Meny

– Kvinnelege skiløparar har meir å hente på å trene overkroppen

Marit Bjørgen har en imponerende fysikk. Foto: NTB scanpix

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kvinnelege langrennsløparar som vil bli verkeleg gode på ski, kan gjere lurt i å la seg inspirere av Marit Bjørgens muskuløse overkropp.

Om ein søkjer på Marit Bjørgen på Google, er ordet «musklar» det første som dukkar opp. Rognes-kvinna er kjent for å ha ein sterk og uthaldande overkropp med større og synlegare musklar enn dei fleste andre på kvinnesida i langrenn.

Er det difor ho er ei av verdas beste kvinnelege langrennsløparar? Dette skal doktorgradsstipendiat i overkroppsfysologi, Ann Magdalen Hegge ved NTNUs Senter for toppidrettsforskning no undersøkje nærmare.

Les også: Gull til Norge i kvinnenes lagsprint

Testa landslagsutøvarar

Hegge vil finne svar på kvifor skilnaden mellom mannlege og kvinnelege skiløparar er så stor når det kjem til styrke i overkroppen. Doktorgradprosjektet har henta inspirasjon frå ein studie leia av Hegges vegleiar Øyvind Sandbakk, der han såg nærmare på kjønnsskilnadar blant langrennsløparar når det kom til uthald.

Åtte menn og åtte kvinner på elitenivå i langrenn, deriblant fleire utøvarar frå landslaget, deltok i forsøket og gjennomførte ulike øvingar på rulleski og løping på tredemølle.

– Vi fann ut at kjønnsskilnadane både i prestasjon og maksimalt oksygenopptak auka med aukande involvering av overkroppen. Det vil seie at dei beste kvinnene har veldig god kapasitet i beina, kanskje betre enn gutane, men dei har meir å gå på når det kjem til overkroppen, fortel Sandbakk.

Les også: Bjørgen-muskler skaper overskrifter i Polen

Skilnad mellom kjønna

Utøvarane gjennomførte øvingar som staking, dobbeldans, diagonal, rulleski på tredemølle og løping på tredemølle. Resultata synte at mennene var rundt 10-12 prosent raskare når det kom til beinarbeid, og over 20 prosent i stakeøvingar der overkroppen var sentral.

Forskarane kunne dermed konkludere med at mennene nytta overkroppen betre og meir effektivt enn kvinnene.

Studien konkluderte difor med at skilnaden mellom kjønna der overkroppen er involvert, er stor. Spesielt når det kom til dobbeldans-teknikken. Det går ofte raskare å stake enn å gå diagonalgang og dobbeltak med fråspark, og difor har fleire utøvarar byrja å fokusere på å trene meir spesialisert for å bli betre stakarar.

Overkroppsstyrke og uthald er viktig i langrenn, for mykje av framdrifta kjem frå nettopp staking, som krev stor kraft på kort tid. Det er viktig å vere sterk i rygg og mage for å stabilisere kroppen. I tillegg vil det vere ein fordel med ein godt trena arm-muskulatur.

Mindre sykefråvær med sterkare overkropp

Sandbakk trur skilnaden mellom kjønna hovudsakeleg skuldast at kvinnene brukar mindre kraft per tak, noko som kan tyde på at dei kvinnelege skiløparane er for svake i overkroppen. Postdoktoren og Petter Northugs tidlegare treningsrådgivar, trur at overkroppen i større grad må vere i fokus for dei som driv med idrett på toppnivå.

– Dette gjeld ikkje berre toppidrettsutøvarar. Normalt trena trenar også for lite overkropp. Det er beina som gjer den største jobben, og er dei som tek oss med rundt når vi går, syklar og joggar, medan ein har lettare for å gløyme overkroppen. Vi trur også det er mykje å hente her når det kjem til sjukefråvær og plagar som kan relaterast til rygg og nakke, seier han.

Les også: Fort fram i løypa

Kvifor så stor skilnad?

Doktorgradsstipendiat Hegge frå Nederland vil no jobbe vidare med å finne ut kvifor det er ein så stor skilnad mellom kjønna. Ho har allereie gjennomført eit forsøk i fjor haust med 25 junior og seniorutøvarar på elitenivå som deltakarar.

­– Vi veit at kjønnsskilnadane er størst når ein må jobbe hardast med overkroppen slik som på staking-teknikken. Difor delte vi opp denne øvinga i fleire delar. I første del kunne ein bruke heile kroppen, så stengte vi av for bruk av bein, slik at ein berre kunne bruke overkroppen. Til sist låste vi av for mageregionen, og deltakarane kunne då berre bruke armane, fortel Hegge.

Formålet med dette forsøket var å finne ut kor stor skilnaden vart. Dei foreløpige analysane syner at menn produserte om lag dobbelt så stor effekt som kvinnene i alle øvingane, men at skilnaden var noko større i arm og mage-regionen. Hegge tok også målingar av muskelmassen til utøvarane og kor mykje dei trena overkroppen. Ho håpar dette kan vere med på å gje nokre fleire svar.

Les også: Sans for seier

Skal teste Bjørgen

Neste forsøk vil vere ute i skiløypa, då utøvarane vil bli overvaka for at forskarane kan finne ut akkurat kor mykje dei nyttar seg av dei ulike teknikkane, som for eksempel diagonal og staking. Hegge trur dette forsøket vil syne at kvinner nyttar seg mindre av teknikker som belastar overkroppen, og at det kan vere med på å forklare kvifor kvinnelege langrennsutøvarar er svakare i overkroppen. Ho skal også samanlikne skistjernene på landslaget for å finne ut om kjønnsskilnadane også her er like store. Heile 20 personar frå landslag og regionale team skal delta i forsøket, det vil seie  dei fleste gode kvinnelege skiløparar i Norge.

­– Eg trur at mange kvinner har mykje å tene på å trene meir overkropp om dei vil verte betre skiløparar. Det finst fleire døme her på kvinnelege utøvarar som har forbetra teknikken gjennom å trene overkroppen meir, seier Ann Magdalen Hegge.

Les også:  Treningen som gir økt forbrenning

Helse og livsstil
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus