Feit mat som medisin

Artikkelen fortsetter under annonsen

At kosthaldet vårt verkar inn på helsa vår har vi visst lenge. Men at feitt er ja-mat kan overraske mange. Boka «Bedre uten brød» snur opp ned på vedtekne teoriar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Kari Hamre, NPK

Lege Wolfgang Lutz (92) har behandla mange for livsstilssjukdommar. Han meiner det ikkje er vitskapleg bevist at feittfattig kost gir betre helse. (Foto: Forlaget Lille Måne)Lege Wolfgang Lutz (92) har behandla mange for livsstilssjukdommar. Han meiner det ikkje er vitskapleg bevist at feittfattig kost gir betre helse. (Foto: Forlaget Lille Måne)

Forfattar er dr.med. Wolfgang Lutz frå Austerrike. Han er i dag 92 år og ein av pionerane innan ernæring og helse i vår tid. Den første utgåva av boka skreiv han i 1967.

No kjem det 14. opplaget og første gong i norsk språkdrakt. Bodskapen er å ete minst mogleg karbohydrat og dess meir protein og feitt.

Raffinert kosthald


Dei såkalla vestlege sivilisasjonssjukdommane - hjarte- og karsjukdom, overvekt, høgt blodtrykk, diabetes, kreft, tannråte og andre - vart i løpet av 1900-talet sterkt utbreidd i befolkninga i industriland, hovudsakleg grunna eit kosthald som inneheldt raffinerte karbohydrat, først og fremst kvitt mjøl og sukker.

Wolfgang Lutz fekk allereie i 1957 ideen om at dåtidas sivilisasjonssjukdommar kunne ha samanheng med eit kosthald som ikkje var evolusjonært grunngjeve fordi det inneheldt altfor mykje karbohydrat i form av brød, sukker og søtsaker.

Eit kosthald basert på korn og sukker var ukjent i den fleire millionar år lange evolusjonshistoria vår.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Mindre brød og sukker


Brød inneheld karbohydrat og det vil Wolfgang Lutz vi skal erstatte til fordel for meir feit mat. (Foto: Arne Olav L. Hageberg, NPK)Brød inneheld karbohydrat og det vil Wolfgang Lutz vi skal erstatte til fordel for meir feit mat. (Foto: Arne Olav L. Hageberg, NPK)

Grunna sine eigne helseproblem bestemte Lutz seg derfor for å kutte kraftig ned på inntaket av brød og sukker og heller ete meir feitt og protein.

Resultata var så overraskande at han ville vie resten av livet sitt til å hjelpe pasientar og andre til å leve meir i pakt med genane sine. Han gav pasientane sine melding om å erstatte brød, poteter, pasta og ris med meir protein og animalsk feitt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Fortare mett


Lutz meiner at det ikkje ligg føre vitskapleg grunnlag for å ete mindre feitt dersom ein ønskjer god helse. Forfattaren legg i boka fram dokumentasjon på at menneske i uminnelege tider har oppnådd god helse med eit kosthald dominert av feitt, inkludert det metta feittet.

Eit feittrikt kosthald gjer det lettare å halde seg slank, det verkar mettande og fjernar suget etter søtsaker.

Det viktigaste ernæringsrådet i «Bedre uten brød» er å avgrense inntaket av karbohydrat i kosthaldet.

Ved eit slikt opplegg vert inntaket av protein og feitt auka tilsvarande for å skape energibalanse med friske og naturlege matvarer. Rådet tek utgangspunkt i dei observasjonane som dr. Lutz gjennom 40 år som indremedisinar gjorde under behandlinga si av tusenvis av pasientar i Tyskland og Austerrike med mange ulike sjukdommar.

Boka viser korleis karbohydratfattig kosthald kan reversere, og i nokre tilfelle kurere mange ulike sjukdommar.

Eit inntak av 72 gram karbohydrat per dag er sagt å vere nok. Då kan ein visstnok ete så mykje feitt og protein ein berre vil. Ved å ete mykje feitt og protein vil ein bli fortare mett, og mistar lysta til å ete meir enn ein treng.

Verknaden er motsett når det er snakk om sukker og karbohydrat.
«Bedre uten brød» kan vere ein reiskap for alle som ønskjer informasjon om «lågkarbokosthald».

Boka inneheld også norske pasienthistorier og er gjennomarbeidd for norske forhold av blant andre ernæringsterapeut Jens Veiersted, dr.philos. Dag Viljen Poleszynski og kosthaldsrettleiar Kenn Hallstensen. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk