Julegåvekalender: 21. desember

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva ønskjer du deg til jul? Neste Klikk spør ein person kvar dag kva ho/han ønskjer seg. I dag spør vi Trond, han veit kva han vil ha.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Trond synest det er kjekkare å lage mat når ein har kule ting å lage han med. (Foto: Johan Lindal Haug)Trond synest det er kjekkare å lage mat når ein har kule ting å lage han med. (Foto: Johan Lindal Haug)

Namn:

Trond Gundersen

Alder:

46

Yrkje:

Student

Bur:

Rena

- Kva ønskjer du deg til jul?

- Eg ønskjer meg klede, musikk, termokanne i stål, og forskjellig småplukk til å ha på kjøkkenet. Skåler i stål, og ein type tallerkar eg samlar på til dømes.

- Kvifor akkurat dette?

Trond har ikkje termokanne, så det kan han godt få til jul. (Foto: Gosh)Trond har ikkje termokanne, så det kan han godt få til jul. (Foto: Gosh)


- Nye klede og ny musikk er alltid kjekt å ha. Termokanne har eg ikkje, så det skulle eg hatt.

- Det er alltid kjekkare å laga mat når ein har litt kule ting å laga han med, så derfor ønskjer eg meg skåler i stål.

Pinnekjøt er viktig


- Kva skal du eta på julaftan?


- Då skal eg eta ribbe, innmatpølser og kjøtkaker. Eg har ikkje noko fanatisk forhold til det, men det er det eg er van med. Dessutan så må eg ein eller annan gong i løpet av romjula få pinnekjøt, det er viktig.

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving