Stell fint med juleplantene

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei raude plantene kappast om merksemda i desse førjulstider.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor

Norske gartneri produserer seks millioanar julestjerner til jul,i eit stort spekter av fargar, storleikar og variantar.(Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)Norske gartneri produserer seks millioanar julestjerner til jul,i eit stort spekter av fargar, storleikar og variantar.(Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)

(NPK): Julegleder, asalea, alpefiol, novemberkatus, amaryllis og tulipanar utgjer eit sterkt fargespekter i raudt.

Men så er spørsmålet om dei innkjøpte plantene held seg like friske og fine til jul, og helst lenger.

Julegleda er den første av alle juleplantene våre. Det var i 1891 at ein fransk gartnar kryssa to viltveksande plantar og fekk fram den lyseraude julegleda. Og mange synest at det ikkje blir skikkeleg julestemning før den er komen i hus.

Julegleda likar å ha det jamt fuktig, med regelmessig tilførsle av lunka vatn som ikkje bør bli ståande på skåla. 18-20 grader er fin temperatur, men blomstringstida kan forlengjast dersom temperaturen er noko lågare.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Seks millionar julestjerner

Men julestjerna har overteke leiinga som den mest selde av juleplantene. Seks millionar julestjerner blir produsert i norske gartneri til sal i blomsterbutikkane, viser tal frå Opplysningskontoret for blomster og planter.

Julestjerna er grei å stelle, men likar ikkje det minste frost, og reagerer med å kaste blad. Planta held best på fargeintensiteten når ho står lyst. Ho kan godt tørke opp mellom kvar vatning, men må ikkje tørke ut.

Asalea, alpefiol og kaktus

Asaleaen vil ha det lyst, men ikkje direkte sollys. Planta likar best å ha det kjølig, og må ikkje tørke ut. I blomstringstida trengst rikeleg vatn, og asaleaen kan dusjast. I blant bør asaleaen senkast ned i ei bøtte med lunka vatn får å bli skikkeleg gjennomvatna.

Også alpefiolen vil ha det kjølig, cirka 16-18 grader. Det er viktig å ta bort visne blad og blomster; stilkene også, elles kan planta rotne. Den vakre alpefiolen vil ha mykje vatn, men ikkje på skåla. Dersom det tidleg kjem gule blad, kan årsaka vera for mykje eller for kaldt vatn. Alpefiolen kan dusjast, men ikkje i blomstringstida.

Novemberkaktusen vil heller ikkje ha vatn på skåla, men vatnast med moderat lunka vatn, og toler godt ei lita uttørking mellom vassbingane. Plukk av blomane etter kvart som dei visnar, slik at planta slepp å bruke unødig energi på å setja frø. Novemberkaktusen skal ha så mykje lys som mogleg, men ikkje direkte sollys.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Laukplanter

Dei siste åra har det kome mengder av tulipanar til jul. Ved innkjøp bør tulipanane ha ein godt utvikla knopp der ein kan sjå farga på blomen. Ta av papiret, men lat plasten vera på dei første timane. Snitt tulipanane rett over, helst under rennande vatn. Lat dei stå kjølig i rein vase med lunka vatn dei første timane, ta av plasten og set dei i kaldt vatn. Ha gjerne i middel som er meint for å halde lenger på laukplanter, og let tulipanane stå kjølig om natta.

Amaryllis er flotte liljelaukar som skal vatnast forsiktig når dei står i potte. Jorda kan tørke opp mellom vassbingane. Veksten blir regulert av vatn og temperatur, og kan stoppast ved å minske på vatninga og å setja planta kjølig. Svibelen bør også vatnast varsamt, og blomstrar lenger dersom planta står kjølig om nettene. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving