Ut med jula

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kor lenge varer eigentleg jula? Er det nok no?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei heilage tre kongane kom visst ikkje fram til jesusbarnet før i dag. (Foto: katolsk.no)Dei heilage tre kongane kom visst ikkje fram til jesusbarnet før i dag. (Foto: katolsk.no)

I dag er det trettande dag jul, også kalla dei heilage tre kongars dag. No er det slutt på jula, og vi kan hive alle julegreiene ut. Det er sikkert mange som allereie har kvitta seg med juletre og julepynt og byrja konsentrere seg om å bryte nyttårsforsetta.

Byrja ikkje i oktober

Men eigentleg varer jula heilt til i dag. Viss du synest det verkar litt lenge, kan eg trøyste deg med at det ikkje er meininga at ho skal byrje i oktober. Fyrste juledag byrjar jula, og i dag er ho slutt. Til finalen, som til resten av juleriet, er det knytt fleire tradisjonar.


Knusing av pepparkakehus

No skal pepparkakehuset til pers! (Foto: Tine)No skal pepparkakehuset til pers! (Foto: Tine)

I dag skal dei pepparkakehusa som enno står, til pers. Det kan gjerast som ein liten dugnad, inviter ein koseleg liten gjeng. Dugnadsmaten gir seg sjølv, etinga er ein del av jobben.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kakekasting


Anten du bakte sju eller to sortar i år, har du sikkert nokre til overs. No kan fuglane få dei, eller pepperkakehus-
dugnadsgjengen, viss dei orkar. Du kan også spare dei til neste jul, men det er ikkje å anbefale.



Pakke vekk pynten

No kan du ta ned stjernene, hjarta, englane, glitteret og dei blinkande lysa, og leggje dei pent ned i eskene sine på ein lur plass du kan leite etter i desember.

Heilage tre kongars-lys kan du brenne i dag. Med eller utan salutt.Heilage tre kongars-lys kan du brenne i dag. Med eller utan salutt.

Då ein byrja med juletre i Noreg, på slutten av 1800-talet, blei trea pynta mest med ting ein kunne ete. Det kunne vere kaker, eple, appelsinar, godter og nøtter i kurvar. På trettandedagen åt ein opp alt saman.

Ut med treet


Sleng ut treet, og støvsug opp alle nålene.

Juleslutt-salutt


Eit trearma lys blir også kalla heilage tre kongars-lys. Eit trearma lys blei før i tida brent for å markere juleslutten.

Det har også vore tradisjon å ha ein liten julesluttsalutt, ein la krutt i skøyten mellom lysa, så når dei tre armane var brent ned, small det, og jula var endeleg over.


  • Enkelte meiner at jula varer til 20. dag jul, altså heilt til den 13. januar. Dei om det.

  • Det finst også nokon som meiner at jula varer heilt til påske.

  • Dei heilage tre kongane sin dag blir feira fleire stader og på ymse vis. For eksempel i Hølen, der forfattaren Tor-Åge Bringsværd bur.

ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving