Då eg var 20:Ida Nysæter Rasch visste nøyaktig kva ho skulle

Ida Nysæter Rasch var allereie journalist som 20-åring. Året før vart ho ferdig på vidaregåande og gjekk sjølvsagt i russetog.
Ida Nysæter Rasch var allereie journalist som 20-åring. Året før vart ho ferdig på vidaregåande og gjekk sjølvsagt i russetog. Foto: Privat, Celina Øier / NRK
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sportsjournalisten var 20 i 2004, og hugsar spesielt den store tsunamien.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg var veldig open, positiv og klar for vaksenlivet, samstundes som eg var veldig trygg på meg sjølv om kven eg var.

Det skriv Ida Nysæter Rasch til Framtida.no på e-post om kva ho tenkte om livet og framtida då ho var 20 år.

– Den kjensla skulle eg ynskje fleire kjente på, for eg synest det verkar så vondt og vanskeleg å vere ung utan den kjensla.

Rasch er eit godt kjent fjes for dei som følgjer med på sportssendingane til NRK. I fjor var ho med og dekte sommar-OL, og i adventstida fekk ho utmerkt seg i 24-stjerners julekalender.

For 20 år sidan var ho ikkje ein TV-profil, men ho hadde allereie funne vegen til medieverda.

Journalistikken var målet

– Eg var 20 år i 2004 og då budde eg i heimbyen min Elverum og jobba og stortreivst som journalist i lokalavisa Østlendingen.

Ho hugsar dei mange erfarne kollegaane, at ho fekk prøve seg på det meste og lærte enormt mykje.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvardagen gjekk til jobb, med alt det innebar.

– Eg jobba tidleg og seint på alt frå konsertar, fotballkampar og med nyheitssaker. Eg hadde eit veldig tydeleg mål, og det var å kome inn på Journalisthøgskolen i Oslo og det var det viktigaste i livet mitt.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Jepp. Det var det ingen tvil om. Eg hadde vurdert juss også, og søkte på det etter Journalisthøgskolen, men då fekk eg eit vikariat i NRK Sporten og då let eg Blindern vere Blindern og sidan har det ikkje blitt fleire studium.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Mamma var viktigast

Men la oss kome tilbake til 2004, før karrieren som sportsjournalist tok fart. Rasch budde heime hjå foreldra, og den viktigaste personen i livet var mora.

Ida Nysæter Rasch er frå Elverum, og det var der ho budde då ho var journalist i Østlendingen like etter vidaregåande.

– Ho var, og er, den viktigaste rådgjevaren min og eg synest det var heilt topp å kunne bu heime med mamma og pappa samstundes som eg jobba mot målet mitt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rasch hugsar ikkje korleis ho feira 20-årsdagen sin.

– Rart å tenke på at eg var halvparten så gammal som eg er no sidan eg akkurat har blitt 40! Eg hugsar veldig godt kvar i livet eg var då eg vart 30, men 20-årsdagen har eg rett og slett ikkje noko minne av.

Tsunamien i 2004

Jula har ho betre grep på, på grunn av ei stor hending: Jordskjelvet og tsunamien i Indiahavet som spesielt råka Thailand og Sumatra.

– Eg hugsar at eg var heime i Elverum då tsunamien trefte, så vi må ha vore i Elverum heile jula. Vi var stort sett det før vi kjøpte oss hytte i Trysil og byrja å feire der i staden. Veslesystera mi var i Orlando og jobba eit år i Disney, så ho var borte denne jula, så mamma, pappa, mormor og eg måtte klare oss åleine, men det gjekk greiare enn frykta.

Ho hugsar spesielt tsunamien, som ho ikkje fekk høyre om før telefonen ringde.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Ein kollega ringde og lurte på om eg kunne byte ei vakt fordi vi måtte prioritere annleis. Omfanget av denne katastrofen var det vanskeleg å forstå, men eg hugsar at eg skjønte at dette var noko veldig, veldig stort og forferdeleg.

Tsunamien i 2004 var dramatisk for mange. Her frå Ao Nang i Thailand. Foto: Foto: David Rydevik, offentleg eigedom, via Wikimedia Commons
Tsunamien i 2004 var dramatisk for mange. Her frå Ao Nang i Thailand. Foto: Foto: David Rydevik, offentleg eigedom, via Wikimedia Commons

Følg magekjensla

Det sterkaste minnet Rasch har frå denne tida er kjensla av å ha eit hav av moglegheiter framfor seg og at det neste kapittelet i livet kom til å bli veldig spennande.

– Og så var eg veldig klar for å flytte til Oslo.

Ho ville gitt det same rådet til seg sjølv som 20-åring som i dag: Ver snill og real, og gjer alle oppgåvene du får, store og små, på ein skikkeleg måte.

– Følg di eiga magekjensle og ta godt vare på alle folka du møter og sjansane du får. Du er ung, kjenner få, men din eigen integritet og det å gjere ting skikkeleg, kan ingen ta frå deg og det må du bygge karrieren din på.