Den verste julegåva nokosinne
Vi spurde ei rekkje personar om dei verste julegåvene dei hadde fått nokosinne. Her serverer vi eit knippe skrekkhistorier frå dei tusen heimar.
Janne (30)
- Eg har ei tante som kontinuerleg har gitt meg totalt upassande gåver gjennom heile oppveksten. Når eg seier «upassande», er det fordi dei aldri passa meg. Veit ikkje heilt kva ei 12 år gammal jente skal med ein strikkegenser i eit grusomt mønster i størrelse XL, liksom.
- Eg har også ei venninne som fekk strømpeband av det meir sexy slaget av fetteren sin. Det var visst også litt kleint.
Kjersti (40)
- Mor og eg var på ei julemesse eit år. Ved eit av borda sto ei dame og selde nokre skrekkelege skulpturar, sett med mine auger. Mor spurde om eg kunne tenkt meg ein av dei til jul, dei var jo så fine... Eg sa tydeleg frå at det kunne eg ikkje. Og for å vera på den sikre sida, gjentok eg i noko sterkare ordelag kva eg meinte då ikkje seljaren lenger kunne høyra meg.
- Gjett kva eg fekk til jul av mor det året? Jo då, ein av dei skrekkelege! Og som den utakknemlege dottera eg er, lurte eg på kvifor ho i det heile tatt spurde om meininga mi, all den tid ho hadde tenkt å gi meg ein presang ho burde skjøna at eg ikkje ville lika uansett. Kan ikkje hugsa eg fekk noko tilfredstillande svar...
Knut (27)
- Eg fekk eit år ein ladyshaver til jul. Onkelen min hadde kome over eit fantastisk tilbod der ein fekk rabatt dersom ein kjøpte over fem på ein gong.
Petter (31)
- Eg har ingen sjølvopplevte skrekkhistorier, men eg veit om vaksne jenter i gifteklar alder som har fått babydokker med dertilhøyrande klede frå foreldra sine. Det kan ikkje
vere noko særleg.
Kemi (35)
- For meg er den verste julegåva pengar, særleg frå familiemedlemmar, det verkar som dei seier: «Eg veit ikkje kva du likar eller vil ha, så du får berre ordne det sjølv».
Ragnhild (70)
- Den verste julegåva? Trur det må vera den som mine 4 håpefulle spleisa på ein gong for lenge sidan; nemleg ei LP-plate med Tore Skogmann. Ingenting gale med mannen, eg har berre aldri hatt sansen for hans musikk og vesen. Korleis kunne ungane mine ha fått for seg at dette måtte vera midt i blinken for mor? Eg takka «begeistra» og heldt tankane mine for meg sjøl i årevis, men har fortalt det no. Håpar ikkje Tore Skogmann les dette, eg vil ikkje mannen noko vondt, dette handlar om min musikksmak, ikkje om han.
Anne (29)
- Mamma fekk ein gong herretruser av mor si. Ho blei kjempeflau og fornærma. Mora berre lo og lo og syntest det var kjempegøy.
- Det verste eg har fått sjølv er vel kanskje grusomme klær. Og sånn er det kvart år. Eg veit ikkje korleis eg skal få sagt at eg ikkje går med sløyfer og blonder. Det er ikkje heilt min stil! Kan ikkje folk berre sjå kva eg pleier å gå med til vanleg? Når så dei meg sist pynta som eit juletre? Eller smykke! Parfyme! Kvifor skal ein få det berre fordi ein er jente?
Hans (33)
- Eit år fekk eg ein nisse frå Hadeland glassverk, det var ille (alt som har med julepynt er for meg det tristaste eg kan tenkje meg). Då eg var mindre fekk eg også ei bok om juleevangeliet og jesusbarnet. Det finst mange bøker og cd-ar eg ikkje vil ha til jul. Trur eg kasta den plata med alle julesongane radbrukne på panfløyte.
Camilla (30)
- Eg er ein vanskeleg person å gi julegave til, eg har fleire eksempel.
- Den verste julegåva eg har fått er ein ubrukt filmrull, som ikke en gang passa inn i kameaet mitt. Underleg påfunn!
- Eller den gongen eg fekk den stygge koppen med tilhøyrande fruktsuppe. Eg mistenkjer at det var firmagåva venninna mi ikkje ville ha sjølv. Gåva blei donert til Fretex allereie 3. juledag.
- Samme person ga meg ei terakottakrukke, to stålknaggar og ein pose supersyntetiske drops ei anna jul. Eg hatar syntetisk godteri, så det fall ikkje i god jord. Dessutan, kvifor gje terrakottakrukker til nokon som reiser lange vegar for å feire jul?
Heidi (30)
- Den verste gåva eg har fått var ein heimestrikka genser frå bestemor. Eg var vel ein 15-16, og det var i den store pastellperioden. Og her får eg ein genser med julerøde armar og brot, og ein bol med ei utroleg blanding av restegarnstriper i dei verste fargane du kunne tenkje deg på den tida.
- Eg ramsar opp: mørkebrun, knallorange, lysande turkis, skarpt gult osv. Lykka var stor då det viste seg at han var 4 nummer for liten. Genseren fekk liggje i skapet eit år eller to, før den vart donert til ein loppemarknad saman med ein kasse dukkeklede...
Eivind (37)
- Eit utroleg billeg vinopnarsett som var vesentleg dårlegare enn det jeg allereie hadde, der avsendaren påpeikte at det var billeg.
Ida Sofie (28)
- Eg hugsar godt den verste julegåva eg har fått i mitt liv. Då eg var lita, fekk eg og systera mi alltid det same til jul, berre med forskjellige fargar. Denne jula fekk vi nattkjoler.
- Eg var 13 eller 14 år og rosa var for småungar. Systera mi sin nattkjole var fin og gul, mens eg fekk ein søtrosa nattkjole. Eg blei dødeleg fornærma.
- Eg hugsar også andre gåver som blei slengt i golvet fordi dei hadde feil farge. Ikkje lett å vere systrer, og jammen ikkje lett å vere nisse.
Ellen (42)
- Eg fekk ein gong ein nattkjole av mannen min, med ein stor gris på. Foran hadde grisen påsydde øyre som hang ned utanpå kjolen, og bak hadde han hale. Veldig festleg, altså.
Toyni (36)
- Eg såg ein gong på TV ei dame som fekk ein pakke med eingongs-vaskefiller til jul av mannen sin. Viss det hadde
vore meg, så hadde eg skilt meg frå han på flekken!
Konklusjon
Konklusjonen på det heile må bli at smaken er som baken, og, som Ida Sofie sa, det neimen ikkje er lett å vere nisse. Heldigvis er det dessutan nesten eit heilt år til neste gong.
PS:
Nokre namn er pseudonym, av omsyn til kjenslege gjevarar.
ABC Startsida:
Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving