Julegåvekalender: 5. desember

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva ønskjer du deg til jul? Neste Klikk spør ein person kvar dag kva ho/han ønskjer seg. Espen har gløymt heile Jesusbarnet til fordel for eit anna barn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Espen Endresen har gløymt å tenkje på kva han skal ete på julaftan. (Foto: Privat)Espen Endresen har gløymt å tenkje på kva han skal ete på julaftan. (Foto: Privat)

Namn:

Espen Endresen.



Alder:

31 år.


Yrkje:

Miljøarbeidar.


Bur:

I Bergen.

- Kva ønskjer du deg til jul, Espen?

- Sambuaren min og eg ventar barn rett før jul, så det einaste eg ønskjer meg i år er at barnet kjem vel til verda og at alt går bra med fødselen, både for barnet og mora.

- Terminen er den 11. desember, så eg håpar ho kjem før jul.

Inni kjærasten Vibeke sin mage er det Espen ønskjer seg til jul. (Foto: Privat)Inni kjærasten Vibeke sin mage er det Espen ønskjer seg til jul. (Foto: Privat)


Julematen


- Kva skal du ete på julaftan?

- Å, det er bra du spør, for det har eg ikkje tenkt på i det heile! Viss barnet er kome, vil ho sikkert ha pupp. For oss andre blir det vel ribbe og lutefisk kan eg tenkje meg.

- Eg har sett alt som har med jula å gjere i ein stor parantes på grunn av fødselen. Jesu fødsel kjem liksom heilt i skuggen...


ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving