Vi droppar køyrepilsen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Talet på bilistar som vert tekne med låg promille er meir enn halvert etter at 0,2-grensa vart innført. Mange har droppa «køyrepilsen», meiner UP-sjefen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

For fire år sidan vart promillegrensa senka frå 0,5 til 0,2. Det har ført til at mange førre køyrer med såkalla lågpromille, det vil seie mellom 0,2 og 0,5.


I 2000 vart 384 bilførarar tekne med låg promille, medan talet i fjor var gått ned til 161, viser tal som Newswire har fått frå Utrykkingspolitiet (UP).


- For vanlege folk utan alkoholproblem fungerer 0,2-grensa som ei nullgrense. Høge bøter, hyppige kontrollar og strenge straffar gjer at folk rett og slett ikkje tek sjansen lenger. Vi er blitt meir lovlydige, seier UP-sjef Odd Reidar Humlegård.


Til saman vart 8.363 personar tekne for fyllekøyring i fjor. Det er ein nedgang på åtte prosent sidan 2001. Gjennomsnittspromillen er redusert frå 1,14 til 0,94.


(Kilde: Nynorsk pressekontor)