Internasjonal kamp mot fiskefusk

Fiskeriminister Svein Ludvigsen (H) vil gå dei store internasjonale matvarekjedene etter i saumane. Målet er å stogga illegal omsetnad av fisk. No er han i ferd med å bygga opp ein internasjonal allia

Saman med fiskeriministeren i Canada, Geoff Regan, har Ludvigsen teke initiativ til ein kamp mot den store og globale fiskerikriminaliteten.

Slik ulovleg verksemd trugar arbeidsplassar langs kysten og skadar ei av verdas viktigaste proteinkjelder. Det dreier seg om ulovleg, urapportert og uregulert fiske av stort omfang.

- Vi veit at problemet er stort. Vi må raskt gå i gang med å kjempa mot det, før det vert endå større, seier Ludvigsen til dagligvarehandelen.com. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Personvernpolicy