.

Prøv dette:

  • Dekk graset med tjukk papp eller gjennomfukta aviser.

  • Legg potetene rett på bakken, gjennom hol i pappen eller avisene. Så dekkjer du alt med eit tjukt lag med halm, gamalt høy eller liknande.

Reine og fine poteter


Potetplanta har også fine blomar! Her ser du «Kerr's pink». (foto: web.ukonline.co.uk/suttonelms)Potetplanta har også fine blomar! Her ser du «Kerr's pink». (foto: web.ukonline.co.uk/suttonelms)

Etter ei stund kjem potetriset opp av halmen. Nokre månader seinare kan du grava til sides halmen og papir, og der ligg nypotetene, reine og fine oppå jorda (dersom alt går bra, då).


Gro med lys


Same kva metode du brukar, potetene vil alltid veksa betre dersom dei har fått spira på førehand. Vel ut fine poteter, legg dei i ein open kasse og set dei i eit kjøleg rom med sterkt lys.

Dette kan du gjera 4-8 veker før du skal setja potetene. Då lagar potetene røter og groar til stenglar. Groane skal vera korte og tjukke, ikkje lange og tynne.


Les meir på nettet:

  • Mykje rart om potet finn du her

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy