Heilnorsk brunost frå Canada

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den gode, gamle brunosten er vel det mest særnorske av alt. Men no får han ein avleggjar i dei djupe kanadiske skogane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Pascale Baudonnel (t.h.) lærer Marie-Ève Girard (t.v.) frå Canada å laga brunost på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. (foto: Una Kolle)Pascale Baudonnel (t.h.) lærer Marie-Ève Girard (t.v.) frå Canada å laga brunost på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. (foto: Una Kolle)

Som norske bønder strir også dei kanadiske yrkesbrørne med å få endane til å møtast, og fantasien er stor for å finna nye nisjeprodukt ingen har tenkt på før.

Så også med Marie-Ève Girard frå fransktalande Quebec. Vanleg ost kunne ho ikkje prøva seg på, for det var det alt ein bonde i nabolaget som gjorde.

Brun skidronning


Men i avanserte ostediskar i Nord-Amerika kan ein få kjøpa nokre små, brune klossar som går under namnet «Ski queen». Ei eksklusiv og høgt prisa vare, som dei fleste nordmenn kjenner som heilt vanleg brunost.

-Dette kan det ikkje vera nokon andre her som lagar, tenkte Marie-Ève, og tok kontakt med den lokale representanten for Tine, som innfører «Ski queen» frå Noreg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Og slik kom ho i kontakt med oste-ekspert Pascale Baudonnel i Undredal i Sogn, tilfeldigvis også fransktalande.

Pascale har i fleire år vore ystelærar på kurs ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland, som tok utfordringa med å laga til eit spesialkurs for den læreviljuge Marie-Ève.

Vedfyrt grue


Så slik kom den 28-årige kanadiske skogsbonden midt på svarte vinteren til Aurland i Sogn for å læra å laga brunost på gamlemåten, på vedfyrt grue i eldhuset på jordbruksskulen.

Marie-Ève driv gard saman med foreldra sine og mannen, og dei har både kyr og sauer. Og det er sauemjølka som skal i brunostgryta, ei nyskaping i høve til den norske tradisjonen, som brukar mjølka frå ku og geit.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gardsbruket ligg inni dei djupe kanadiske skogane, og har store rovdyr langt tettare innpå seg enn det norske bønder må slita med. Både ulv og bjørn luskar rundt gardshusa iblant, og det er ikkje utan problem, fortel Marie-Ève.

Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland har gjennom fleire år gjort det til ein spesialitet å læra folk til å laga ost og andre mjølkeprodukt. Mange mjølkebønder snusar på denne måten å skaffa ekstrainntekter til garden på, og det er ikkje så reint få gardsysteri som er starta opp etter opplæring i Aurland.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men det er garantert fyrste gongen at skulen lagar til eit heilt ystekurs for éin person, som attpåtil har reist jorda rundt for å gå på kurset.

Er ikkje ost


Den urnorske brunosten er eigentleg ingen ost. (foto: Una Kolle)Den urnorske brunosten er eigentleg ingen ost. (foto: Una Kolle)

Brunosten er eit nokså særnorsk påfunn, og er eigentleg ingen ost i det heile.

Det er ostestoffet i mjølka som ein vanlegvis brukar til ost, og både norvegia og camembert og feta er i prinsippet laga frå det same utgangspunktet.

Når ostestoffet er fjerna frå mjølka, er det att ei væske som heiter myse, som inneheld det meste av mjølkesukkeret.

I norsk tradisjon kokar ein inn mysa til sukkeret karamelliserer seg og massen er brun og tjukk.

Men ost i eigentleg forstand er det altså ikkje.

Les meir på nettet:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving