Fem-minutts champagnekurs!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ta Neste Klikk sitt 5 minutts champagnekurs og gå inn i det nye året med stil.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Pleasure without Champagne is purely artificial» Oscar Wilde

«Eg drikk stjerner», skal benediktinarmunken Dom Perignon ha sagt første gongen han fekk champagnen ordentleg til. (Foto: heartfeltgiftbaskets.com)«Eg drikk stjerner», skal benediktinarmunken Dom Perignon ha sagt første gongen han fekk champagnen ordentleg til. (Foto: heartfeltgiftbaskets.com)

Kjøp


Dyrt eller billig, det er neppe prisen på champagnen som avgjer om nyttårsaftan blir ein suksess eller ikkje. Kanskje kan det vere ein ide å sjekke ut matspaltene for å finne gode tips og terningkast.

Du skal og vere klar over at Vinmonopolet sender deg varer viss du bur i utkantstrok, sjølv om det kanskje er i det seinaste for dette årets nyttårsfeiring.

Kjøl


Før champagnen skal nytast, må han kjølast rett ned. Den ultimate temperaturen for champagne er 6-7 grader celsius. For å oppnå dette, kan du gjere eitt av to:

Anten: Ein halvtime før champagnen skal opnast sett du han i ein kjølar og fyller på like delar vatn og is.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eller: La flaska stå i kjøleskapet i 3-4 timar.
Fall aldri for freistinga å panikkavkjøle champagnen i frysaren. Det skal i følgje våre kjelder kunne øydeleggje både smak og bobler.

«Champagne og appelsinjuice er ein fantastisk drikk. Appelsinen forbetrar champagnen. Champagnen forbetrar definitivt appelsinen.» Philip, Duke of Edinburgh

Hugs slanke glas til champagnen! (Foto: cs.vu.nl)Hugs slanke glas til champagnen! (Foto: cs.vu.nl)

Glas


Champagneglas skal vere høge og smale eller tulipanforma. Forma på glaset er avgjerande for at boblene skal flyte fint opp på toppen.

Krystall er også betre enn vanleg glas, då får du fleire bobler. Ikkje kjøl ned glasa på førehand, det stel berre smak frå champagnen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Opne


Det er kanskje morosamt å rista flaska godt før ein sender korken som ein prosjektil gjennom rommet, men vidare stilfullt er det ikkje. Den korrekte måten å gjere dette på, er i følgje IntoWine å halde flaska i ein 45 graders vinkel og så bruke tommelen til å smyge korken ut.

«Eg døyr som eg levde, over evne.» Oscar Wilde sin siste skål, då han låg dødssjuk og fattig i ein seng i Paris og vart bydt eit glas champagne.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Viss alt går som det skal, så er det berre fyrverkeriet som skal smelle ved midnatt. (Foto: omeath.net)Viss alt går som det skal, så er det berre fyrverkeriet som skal smelle ved midnatt. (Foto: omeath.net)

Server


Viss ein no har fått korken fint av, så skal det faktisk vere champagne att i flaska. Då er det berre å slå oppi. Skjønt, det er heller ikkje berre berre.

Det beste er å tømme ein tredjedel av den mengda du ønskjer å spandere oppi kvart einskild glas. Så skal du etterfylle dei neste to tredjedelane.

Drikk


Ja, det var det, då. Det er vel her den riktig store utfordringa kjem. Champagne skal ein drikke fint og roleg av ( men ikkje for roleg, ingen likar vel daud champagne).

Skåle fint til høgre og venstre bør ein gjere. Eitt par-tre glas champagne er truleg meir enn nok for ein kveld.

«Somme folk ønskte seg champagne og kaviar, når det dei skulle hatt var øl og pølse.» Dwight D. Eisenhower

Takk for det gamle! (Foto: Las Vegas NYE)Takk for det gamle! (Foto: Las Vegas NYE)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eller


Okei, du kjenner kanskje koss det klør og verkar av utålmodigheit og irritasjon etter å ha lese dette. Då er du truleg ikkje interessert i å korkje servere eller drikke champagne med stil. Her kjem eit lynkurs for deg:

Kjøp, rist, rist litt til, sikt på den nyttårsgjesten du likar minst og trekk av, set flaska mot din eigen kjeft og la det stå til, sprut boblar ut av nasen før du tenner deg ein feit sigar. Godt nyttår!

«I wish I could drink like a lady / I can take one or two at the most / Three and I'm under the table / Four and I'm under the host.» Dorothy parker

(Kjelder: IntoWine, About.com, Quoteland, Quotations Page)

Neste Klikk:


Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving