Julegåvekalender: 1. desember

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva ønskjer du deg til jul? Neste Klikk spør ein person kvar dag kva ho/han ønskjer seg. Kanskje du finn nokre tips til kva du skal leggje under treet?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rannveig Mietinen Bjørkås ønskjer seg ein iPod til jul, men trur ikkje ho får det. (Foto: Privat)Rannveig Mietinen Bjørkås ønskjer seg ein iPod til jul, men trur ikkje ho får det. (Foto: Privat)

Namn:

Rannveig Mietinen Bjørkås.


Alder:

35 år.


Yrkje:

Grafisk designar og bibliotekar.


Bur:

I Vadsø.

- Kva ønskjer du deg til jul, Rannveig?

- Eg ønskjer meg ein iPod. Men eg trur ikkje nokon har råd til å gje meg det, for det kostar vel fleire tusen kroner.


Simple Living


- Kvifor ønskjer du deg ein iPod då?


- Eg har lyst til å få cd-ane ut av stova! Eg har tre skuffer fulle av cd-ar. Eg vil ha all musikken inn på denne dingsen, det kan kanskje vere eit lite skritt i retning Simple Living.

- Skal du selje alle cd-ane då?

Den dyraste iPoden er nokså dyr. (Foto: Apple)Den dyraste iPoden er nokså dyr. (Foto: Apple)


- Nei, kanskje eg berre skal pakke dei bort i esker.

Julematen


- Kva skal du ete på julaftan?

- Det blir pinnekjøt, som alltid. For meg vert det ikkje jul utan pinnekjøt. Pinnekjøtet er dessutan forbode andre dagar i året, eller, det kan til naud aksepterast på nyttårsaftan.

- Eg skal feire jul saman med mann og barn, syskena og svigersyskena mine, og det er fleire meiningar om kva ein absolutt må ete på julaftan. Så det blir nok finsk juleskinke og ribbe på menyen i tillegg til pinnekjøtet.



Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving