Ny hagebok: «Små hagar» av Lisbeth DreyerTips til små hager

Lisbeth Dreyer: Små Hagar
Lisbeth Dreyer: Små Hagar

Boka Små hagar er ei hagevandring full av inspirasjon og tips!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Lisbeth Dreyer Foto: Samlaget
Lisbeth Dreyer Foto: Samlaget

Bli med fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer på ei hagevandring utanom det vanlege.

Folka du møter i boka, har stor glede av å skape særeigne, miljøvennlege, frodige og fantastiske hagar på liten plass,heiter det i ei pressemelding fra Samlaget.

Du finn også tips til korleis du kan skape grøne korridorar for bier og insekt, råd om kompost, korleis lage jord og så frø sjølv. Du treng ikkje store plassen for å dyrke urter, bær og grønsaker.

Små hagar er full av flotte bilde av overraskande, fantasifulle og vakre hagar du kan nyte - og som kan inspirere deg til å gjere det grønt og vakkert der du bur!

Lisbeth Dreyer er forfattar, fotograf og filmskapar frå Bergen. Ho har mellom anna laga dokumentarbøker, barnebøker og kortfilmar. Ho har også vore hageskribent og hagefotograf i mange år og meiner at hagar er viktige både for folkehelsa og omgjevnadene våre.

Se video: Slik lager du blomstertrykk med ekte blomster: