Kva er (4): Rar mat med karri
Men det vi kjenner som karri, består av mange ulike ingrediensar som kanel, koriander, spisskarve, gurkemeie, pepper, kardemomme, ingefær, muskat og nellik.
Denne blandinga er ei av de vanlegste krydderblandingane i verda.
Som krydder er nok karri mest forbundne med indisk mat. Men ta noko så heilnorsk som fiskebollar i kvit saus, til dømes.
Krydra med karri blir det ein heilt annan rett enn utgangspunktet, og skikkelig kvesst og godt er det.
For nokre år sidan kom eg over ei oppskrift som har blitt ein skikkeleg højdare i heimen: Ristaffel med karrisaus er snaddermat som pirrar mange sansar med sine fine fargar og mange ulike smakar.
Berre så det er sagt: Meir enn ein middagsgjest har vore særdeles skeptisk når dei har høyrt kva retten inneheld, men utan unnatak har dei vore skikkeleg fornøgde etter å ha prøvd. Så la meg presentere:
RISTAFFEL MED KARRISAUS
Kok ris til så mange personar som de er. Mens risen kokar, må du lage saus og hakke opp dei andre ingrediensane:
Til å ha i små skåler:
Hakka sylteagurk (kalde)
Hakka rødbeter (kalde)
Hakka og lettsteikt lauk (varmt)
Kokte egg i båtar (varmt)
Steikte baconbitar (varmt)
Småskoren salami eller fårepølse (kaldt)
Riven ost (kald)
Persille, anten fersk eller tørka (kaldt)
Karrisaus:
2 ss smør smeltast i ei gryte.
Rør inn 1 ss karri og 2 ss mjøl.
Spe med 5 dl vatn med buljongterning. oppi og kok forsiktig i 3-4 minutt.
Ha i 2 dl fløte eller fløtemjølk og kok 1 minutt til. Smak til med salt og litt sukker
Ha ev i meir karri viss du ønskjer det.
Kvar forsyner seg med ris etter ønskje. Så legg ein på litt av alt som er i dei små skålene, før ein toppar det heile med karrisausen.
Til denne deilige blandinga av surt, søtt, sterkt, kaldt og varmt smakar det godt med friskt, lyst øl.
Kva er:
Neste Klikk:
- Både nynorsk- og bokmålsutgåva av Neste Klikk har mat og drikke som eigen kategori.
ABC Startsida:
- Fakta og debattar om mat og drikke