Rekerekord for nordmenn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Reker går aldri av moten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I fjor sette vi til livs meir enn 10.000 tonn reker her i landet. Det er sju prosent meir enn året før, viser tal frå Eksportutvalget for fisk. I løpet av tre sommarmånader et vi 45 prosent av årskonsumet.

Marknadssjef for reker hos EFF, Tove Sleipnes, meiner det er tre grunnar til at reka er populær:

- For det første er norsk matkultur influert av asiatisk matkultur, der reka er ein viktig ingrediens. I tillegg er reka slankande. Den inneheld berre 0,8 gram feitt per 100 gram. Og sist, men ikkje minst, reker er næringsrik mat. 100 gram reker dekkjer til dømes dagsbehovet ditt for E-vitamin, seier Sleipnes. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk