Ein kald ein

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kobinasjonen bobler, glas og skum har gleda mange nordmenn opp gjennom tidene, ikkje minst i den tida vi sprang rundt med hjelm på hovudet og tilba Tor og Odin.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

To pilsnere i en snor, eller berre ein på bordet.To pilsnere i en snor, eller berre ein på bordet.

Ting relatert til øl:

Ølvom:


Kjem av hyppig inntak over tid. Meir akseptert når ho heng på ein mann enn på ei kvinne.

Ikkje vakkert på nokon, men det bør kanskje likevel bli eit feministisk krav om at denne kroppsdelen er like mykje kvinneleg som mannleg.

Malt og humle:


Bestanddelar i øl. Nokre meiner dei kan kjenne stor skilnad på kor mykje det er av det eine eller det andre i ølet. Andre bryr seg ikkje, sidan øl alltid er godt likevel.

Ølkuriosa:


Det heiter seg at du kan teikne i skummet på ein Guiness (tjukt, mørkt øl), og så vil teikninga framleis vera der når du kjem til botnen av glaset. Stemmer ikkje alltid, men ølbarten du får er uansett riktig fin.

Historikk:


Ølet skal visstnok vere like gammalt som sivilisasjonen, noko som her til lands ville bety at vi ikkje burde kjenne øl som omgrep. I alle fall ikkje i helgene.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Reint historisk kan ein finne spor av øl tilbake til 6 000 år sidan, og truleg dreiv Mesopotamiarane å brygga og koste seg heile 10 000 år tilbake i tid. Her heime trudde vikingane at dei hadde Odin å takke for den brune drikken.

Fredagspilsen:


Eit fast innslag hjå mange, kan vere både med og utan C2H5OH. Kan og nyttast til hårvask.

Bruk:


Norsk tradisjonsmat er som skapt for øl, eller omvendt: Spekemat, lutefisk, pinnekjøt, komle og grandiosa smakar utmerka med øl til.

Sitat:


«Du kan ikkje vere eit verkeleg land utan at du har eit øl eller eit flyselskap. Det hjelper viss du har eit eller anna fotballag, eller nokre atomvåpen, men du må i det minste ha eit øl.» Sa Frank Zappa ein gong.


Meir om øl: