Dykkarar fann ikkje ost

Artikkelen fortsetter under annonsen

Canadiske Luc Boivin seinka om lag 800 kilo ost ned til 40 meters djup. Jamt låg temperatur og høgt trykk skulle gjera underverk med osten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Den utvalde plassen var ei vik med det noko originale namnet Baie des Ha! Ha!.

Ideen fekk ostemakaren av ein fiskar som hadde fått ein bit Boivinost i fangsten; osten smaka sensasjonelt godt. Soga seier derimot ingenting om kvifor osten var komen i sjøen i utgangspunktet.


Sist veke var det tid for hausting, men det gjekk ikkje så godt. Dei innleidde dykkarane fann ingen ost. Dessutan kom det canadiske næringsmiddeltilsynet på banen og sa at osten ikkje kunne seljast sjølv om den vart lokalisert.


Men ifølgje ATL gjev ikkje ostemakaren Boivin så lett opp. Det blir fleire dykk, og når osten er vel oppe vil han analysera den for å sjå korleis den har greidd seg i djupet. Kan henda vert det Luc Boivin som ler sist i Baie des Ha! Ha!.