Lærlingane William (18) og Helga Mari (18) seglar jorda rundt

Dekklærling William Johannes Nysveen og kokkelærling Helga Mari Nordby Liljebakk er med Statsraad Lehmkuhl på jordomsegling.
Dekklærling William Johannes Nysveen og kokkelærling Helga Mari Nordby Liljebakk er med Statsraad Lehmkuhl på jordomsegling. Foto: Ingrid Wollberg/Statsraad Lehmkuhl

Statsraad Lehmkuhl seglar verda rundt. Om bord arbeider 18-åringane William Johannes Nysveen og Helga Mari Nordby Liljebakk.

– Ein vert ganske audmjuk avå stå på dekk og sjå opp på toppen av riggen, og høyre at «du skal opp dit», fortel William Johannes Nysveen.

18-åringen frå Sørumsand er ein av lærlingane som er med seglskipet Statsraad Lehmkuhl på jordomsegling.

Men dekklærlingen har rista av seg alle snev av høgdeskrekk, og kjem seg no opp og ned som ein apekatt:

– Det å henge 40 meter over havet er ganske spennande.

William Johannes Nysveen i riggen på Statsrrad Lehmkuhl. Foto: Statsraad Lehmkuhl
William Johannes Nysveen i riggen på Statsrrad Lehmkuhl. Foto: Statsraad Lehmkuhl

55.000 nautiske mil og 36 hamner

Sidan august 2021 har Statsraad Lehmkuhl segla dei sju hav i One Ocean Expedition. Skuta er i gang med ei jordomsegling for å spreie kunnskap om havet, og kor viktig det er.

Det 107 år gamle skipet har vorte gjort om til eit toppmoderne forskingsfartøy, som samlar inn data kontinuerleg gjennom reisa.

Ferda starta frå Arendal, og på tjue månadar skal Statsraad Lehmkuhl leggje bak seg 55.000 nautiske mil og besøke 36 hamner verda over.

Akkurat no ligg Statsraaden til kai i Maputo, hovudstaden i det austafrikanske landet Mosambik.

Statsraad Lehmkuhl seglar over Stillehavet. Foto: Malin Kvamme/Statsraad Lehmkuhl
Statsraad Lehmkuhl seglar over Stillehavet. Foto: Malin Kvamme/Statsraad Lehmkuhl

Les også: For første gong har forskarar dyrka plantar i månejord

På havet i tyfonsesongen

Første gong William Johannes Nysveen og Helga Mari Nordby Liljebakk (18) gjekk om bord på Statsraad Lehmkuhl var i Palau, ein øystat i Stillehavet.

Dei søkte begge på lærlingplass for å få vere med på jordomseglinga. Kokkelærling Liljebakk fortel at både far og bror hennar har vore med på segling, men at ho sjølv ikkje har noko erfaring frå skute:

– Eg er frå Grue, og det er ikkje så mange seglskip i Innlandet. Næraste elva mi er Glomma, liksom.

Helga Mari Nordby Liljebakk har ei uvanleg lærlingtid på jordomsegling. Foto: Statsraad Lehmkuhl
Helga Mari Nordby Liljebakk har ei uvanleg lærlingtid på jordomsegling. Foto: Statsraad Lehmkuhl

Det var difor spennande å finne ut at ho var ein av dei heldige, som fekk lærlingplass på skipet.

Heller ikkje William Johannes Nysveen hadde noko bakgrunn frå seglskip før han mønstra på Statsraad Lehmkuhl. Men 18-åringen kjem frå skuleskipet MS Lofoten, som la til rette for at alle elevane skulle finne seg lærlingplass i løpet av skuleåret.

Eg såg i broysjyra til Statsraad Lehmkuhl at det var jordomsegling – og tenkte det såg spennande ut. Så eg søkte på det og på to tankskip. Takk og lov at eg ikkje kom inn på dei, og kom inn her i staden! seier Nysveen.

Inn i mellom freistar han å gjere medelevane sine litt misunnelege ved å sende dei bilete av palmetre og frå arbeidskvardagen på verdshava.

Det første møtet med jordomseglinga var ei gøy, men krevjande tokt.

– Det var i tyfon-månaden, så det var krevjande i byssa med høge bølgjer og brå sjø. Då lyt ein halde seg på føtene og ikkje falle, fortel Liljebakk.

Når havet viser seg frå si mektigaste side, merkar ein det òg i byssa. Etappen frå Palau til Yokohama i Japan er den einaste der lærlingane har opplevd å verte sjøsjuke.

Les også om syskena Mack (17) og Zara (19) som begge har floge verda rundt til kvar sin verdsrekord!

Berre å håpe ein vaknar utkvilt

Som dekklærling arbeider Nysveen vakter både dag og natt, først frå klokka 12 til 18, så frå midnatt til kl. 04.

Arbeidsdagen startar med at han står opp i 11-tida og et lunsj, før han startar dagens oppgåver saman med medseglarane på vaktlaget. I tillegg til mannskapet, forskarar og studentar, har Statsraad Lehmkuhl med passasjerar som har betalt for å vere med på ferda. Dei deltar òg i arbeidet på skipet.

– Når dei er på rekkje og rad, så går vi til styrmann og spør kva dei vil vi skal gjere. Fire timar seinare har ein ofte både berga segl, sett segl, vaska og rydda litt.

Når klokka slår 18, er det tid for middag og helst litt søvn på auget før ein skal i sving att ved midnatt.

– Dufår aldri slappa heilt av, for du veit at du skal på jobb igjen om nokre timar. Det er berre å prøve å sove så djupt som råd og håpe at du vaknar utkvilt, forklarar Nysveen.

Alle i mannskapet vart inviterte til den norske ambassaden, då dei kom til Maputo. Foto: Statsraad Lehmkuhl/One Ocean Expedition
Alle i mannskapet vart inviterte til den norske ambassaden, då dei kom til Maputo. Foto: Statsraad Lehmkuhl/One Ocean Expedition

Byssa

I byssa på skipet, arbeider Liljebakk ti times-vakter – arbeidsdagen startar halv sju om morgonen og tek slutt klokka 19. Når ho kjem på jobb på morgonkvisten har nattevakta allereie baka rundstykke og brød for dagen.

– Så eg lagar lunsj og preppar den. Eg lagar middag, vaskar litt og ordnar i stand.

Ho har pause eit par timar midt på dagen, og medan dei andre et middag i messa, så tjuvstartar byssa på oppvasken for dagen, i håp om å verte ferdige litt før.

Dei mest slitsame dagane, er når bølgjene er høge og havet uroleg. Då er det mykje meir ein lyt passe på, alt frå å stå breibeint til når det er lurt å handtere ein kniv.

– Ein brukar mykje meir energi på det. Du lyt passe på når du kan kutte og når du ikkje kan kutte. Du lyt passe på at mat ikkje fell ned. Nokre gongar må ein sleppe alt ein har og halde seg fast.

Statsraad Lehmkuhl var ute for storm over Atlanterhavet. Foto: Hanna Thevik/Statsraad Lehmkuhl
Statsraad Lehmkuhl var ute for storm over Atlanterhavet. Foto: Hanna Thevik/Statsraad Lehmkuhl

Når arbeidsdagen er omme, slappar Helga Mari Nordby Liljebakk av med å ta seg ein pust i bakken bakarst i skipet, slå av ein prat med nokon eller ved å klatre opp i riggen for å sjå på utsikta.

– På fritida si, så gjer ho det eg gjer på jobb, skyt Nysveen inn og flirer.

Les artikkelserien om forunderlege stader du sannsynlegvis aldri kjem til å vitje!

Secret Santa på Statsraaden

Når Framtida.no pratar med dei to lærlingane over videochat, ligg dei til kai i Maputo. Palmetrea strekker seg mot den klåre, blå himmelen og sola skin. Det vert ikkje noko kvit jul på dei i år:

– Eg vil seie det er vanskeleg å få julestemning her, men vi prøvar så godt vi kan, seier Nysveen.

Dei har pynta skipet, mange pyntar lugarane sine og nokre tonar julemusikk vert spelt. Dei har òg eit lite juletre med seg på ferda.

Foto: Ingrid Wollberg/Statsraad Lehmkuhl
Foto: Ingrid Wollberg/Statsraad Lehmkuhl

På sjølve julaftan vert det duka for ekte julemat i fleire variantar, noko for ein kvar smak i det skandinaviske mannskapet:

– Vi skal lage ribbe, julepølse, and og eit slags svensk kaldtbord. Vi har teke alle inn i jula, slik at det vert litt svensk, litt norsk og litt dansk – slik at alle kjenner seg velkomne, forklarar Liljebakk.

– Og så har vi eit Secret Santa-opplegg, slik at alle skal få gåver til jul, seier Nysveen.

– Ingenting liknar på dette

Sjølv om det vert jul også på Statsraad Lehmkuhl, så er det litt spesielt å ikkje ha vennar og familie rundt seg, innrømmer Liljebakk.

– Det vert rart å ikkje feire med dei i år, og at dei er på eit anna kontinent – heime i Noreg, der det er julestemning, kaldt og snø.

William Johannes Nysveen kjenner ikkje særleg på heimlengt, medan han er på seglskuta.

Når ein er på jobb, så er ein på jobb. Eg plar ringe familien når eg kjem til hamn, men det er ikkje noko eg går og tenkjer på. Ein tenkjer berre på neste jobb ein skal gjere, forklarar 18-åringen.

Solnedgang frå dekk. Foto: Ingrid Wollberg/Statsraad Lehmkuhl
Solnedgang frå dekk. Foto: Ingrid Wollberg/Statsraad Lehmkuhl

I denne turnusen har dei to lærlingane vore på skuta sidan 3. desember. Dei skal vere med fram til Statsraad Lehmkuhl kjem til Cape Town i januar. Då skal dei først på safari, og så heim til Noreg for litt fri.

– Personleg, så har det vore utfordrande, for vi er førsteårslærlingar og må lære alt. Det er ingenting som liknar på dette, så det har vore ei bratt læringskurve, fortel Nysveen.

Lærlingane rosar mannskapet på Statsraad Lehmkuhl for å ha teke så godt imot dei, og seier at etter så mange veker på sjøen saman så vert det litt som ein stor familie.

– Forventningane vart fort erstatta av eigne erfaringar, seier William Johannes Nysveen.

Les også: Paul har vandra i åtte år frå Etiopia til Myanmar – overraska over kor enkelt det har vore