Meny

Mållaget hevar glaset for Vinmonopolet

Ekspeditør Rune Onarheim sel både raud- og kvitvin på Vinmonopolet på Amfi Stord.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Noregs Mållag jublar over at heile 48 av 49 vinmonopol i nynorskkommunar skriv kvit- og raudvin.

Nynorske polutsalg

Buskerud:
Gol, Ål, Hemsedal
Hordaland:
Austevoll, Bømlo, Etne, Os, Voss, Osterøy, Stord, Fusa, Kvinnherad, Fjell, Lindås, Kvam, Radøy
Møre og Romsdal:

Ørsta, Volda, Vestnes, Vanylven, Ulstein, Sykkylven, Surnadal, Stranda, Herøy, Sula, Haram
Oppland:
Lom, Vågå, Øystre Slidre, Nord-Fron
Rogaland:
Time, Klepp, Vindafjord,
Sogn og Fjordane:
Askvoll, Flora, Førde, Høyanger, Luster, Vågsøy, Sogndal, Gloppen, Stryn, Eid, Årdal
Telemark:
Bø, Seljord, Vinje

I 2011 slo Kulturdepartementet fast at mållova òg gjeld Vinmonopolet, noko som betyr at i nynorskkommunar heiter det kvit- og raudvin. Ei ringerunde gjort av Mållaget syner at heile 48 av 49 no har gått over til å profilera seg på nynorsk.
– Det er ei glede å sjå at Vinmonopolet har retta seg etter pålegget frå Kulturdepartementet på eksemplarisk vis. Dei fortener ein skål, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag i pressemeldinga.

Mållaget sender difor ut eit takkebrev til alle dei nynorske vinmonopola, der det òg er lagt ved Nynorsk verksemd-klistremerke. Nynorsk verksemd er Mållaget sin kampanje for å heidra nynorsk i næringslivet.

Les også:   Fortsatt påskestengt på polet

Nye etikettar

På eit av dei største pola i nynorskland, Stord, har dei skilta med raud- og kvitvin og musserande i snart to år. Heilt nyleg la Vinmonopolet om etikettane sine, slik at du òg kan lesa om kvar enkelt vin på nynorsk.

– Eg synest det er veldig viktig for å fremja nynorsken. Når me har to skriftspråk i landet, så må me bruka dei, seier butikksjef på Stord, Kai Rune Olsen. Han er sjølv bokmålsbrukar frå Gjøvik, men støttar profileringa på nynorsk i nynorskkommunane.

– Folk som kjem utanfrå synest jo det er litt eksotisk når dei kjem innom her, legg han til.

Les også:  Reagerer på nynorsk vin

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, er svært nøgd med språkinnsatsen til Vinmonopolet. Foto: NM

Nynorsk frå Voss

Det var tidlegare leiar i Voss Mållag, Arvid Langeland, som kjempa fram at Vinmonopolet skulle følgja mållova.

Etter å ha møtt velvilje frå det lokale polet, måtte saka inn til Vinmonopolet sentralt. Der stoppa saka opp og Langeland sendte difor brev til Kulturdepartementet, som slo fast at Vinmonopolet er underlagt mållova.

– Me tenkjer at det viktigaste vilkåret for at nynorsk er reelt jamstilt er at ein ser at han er i bruk over alt. Det er gjennom bruk at eit språk får prestisje. Det er ein føresetnad for at målet skal eksistera i eit samfunn med to jamstilte språk, som til dels tevlar med kvarandre, forklarar Langeland, som gler seg over at kampen på Voss har gitt resultat landet over.

– Trur du at målfolket drikker meir, når Vinmonopolet nyttar nynorsk?

Langeland ler.

– Eg tvilar på det, men dei går gjerne inn i polet med større glede og rakare rygg.

Les også:  Folkefleirtal for faremerking av vin

Daglegvarebransjen kan lære

Mållaget meiner at private bør kome etter og utfordrar særleg daglegvarebransjen til å gjere som Vinmonopolet, nemleg å profilere seg på nynorsk i nynorskområde.
– Det syner at å leggje om språket i kjedeprofilering er fullt gjennomførbart. Her har andre, til dømes butikkjeder, noko å lære, seier Tennø.

Dei fleste av nynorskpola, 35 i alt, ligg i vestlandsfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland, dei resterande ligg i Buskerud, Oppland, Rogaland og Telemark.

I faktaboksen kan du sjå ei fullstendig liste over alle Vinmonopola som i dag skiltar på nynorsk.

Les også:  Punkterer myten om at vin er godt for helsa

Saken ble opprinnelig publisert på Framtida.no

Helse og livsstil
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus