Lågpriskjedar kuttar økologiske egg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hønseri vert tvinga til å slutta med økologiske egg fordi Norgården ikkje får seld dei. I februar fjerna Rimi dei grøne eggepakkane frå hyllene.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):

Den viktigaste leverandøren av økoegg i Noreg, Norgården, ser seg nøydde til å be produsentar slutte med økologisk drift.


- Vi er førebudde på at salet av økologiske egg kan verta halvert etter at Rimi slutta å ta dei inn, seier Inger Solberg hos Norgården til Nationen.
Rimi måtte slutta med økoegg då dei vart ein del av Ica Norge.

Argumentasjonen er at konkurransen på den knalltøffe lågprismarknaden gjer det vanskeleg å føra varer som folk spør så lite etter som økologiske egg.


Petter Stanghov i Debio peikar på at kjedar har fått tilskot frå det offentlege for å fremja desse produkta betre. Både Stanghov og Solberg i Norgården meiner god marknadsføring og informasjon er ei mangelvare for økologisk mat.