Sunne barn blir sunne vaksne

Artikkelen fortsetter under annonsen

Folk som har eit sunt kosthald når dei er små, kjem truleg også til å eta sunt når dei blir vaksne. Men dei som får smaken på det usunne medan dei er barn, kjem sannsynlegvis til å dra med seg desse v

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor

Dei som et mykje frukt og grønt i barndommen held gjerne fram med det i vaksen alder, viser forsking.Dei som et mykje frukt og grønt i barndommen held gjerne fram med det i vaksen alder, viser forsking.

Det er konklusjonane i ei ny finsk undersøking av 1000 barn og unge som er følgde i 21 år. Om lag 40 prosent av deltakarane hadde same mønsteret i heile perioden. Funna i undersøkinga blir støtta av tilsvarande funn i norske undersøkingar.

Støtta av norske funn


Ernæringsforskaren Elisabeth Kvaavik ved Universitetet i Oslo seier at stabiliteten varierer mellom matvarene, men at barn som har eit høgt inntak av frukt og grønt høgst sannsynleg også har det i vaksne alder.

Kvaavik har sett på kva som kan gje ein peikepinn om matvanane ved 33 årsalderen og fann at kostvanane ved cirka 25 år var viktige, men at variasjonen var stor for dei enkelte matvarene. Stabiliteten i brusinntak frå ungdom til ung vaksen var stabil, men mindre stabil seinare i vaksenlivet.

Forskaren Nanna Lien ved Universitetet i Oslo har følgd ungdom frå dei var 14 til 21 år og fann ganske høg stabilitet i inntaket av frukt- og grønt, brus med sukker og snop/sjokolade. Ho såg ein tendens til at til at med alderen åt dei unge mindre av dei sunne matvarene, men meir av det usunne.

- Det er altså mykje som tyder på at spisevanane er nokolunde stabile frå barn til ung og til vaksen, men det skjer også store endringar i spisevanar. Dette gjev rom for tiltak, ikkje berre i barndommen, men også blant unge og unge vaksne, seier Kvaavik til Matportalen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tidlege tiltak


- Når dei finske forskarane fann at om lag 40 prosent av deltakarane hadde same spisemønster over 21 år, er dette ein rimeleg høg stabilitet, men det er viktig å sjå at det då er cirka 60 prosent som ikkje vidarefører spisevanane frå barndommen.

- Tidlege tiltak er viktig for å bryte dårlege vanar, og her er mange arenaer viktig, frå helsestasjonen via barnehage og skule til arbeidsliv, daglegvarebransjen og restaurantar/møtestader. Dette arbeidet må gjerast systematisk og kontinuerleg, og det er viktig å støtte opp om positive tendensar og vanar, seier Kvaavik. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk