Bli super - bak brød!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du bakt brød nokon gong? Det er deilig å bake, ein føler seg som ei ekte gamaldags kjerring av beste merke.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Brød treng ikkje sjå kjedelege ut. (Foto: threekidcircus.com)Brød treng ikkje sjå kjedelege ut. (Foto: threekidcircus.com)

Eg veit ikkje kvifor eg ikkje baker brød oftare. Ein grunn kan vere at brøddeig er veldig klissete, og at ein derfor må bruke ein del tid på å vaske både seg sjølv, reiskap og bord etter at ein har bakt ferdig.

Bortsett frå dette eine, finst det ikkje noko negativt å seie om brødbaking.

Positive ting er det i fleng: Brødbaking er koseleg, det er sunt, heimebakt brød er som oftast betre enn kjøpebrød, det er meir haldbart, og ein får høve til å framstå som superkvinne eller supermann.

Bli super og få merksemd


Det er sant, alle blir imponerte når ein fortel at ein har bakt brød. (Med unntak av dei ekte superkvinnene og supermennene, dei som har bakt kvar veke i alle år og nesten ikkje veit at det går an å kjøpe brød på butikken).

Vanleg, velsmakande og imponerande brød. (Foto:europa.eu.int )Vanleg, velsmakande og imponerande brød. (Foto:europa.eu.int )

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Her er oppskrifta på korleis DU kan framstå som ei(n) super mor/far/kjærast/
kone/mann:

Grunnprinsipp


For å bake brød treng du ikkje noko anna enn mjøl, vatn og gjær. Du kan godt ha litt salt i deigen. Litt søtstoff, som honning, sukker eller sirup er også mykje brukt.


Mjøl


Kva mjøl skal du bruke? Kveitemjøl har gode bakeeigenskapar, så det kan gjerne vere kanskje 40 % av deigen.

Viss du er allergisk eller ikkje vil bruke kveitemjøl, kan du bruke spelt. Resten av mjølet kan vere kva som helst, du kan bruke for eksempel sammalt kveite, kveite heilkorn, kli, havregryn, rug, bygg, eller det du måtte ha i skapet eller finne i butikken.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gjær


Gjær er enkelt. Tørrgjær kan blandast direkte i mjølet. Rør det inn i mjølblandinga før du set til væske. Eg bruker ein pakke tørrgjær til ein ganske stor brøddeig (tre store brød). Ein kan bruke veldig lite gjær, men då må deigen heve ganske lenge. Viss du bruker fersk gjær, kan du smelte den med å røre den ut i ei halv teskjei salt, før du blandar den inn i væska.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Væske


Væska du bruker til brøddeigen din må vere ca 37 grader. Det gjeld for

Jo fleire bakstekjerringar, jo koselegare. (Foto: fletcher1.freeserve.co.uk )Jo fleire bakstekjerringar, jo koselegare. (Foto: fletcher1.freeserve.co.uk )

tørrgjær og. Du kan godt ha ein surmjølksskvett oppi, elles er vatn heilt bra. Olje kan du og ha i væska, då blir brøda litt saftigare. Eg måler ikkje kor mykje eg har oppi, eg rører væska i til det ser passeleg ut.

Blandingsforhold

Ta deigen ut av bollen og bruk hendene til å kna han saman på benken. Ta i meir væske eller meir mel til han let seg kna til ein klump som heng saman.

Assistent


Det er veldig kjekt å ha ein assistent under denne prosessen. Assistenten kan seie om han/ho synest det ser ut som det er for mykje mel eller vatn, og hente meir mel eller vatn og helle oppi.

Du sjølv har nemlig fingrane fulle av klissete deig, og då blir det deig på melposen viss du skal gjere det sjølv. Assistenten kan også ta telefonen dersom han skulle finne på å ringe, og halde unna eventuelle katter og andre nysgjerrige som måtte befinne seg i nærleiken.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det går fint å bake brød utan assistent, du kan for eksempel la vere å ta telefonen, lukke igjen døra til kjøkkenet så ingen kattar kjem inn, og leve med litt deigkliss på melposen. Men det er praktisk og hyggjeleg med ein assistent, og han/ ho kan også kome med ytringar som «å, kor flink du er!».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Heving


Når du har ein passeleg deig, set du han til heving på ein lun plass (til dømes på varmekablane på badet, eller foran omnen), og så er det berre å vente til han er omlag dobbelt så stor som han var. Legg ein plastpose eller ein kjøkkenhåndduk over bakebollen under hevinga.

Baking


Du kan godt kna brøddeigen litt ekstra før du rullar ut brøda. Del deigen opp i passelege emner, og form dei til brød. Det er gjort på ein-to-tre.

Steiking


Legg brøda på ei smurt omnsplate, eller i smurte brødformer. Der skal dei heve ei stund igjen, ein halv time kanskje, og så steiker du dei i 45 minutt eller til dei er ferdige på 225 grader. Avkjøl dei på ei rist med ein kjøkkenhåndduk over.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eting


Etter litt avkjøling er det berre å setje i gong å ete. Nybakt brød med smør og brunost, for eksempel. Finst det noko betre?


PS:

Viss nokon har negative assosiasjonar til ordet «kjerring», kan eg fortelje at i Nordnoreg, der eg kjem frå, er kjerring eit honnørord som blir brukt om særs kjekke, duglege og flinke kvinner som fiksar det meste.


Les meir på nettet:

  • Bakaren svarer deg hos Godt Brød

  • Godt Brød har også generelle baketips

  • Her er også nokre brødoppskrifter, med mål for den som den som vil ha det litt meir nøyaktig

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving