Meny

Fisk som snøggmat

Ungdom er ikkje like glad i fisk som vaksne. Er dette kulturelt betinga og er det forskjell på by og land?

(Foto: saveursdumonde.net)(Foto: saveursdumonde.net)

Fiskeriforskning i Tromsø er i gang med ei gransking om ungdoms smak, haldningar, interesse og forbruk av fisk og fiskeprodukt. Dette er ein del av det europeiske forskingsprogrammet SEAFOODplus. Granskinga skal også finne ut om det er andre preferansar i så pass ulike land som Noreg og Spania.

Kravet om «snøggmat» er stadig aukande i vestlege land. Sjømatindustrien er ikkje like aktiv i denne utviklinga som mange andre matvareprodusentar.

I denne granskinga vert det nytta fiskeburgar, ettersom burgar i utgangspunktet er eit produkt ungdom er kjent med. Tre vidaregåande skular i Troms med totalt 400 elevar og foreldre er med. Ei gruppe med elevar har ete fiskeburgar i skulekantina, ei anna har fått det servert heime. Slik kan ein mellom anna finne ut om «settinga» avgjer preferansar og haldningar hos ungdommane.

Resultata frå den norske granskinga er venta å vere ferdig i mai/juni. I løpet av våren 2006 tek forskarane sikte på å gjennomføre ein tilsvarande test i Spania. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus