Store mangler ved EAT-rapporten

Gunhild Stordalen under presentasjonen av den nye EAT-rapporten.
Gunhild Stordalen under presentasjonen av den nye EAT-rapporten. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Dei som har utarbeidd EAT-rapporten, opererer dessverre innanfor ei snever, agroindustriell ramme, skriver Olav Randen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Stemmer: Olav Randen
Småbruker og forlegger

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

To grunnleggjande ulike tenkjemåtar, ein agroindustriell og ein agroøkologisk, står mot einannan når det gjeld matproduksjon, både på jord og i hav. EAT-rapporten byggjer på den agroindustrielle tenkjemåten. Innanfor denne tenkinga blir det logisk å seie at når det må 3-4 kaloriar inn i grisen for å produsere ein kalori kjøt, er det effektivt i høve til storfe, der det må til 7-10 kaloriar, og difor bør verda satse på svin og kylling framfor storfe.

Og på oppdrettsfisk framfor svin og kylling. Innanfor denne tenkinga blir det også logisk å seie at når drøvtyggjarar slepper ut metan, som på kort sikt er ein meir enn tjue gonger så nedbrytande klimagass som CO2, så er det å redusere talet på drøvtyggjarar ein god metode for å redusere klimautsleppa. Desse samanhengane kan altså dokumenterast med enkle og innanfor deira tenkjeramme uangripelege reknestykke.

Hoksrud: – EAT-rapporten er ikke en fasit

Difor gir denne tenkinga også grunnlag for alliansar, mellom Yara og annan agroindustri som vil selje meir innsatsmidlar for landbruk, Equinor og andre oljeselskap som vil ha meir transport, urbane miljøorganisasjonar som vil reservere Norges og verdas utmarker for rovdyr, utbyggjarar av mange slag som vil reservere for sitt bruk dei områda som er mest attraktive og at dei andre må nøye seg med restnaturen, og politikarar og samfunnselite som vil avvikle bygder og landbruk for å få meir arbeidskraft og ha meir matimport, fordi matproduksjon i fattige land er billigare for Norge enn i vårt eige land.

Innanfor ei agroøkologisk tenking blir det annleis. Me som byggjer på denne tenkinga, er opptekne av totalnaturen, og i totalnaturen er årsakssamanhengane komplekse og ikkje enkle.

Då er det tre samanhengar som gir andre konklusjonar:

Den første er at det finst effektivitet og effektivitet. Kyllingen er altså i stand til å vekse meir per fôreining enn kua og sauen. Men dette fôret må produserast og kjøpast. Mykje av fôret til sauen og kua på beite finst i utmarkene, dyra får det i seg utan at matprodusenten tilfører jorda kunstgjødsel og pestisidar, utan at han bruker diesel til frakt og jordarbeiding og utan at beitejorda blir øydelagd av erosjon fordi grasdekket blir pløyd ned eller halde unna med plantegifter. Den delen av fôret som beitedyra tek opp sjølve, er altså inga klimabelastning.

Om me skal prøve å setje opp eit rekneskap for forholdet mellom det som går inn i dyra og det dei gir, må me trekkje frå dette. Det har FAO gjort i rapporten «Livestock: On our plates or eating at our table? A new analysis of the feed/food debate» frå 2017, og kome til at på global basis går det med 3 kilo korn per kilo storfekjøt. Fordi storfe hentar stordelen av maten frå beitegras og grovfôr, treng dei berre 0,6 kilo protein som menneske kan ete, for å produsere 1 kilo protein i mjølk eller kjøt. I dette meir kompliserte reknestykket blir såleis beitebasert kjøtproduksjon meir effektiv enn det kvite kjøtet, og ei framheving av kvitt kjøt framstår som meiningslaust.

Samanheng to gjeld forholdet mellom karbonbinding og karbonutslepp. Matproduksjon fører med seg utslepp av klimagassar. Gras- og kornproduksjon gjer det i stor grad, til jorddyrking, jordarbeiding, kunstgjødsel og transport. Drøvtyggjarar gir altså frå seg metan og bidreg difor til oppvarminga. Men dette er berre halve reknestykket.

Den andre sida av reknestykket er at beitande drøvtyggjarar bidreg til å binde karbon i jorda. Det gjer dei med å trø opp jorda med føtene sine så ho blir porøs og ikkje skorpe-prega, med å frakte med seg frø, med å gjødsle jorda med avføring og med å ete gras og andre planter før plantedekket visnar, slik at sollys kjem til og ny vekst blir stimulert. Ny plantevekst trekkjer til fuglar, insekt og mikrobar av mange slag og gir ein meir mangfaldig og organismerik natur, både over og under grasdekket.

Det som er over bakken, visnar om hausten, men det meste av det organiske materialet i naturen, så mykje som 70 prosent, er å finne under og ikkje over grasdekket.

Slik vil beiting i høveleg omfang bidra til det me enno ikkje har fått til på industrielt vis, å flytte karbon frå luft til jordlager. Ved gjennomtenkt agronomi vil bindinga utgjere meir enn det dyra gir frå seg ved metanutslepp. Fordi verdas aktuelle beiteareal er så enorme, tredelen av den ikkje isdekte landjorda, kan meir karbonbinding ved beiting bli skilnaden mellom ei uløyseleg og ei handterbar oppvarming. På denne måten endrar utmarksbeitinga seg frå å vere ein del av problemet ved global oppfarming og til å bli ein sentral del av løysinga.

Les også: Stordalen: – Bærekraftig og sunt kosthold tvinger seg fram

Samanheng tre gjeld innhaldet i maten vår. Vår «moderne» matproduksjon er eit gigantisk eksperiment med menneskeheita. Sidan steinalderen og fram til vår tid har menneska henta mat frå svært ulike kjelder. Om matbutikkane i dag tilbyr titusentals varer, har me, iallfall i dei fleste industriland, likevel truleg eit meir einsidig kosthald enn nokosinne før. For alle varene er produserte av det same, i monokulturar der all jord får tilført kunstige næringsstoff, og alle husdyra, også oppdrettsfisken, blir fôra med det same, kraftfôr basert på dei mest høgproduktive og vanlegvis genmodifiserte variantane av soya og mais. Så er spørsmålet innanfor ei økologisk tenking, der berre framtida kan gi oss svaret, kva for stoff, kjende og ukjende, som naturen gir oss, men som me ikkje får i oss med denne monokulturbaserte maten.

Dei som har utarbeidd EAT-rapporten, opererer dessverre innanfor ei snever, agroindustriell ramme. I staden må me utvikle ny matpolitikk innanfor agroøkologiens rammer.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden