Konfliktfylt attrå etter sjokolade

Artikkelen fortsetter under annonsen

Spanske forskarar har studert dei kjenslemessige reaksjonane hos ei gruppe kvinner med såkalla chokoholisme - det vil seia ekstremt attrå etter sjokolade.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: live4fun.blog.hr)(Ill: live4fun.blog.hr)

(NPK): Kvinnene vart testa medan dei såg på lysbilete som enten synte lekker sjokolade eller noko heilt anna.

For kvart bilete skulle forsøkspersonane opplyse om kor sterkt bileta verka på dei kjenslemessig, og om kjenslene var negative eller positive.

Det var puls og blunkerefleksar som vart målt. Synet av sjokolade verka naturleg nok sterkt på denne gruppa, men det interessante var at reaksjonane slo ut i to retningar.

Pulsen gjekk saktare ved synet av sjokolade, men blunkerefleksen raskare.

Forskarane hadde venta at også blunkerefleksen skulle bli rolegare, og konkluderer med at det som særleg plagar chokoholikarane i det daglege er ei konflikt i synet av sjokolade.

Ei konflikt mellom negative og positive kjensler som er vanskeleg å styre, og som set chokoholikarane ut av fatning ved synet av ei eske konfekt. Undersøkinga blir omtala i Tidsskrift for Norsk Psykologforening. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving