Då eg var 20:Didrik Solli-Tangen feira skikkeleg gutebursdag og sørga over Pavarotti

Didrik Solli-Tangen i dag (venstre) og som 20-åring (høgre).
Didrik Solli-Tangen i dag (venstre) og som 20-åring (høgre). Foto: John-Halvdan Halvorsen og privat

Ikkje bry deg om kva andre seier, med mindre det er noko fint, er rådet songaren ville gitt til den yngre versjonen av seg sjøv.

– Eg hadde så smått byrja å høyre på opera og klassisk musikk, men hovudtyngda låg nok på Robbie Williams og U2.

I dag er Didrik Solli-Tangen (35) heile Noregs operastjerne, men som 20-åring var han ikkje heilt sikker på kva retning han skulle satse på innan musikken.

– Eg blei vel pusha av far min og songlæraren min til å søkje på Barratt Due musikkinstitutt, så det blei jo det til slutt, fortel han i ein e-post til Framtida.no.

Solli-Tangen er utdanna klassisk songar frå musikkinstituttet.

Jobba på treningssenter

Songaren frå Porsgrunn slo for alvor gjennom då han i 2010 vann den norske Melodi Grand Prix-finalen og seinare representerte Noreg i den internasjonale finalen på heimebane med hitballaden My heart is yours.

For tida er han aktuell med ny julelåt og syng jula inn på juleturné, men Didrik Solli-Tangen har vist fleire sider av seg sjølv dei siste åra.

Didrik Solli-Tangen er klar for sesong 4 av Kompani Lauritzen. Han fortel til TV 2 at han ville kjenne at han verkeleg lever, og utfordre seg sjølv mentalt. Foto: Matti Bernitz/TV 2
Didrik Solli-Tangen er klar for sesong 4 av Kompani Lauritzen. Han fortel til TV 2 at han ville kjenne at han verkeleg lever, og utfordre seg sjølv mentalt. Foto: Matti Bernitz/TV 2

I fjor gjekk han heilt til topps som Snømonsteret i Maskorama, og på nyåret får vi sjå han teste grensene sine som ein av rekruttane i Kompani Lauritzen.

Då han var 20, var Didrik Solli-Tangen midt i å ta opp musikkfag på musikklinja i Skien. Han budde framleis heime hjå mamma og pappa.

– Eg jobba på treningssenter, trente, song og tok fag på musikklinja, minnest han om den tida.

Her kan du lese om fleire 20-åringar!

Hadde sørgedag for Pavarotti

Didrik Solli-Tangen var 20 år i 2007. Han hugsar at folk var veldig opptekne av forsvinninga til den britiske jenta Madeleine McCann.

– Elles hugsar eg godt at songlæraren min og eg hadde sorgdag fordi Luciano Pavarotti døydde.

Utanom foreldra, var nok songlæraren Anders Vangen den viktigaste personen i livet til 20 år gamle Didrik Solli-Tangen.

– Eg rente bokstaveleg talt ned dørene hos han. Songtimar og kaffiprat.

Her kan du sjå Didrik Solli-Tangen på NRK Østafjells som 19-åring (frå 01:00):

Gutebursdag med fyll og rør

Songaren hugsar godt korleis 20-årsdagen vart markert. Han hadde nemleg fest heime hos mamma og pappa.

– Dei var på hytta og eg hadde skikkeleg gutebursdag med fyll og rør. Gav til og med nabovarsel til naboen, så lurar på om han reiste på hytta han også, minnest Solli-Tangen.

– Må tore å drite seg ut

Operasongaren fortel at han alltid har sett lyst på livet og tenkt gode tankar.

– Eg trur det er viktig. Ein må vere fornuftig oppi det heile, men samstundes tore å drite seg ut.

Musikken var ein stor del av livet til Didrik Solli-Tangen då han var 20 år også. Foto: Privat
Musikken var ein stor del av livet til Didrik Solli-Tangen då han var 20 år også. Foto: Privat

35 år gamle Didrik trur han hadde dratt litt på smilebandet om han hadde møtt den 20-årige versjonen av seg sjølv.

– Eg var ikkje så veldig annleis den gongen, men noko har forandra seg, og hovudet tenker jo andre tankar no. Eg likar å bli eldre, det gir ro og tryggleik.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Stol meir på deg sjølv, lev livet fullt ut. Ikkje bry deg om kva andre seier, med mindre det er noko fint.

Les også om då Marion Ravn var 20 og spelte inn album i New York!