Mat og drikke for karar i kilt

Artikkelen fortsetter under annonsen

I går var det ein slags nasjonaldag i Skotland. Den kallast St. Andrews Day og er til minne om ein helgen ved namn Andrew.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skotland høyrer til Storbritannia, men har eit eige flagg. (Foto: link2exports.co.uk)Skotland høyrer til Storbritannia, men har eit eige flagg. (Foto: link2exports.co.uk)

St. Andrew er Skotland sin skytshelgen. Han vart truleg korsfesta av romarane, og det skotske flaget, som er eit kvitt kryss på blå botn, symboliserer nettopp Andrew sitt kors.

Det skotske flagget, som vert kalla Saltire, er faktisk eit av dei eldste flagga som er i bruk i verda i dag.


Gamalt kongedøme


Skotland vart eit kongerike i 843, men har sidan 1707 vore ein del av Storbritannia. Det å høyre til England har ikkje alltid vore like populær, men tilstanden mellom Skotland og England har vore langt meir fredfull i vår tid enn forholdet har vore mellom Irland og England.

Skotland har såleis ingen eigen nasjonaldag, men i delar av Skotland vert det arbeidd for at 30. november skal få status som skotsk nasjonaldag.

Typisk skotsk: Shortbread. (Foto: images.scotsman.com)Typisk skotsk: Shortbread. (Foto: images.scotsman.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Brød og whisky


For å ære våre naboar i sørvest, skal me i dag servere to typiske skotske oppskrifter. Ikkje haggis, det er nok meir ein rett for vidarekomne. I staden byr me på shortbread (som er ein slags kjeks) og drinken Rob Roy. Skål og lykke til!


Shortbread:



180 ml kveitemjøl
120 ml smør
60 ml sukker
2 ss maismjøl

Rør smør og sukker kvitt. Sikt i mjøl og maismjøl og rør godt saman. Legg deigen på eit bord, pass på at du har mjøl på bordet. Trill deigen til ei pølse som er om lag 2 cm tjukk. Du kan skjære pølsa opp i små sirklar og lage mange små kaker, eller du kan kjevle han ut til ein runding som du steiker heil og skjer opp når han er ferdig steikt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Drinken Rob Roy er kalla opp etter ein skotsk folkehelt. (Foto: drinkstreet.com)Drinken Rob Roy er kalla opp etter ein skotsk folkehelt. (Foto: drinkstreet.com)

Prikk kaka/kakene med ein gaffel før du steikjer dei.

Legg kaka/kakene på eit steikjebrett og steik i 30 minutt med 200 grader. Shortbread skal vere lyse og sprø.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rob Roy


2-3 isbitar
3 delar skotsk whisky
3 delar raud vermuth
Angostura bitter (blandevatn, spør etter det i butikken din)
1 koktailbær

Ha whisky, vermouth og bitter i eit mikseglas og bland godt.
Sil drinken rett i avkjølte drikkeglas og slepp bæret oppi.

Kjelder: Wikipedia , Recipes4us , Rampantscotland

Neste Klikk:


Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk: Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving