Meny

– Heilt naturleg å ete insektprodukt

Samfunnsøkonom Nicolai Hagen er den eine av dei to gründerane i UnikMat. Verksemda sel matvarer av og med insekt. Foto: Ludvig Becker
Samfunnsøkonom Nicolai Hagen er den eine av dei to gründerane i UnikMat. Verksemda sel matvarer av og med insekt. Foto: Ludvig Becker
Nicolai Hagelien (25) og Ludvig Becker (25) hadde i fleire år tenkt på å starte ei verksemd, men visste ikkje kva dei skulle satse på. So fekk dei smaken på insekt.

– Dei som ikkje har smakt insekt er gjerne skeptiske og har fordomar. Slik er det med det som er nytt. Men for meg har det vorte naturleg å inkludere sirissar og mjølbillelarvar i kosten, seier Ludvig Becker (25).
Han og Nicolai Hagelien (25) starta opp verksemda UnikMat AS for to år sidan. Dei sel insektmjøl og andre matvarer av sirissar og mjølbillelarvar.

Les også: Insekt på menyen

Ein dag i forfjor var Becker og Hagelien på eit arrangement i Mathallen i Oslo der dei fekk smake marinerte sirissar og mjølbillelarvar.

– Var de skeptiske til å smake på larvane?

– Ja. Men me kjente med ein gong at det ikkje var noko usmak på det og at det ikkje var noko farleg. Smaken er nøtteaktig og god, seier Becker.

Sirissar og mjølbillelarvar er ganske like på smak. Dei har stort sett dei same næringsemna òg. Dei er reinslege dyr, og ei framifrå kjelde til proteinar. Heile 60 % av massen deira er proteinar, fortel Becker.

Insektkjøtet er dimed om lag dobbelt so proteinrikt som til dømes kyllingkjøt eller tunfisk, populære mattypar blant styrketrenarar.

Les også: Simon (24) vil leve av å syne fram rovdyr og andre villdyr

Framstiller forskjellige produkt

Becker og Hagelien er vener frå langt tilbake, og hadde i fleire år planlagt å skipe si eiga verksemd. Dei visste berre ikkje kva dei skulle satse på, inntil inspirasjonen kom over dei den dagen i Mathallen.

Sidan dess har dei jobba med å finne nye bruksområde for insektmjølet, endå om ingen av dei hadde drive mykje med baking før. Insektmjøl har ikkje heilt den same bindeevna som vanleg mjøl. Brød kan ha ca. 20 prosent insektmjøl, fortel Becker.

TO PRODUKT FRÅ VERKSEMDA: Til venstre heile, frysetørka mjølbillelarvar. Til høgre mjøl frå oppmalne mjølbillelarvar.
TO PRODUKT FRÅ VERKSEMDA: Til venstre heile, frysetørka mjølbillelarvar. Til høgre mjøl frå oppmalne mjølbillelarvar.

– Me har prøvd å lage alt mogleg rart der me har insektmjøl som ingrediens. Me har baka brød, knekkebrød og mange andre bakverk.

Dei finn ut kva dei synest smakar best og jobbar vidare med det.

– Produkta skal vere ferdig eteklare. Me ynskjer å treffe forbrukarane lettare. Dei skal sleppe å måtte dra heim og bake eller lage i stand maten, seier Becker.

Les også: Dei vil utkonkurrera kjøtindustrien innan få år

Ikkje berre populær mat i Afrika, Asia og Mellom-Amerika

Det har lenge vore vanleg å ete insekt i enkelte land i Asia, Afrika og Mellom-Amerika. Men i det siste har enkelte land i Europa byrja å fylgje etter.

– I Nederland og Belgia er det no vorte meir og meir vanleg å ete insekt. Der finn ein insektprodukt, som til dømes insektburgarar, i daglegvarehandlarane, seier Becker.

Dei unge gründerane importerer sine råvarer frå Nederland og Thailand. Insekta frå Thailand vert vidareimporterte frå nederlandske aktørar.

– Kva er det som gjer at de har valt åsatse på insekt?

– Næringsrik og berekraftig mat er veldig i vinden. Det er stadig fleire som ynskjer å inkludere insekt i maten og som ser fordelar med dette. Difor ser me for oss at verksemda vår kan vekse i takt med at marknaden aukar, seier Becker.

Les også: Finland opnar opp for insekt som mat

Fakta: Import av insekt og norsk lovgjeving

  • Det er ikkje lov til å importere insekt direkte til Noreg frå land utanfor Europa. Dette er fordi Noreg ikkje har eit nasjonalt regelverk på området enno.
  • Det er derimot fleire land i EU som har fått på plass eit nasjonalt regelverk for produksjon, konsum og import av insekt. Det er lov å importere eller vidareimportere insekt til Noreg frå slike EU-land.
  • Det er inga meldeplikt for insekt som næringsmiddel når dei kjem frå eit EU/EØS-land. 

Kjelde: Mattilsynet



Helse og livsstil
Populært