Mange varme kjølediskar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjølediskane er ikkje alltid så kalde som dei bør vere no i sommarvarmen. På ein serveringsstad i Vesterålen fann Mattilsynet ein kjøtdeig som heldt 27,8 grader, og på Sunnmøre har ein avdekt altfor h

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):

- Vi har oppdaga fleire grove tilfelle der temperaturen i kjølediskane og kjølereolane er for høg, seier Per-Hallgeir Mørkeseth i Mattilsynet, distriktskontoret for indre Sunnmøre.

Ikkje god nok kontroll

Distriktskontoret har eit prosjekt på gang der dei systematisk inspiserer butikkane i distriktet. I sommar har dei hatt fleire inspeksjonar.

- Nokre butikkar er gode på intern kontroll, men andre har slett ikkje oversikt over temperaturen i kjølediskane, seier Mørkeseth.

Tidleg i sommar fekk butikkane brev om at Mattilsynet var ventande.

- Nokre butikkar har skjerpa seg, og det var kan hende fordi dei fekk brev om besøket, seier han.

Ulik kvalitet på kjølediskar

Direktør i Mattilsynet, Kristina Landsverk, meiner likevel situasjonen er svært bra i Noreg.

- Distriktskontora rapporterer om tilfredsstillande forhold dei fleste stader. I Telemark var Mattilsynet svært nøgde med ein kontroll av kjøle- og frysediskar som vart gjennomført i sommar. Det er ingenting som tyder på at situasjonen er dårlegare enn før. Tvert imot er kjølediskane blitt mykje betre med åra, seier Landsverk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men Mørkeseth fortel at slett ikkje alle butikkar på Sunnmøre sit med nye kjøleinnretningar.

- Mange butikkar slit med mykje gammalt kjøleutstyr, og dei kan fort ryke. Kvaliteten på kjølediskar og kjølereolar er svært varierande, seier han.

Fann varm kjøtdeig

Nyleg hadde Mattilsynet ein inspeksjon av to serveringsstader i Vesterålen. Den eine staden fann dei varm kjøtdeig, og i den andre verksemda var det altfor høg temperatur i kjølerommet.

Kristina Landsverk i Mattilsynet seier dette er eit døme på at ikkje alle i restaurantbransjen er like seriøse.

- Men den hygieniske kvaliteten er høg her i landet, og Noreg har svært lite matforgifting om en samanliknar med andre land, seier ho.