Torghandel utan omvegar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er best å kjøpa grønsakene rett frå han som har dyrka dei og han kjem snart til eit torg nær deg!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du handla på torget og opplevd at seljaren vert flakkande i blikket når du spør kor denne poteta er dyrka eller kor lenge pølsa er røykt?

Utvalet på bondetorget er stort. Her er det hokkaido-graskar å få kjøpa. (foto: Bondens Marked, Kristiansand)Utvalet på bondetorget er stort. Her er det hokkaido-graskar å få kjøpa. (foto: Bondens Marked, Kristiansand)


Då er det neppe produsenten sjølv du har snakka med.

Men slik treng det ikkje vera. Dei siste åra har bønder over heile landet gått saman om eigne torgdagar der kunden på ny skal få handla med dei som verkeleg har laga varene.

Bonden sjølv


Organisasjonen «Bondens Marked» kom i gang for eit par-tre år sidan, og held no eigne torgdagar i heile 20 norske byar. Her får ikkje kven som helst vera med, nålauga er at dei skal ha dyrka eller foredla varene sjølve.

Hermetiske plommer er ei populær vare på torget. (foto: Bondens Marknad, Bergen)Hermetiske plommer er ei populær vare på torget. (foto: Bondens Marknad, Bergen)



Det vil seia at dersom dei ikkje direkte har produsert råvarene, skal dei i alle fall ha sylta, ysta, speka, turka, grava, røykt eller på andre måtar vidareforedla varene dei sel.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Urter og lefser


Varespekteret er vidt: Her får du både ost, flatbrød, syltetøy, fleskeskinker, pølser, grønsaker, potet, urter, blomar, fisk, lefser, honning og mykje meir. Ja til og med eigenprodusert iskrem og sjokolade. I tillegg er det ofte ein kaffikopp å få kjøpa seg også.

Vareutvalet varierer med årstidene og frå stad til stad, naturleg nok. Det er også ulikt kor ofte torgbøndene samlast i dei ulike byane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fredag og laurdag


På bondetorget treffer du produsenten sjølv. Her er saft, geitost og pinnekjøt på torget i Bergen. (foto: Bondens Marknad, Bergen)På bondetorget treffer du produsenten sjølv. Her er saft, geitost og pinnekjøt på torget i Bergen. (foto: Bondens Marknad, Bergen)

I Bergen er til dømes «Bondens Marknad» siste helga i kvar månad, og kan samla opptil 30-35 produsentar på det meste. Andre stader er marknadene vera konsentrert om sommarhalvåret. Fredag og laurdag er dei vanlegaste marknadsdagane.

Kortreist mat er pop


Desse nye torgdagane har slege godt an hjå publikum, og byrjar å etablera seg som eit fast innslag i bybiletet mange stader.

I Bergen går marknadene heile året. Biletet frå Butikken på Norheim frå Voss sin stand på julemarknaden i 2005. (foto: Bondens Marknad, Bergen)I Bergen går marknadene heile året. Biletet frå Butikken på Norheim frå Voss sin stand på julemarknaden i 2005. (foto: Bondens Marknad, Bergen)

Dette kan ein sjå som ein del av eit større bilete der småskala matproduksjon og kortreist mat no seglar opp som eit alternativ til masseprodusert mat frå dei store kjedene.









Les meir på nettet:


  • Datoar for torgdagane og oversyn over produkt finn du på heimesida til Bondens Marked

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving