Då eg var 20:Lan Marie Berg hoppa i fallskjerm i Sør-Afrika og klipte seg hanekam

På bilete til venstre er Lan Marie Nguyen Berg i 20-åra. Bilete til høgre syner MDG-politikaren i dag, 35 år gammal. Foto: Privat, Julia Marie Naglestad/NRK
På bilete til venstre er Lan Marie Nguyen Berg i 20-åra. Bilete til høgre syner MDG-politikaren i dag, 35 år gammal. Foto: Privat, Julia Marie Naglestad/NRK
Artikkelen fortsetter under annonsen

I 2007 budde MDG-profilen i Sør-Afrika, lytta til Alicia Keys og fekk vennar for livet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vinteren då eg var 20 reiste eg til byen Durban i Sør-Afrika for å studere. Der vart eg i eitt år. Det var rett og slett ei uforgløymeleg oppleving, fortel Lan Marie Nguyen Berg (35) på e-post til Framtida.no.

Året er 2007 og 20 år gamle Berg bur i hamnebyen Durban på austkysten av Sør-Afrika.

Ho minnest endå kjensla av å vere i eit land som ho hadde lese mykje om i historietimane, og den unike varmen og gleda som menneska ho møtte utstrålte.

Her kan du lese om fleire spanande 20-åringar!

Drøymde om å verte journalist

I dag er Lan Marie Nguyen Berg nestleiar for Miljøpartiet Dei Grøne og stortingsrepresentant for partiet. Frå 2015 til 2021 var ho byråd for miljø og samferdsel i Oslo.

I desember har ein også sett 35-åringen som deltakar i NRK-satsinga 24-stjernes julekalender. Der har ho mellom anna testa ferdigheitene på dansegolvet, om ho klarar knekke julenøttene og songstemma.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
I første episoden av 24-stjerners julekalender fekk deltakarane teste julesong-ferdigheitene. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK
I første episoden av 24-stjerners julekalender fekk deltakarane teste julesong-ferdigheitene. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

– Over jul får ikkje eg nokon fleire seriøse jobbar. Det er vel berre å innsjå det, sa Berg etter å ha freista å spreie julestemning i ein av episodane.

Men då ho var 20 år gammal drøymde Berg om å verte journalist:

– Eg hadde også min første kronikk på trykk i Aftenposten, minnest politikaren.

Zulu-kongen og klimatoppmøte

I 2007 gjekk Lan Marie Nguyen Berg på universitetet i Durban, og ho vitja både Cape Town og Johannesburg.

– Ei av dei opplevingane eg hugsar best, var at eg var på ei tilstelling i regi av Zulu-kongen. Medan han snakka, delte plutseleg folkemengda seg og tidlegare president Jacob Zuma, som allereie då var ein omstridd skikkelse, kom og heldt ei spontan tale, fortel Berg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Då ho budde i Sør-Afrika var Goodwill Zwelithini kaBhekuzulu konge for zuluane, ei av dei største folkegruppene i landet. Han var då den symbolske leiaren i provinsen KwaZulu-Natal, der monarkiet er grunnlovsfesta. Monarkiet har likevel mykje makt, for det eig kring 30 prosent av landarealet i provinsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Jacob G. Zuma var president i Sør-Afrika frå 2009 til 2018. Foto: World Economic Forum/Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0
Jacob G. Zuma var president i Sør-Afrika frå 2009 til 2018. Foto: World Economic Forum/Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0

Jacob Zuma vart på si side president i Sør-Afrika frå 2009 til 2018:

– På den tida stilte han som presidentkandidat og var svært populær blant mange i KwaZulu-Natal, sjølv om han også hadde valdtektsskuldingar og korrupsjonssaker bak seg. Seinare vart han avsett som president og også dømd for korrupsjon, fortel MDG-politikaren.

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda?

Det var klimatoppmøte på Bali, der regjeringa annonserte at dei skulle redde regnskogen rundt om i verda. Matvareprisane steig fleire stadar, og i Sør-Afrika og andre stadar braut det ut valdelege opptøyar som følgje av dette. Kronekursen var høg, og det gjorde at studielånet mitt strekte langt.

Les også: Då eg var 20: Halvor Bakke våga ikkje vere open om kven han var

Alicia Keys og professorar

Lydsporet for 2007 var No One av Alicia Keys, som vart spelt gong på gong på ein av klubbane Berg og vennane gjekk på. Sjølv lytta ho mykje til Lauryn Hill og Erykah Badu.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi budde i eit kollektiv med to svenskar og ein annan nordmann, og venninna mi elska Bright Eyes, så vi høyrde ein del på det også, minnest 35-åringen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei viktigaste personane for ho som 20-åring var dei to jentene ho budde saman med.

– Eg fekk mange vennar for livet og vi møtest jamleg. No har alle faktisk barn på same alder.

Som 20-åring budde Lan Marie Nguyen Berg i Durban, Sør-Afrika. Foto: Diriye Amey from Locarno, Switzerland/Wikimedia Commons/CC BY 2.0
Som 20-åring budde Lan Marie Nguyen Berg i Durban, Sør-Afrika. Foto: Diriye Amey from Locarno, Switzerland/Wikimedia Commons/CC BY 2.0

I tillegg vart ho kjent med to professorar i Sør-Afrika som vart viktige for ho. Den eine var psykologiprofessor på universitetet i Durban og aktiv i sivilsamfunnet:

– Han sørga for at eg fekk vere med i ein organisasjon som heitte Durban Action Against Xenophobia, og som arbeidde mot fordommar og rasisme mot innvandrarar frå andre afrikanske land.

I tillegg sette professoren som underviste Berg i historie uslettelege spor:

– Ho trudde på meg, sjølv om eg nok hadde valt eit fag som eigentleg var for litt meir erfarne studentar. Hjelpa hennar har vore med på å forme den eg er i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei natt på campus

20-årsdagen sin feira Lan Marie Nguyen Berg heime i Oslo, på ein bar ved Rådhuset.

– Eg hugsar den kvelden faktisk ganske godt, fordi min nye Nokia-mobil vart rappa frå lomma mi, og fordi eg akkurat var fylt 20 var eg ikkje lenger dekka av foreldra mine si forsikring.

Det sterkaste minnet er likevel den første kvelden i Durban. Då hadde dei endå ingen stad å bu, så dei skulle overnatte i studentbustadane på campus.

– Det føltest absolutt ikkje trygt, fordi vi visste at det var fleire valdtekter på campus dagleg, og vart oppfordra til å ikkje gå åleine på kvelden. Dagen etter flytta vi på eit hostell.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Då eg var 20: Chand Torsvik brukte å køyra på besøk til Snåsamannen

Lan (35) til Lan (20): – Ikkje klipp hanekam

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg var jo berre 20 år, og veldig svolten på alt eg kunne lære og oppleve i livet. Året i Sør-Afrika var ei utruleg mogelegheit til å leve i eit land med ei unik og forferdeleg historie, ikkje lenge etter at apartheid-regimet fall, fortel Berg og held fram:

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg saug til meg alt eg kunne av kunnskap og opplevingar, men eg var også litt uansvarleg. Den første og einaste gongen eg har hoppa i fallskjerm var ved det som dei sa var Sør-Afrika sin eldste fallskjermklubb. Eg veit ikkje om det burde få meg til å føle meg meir trygg eller utrygg.

Om Lan Marie (35) hadde møtt den 20 år gamle versjonen av seg sjølv, så hadde ho tenkt at ho burde slappe litt meir av og stole meir på seg sjølv:

– Eg lærte mykje av å vere der, ikkje minst lærte eg å vere tryggare på den eg er.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg ville gjeve meg sjølv råd om å ikkje klippe av meg det lange håret mitt og lage hanekam. Eg er både for lat til å stelle ein hanekam, og håret mitt veks alt for fort.

Les også: Som 20-åring farga Ingrid Gjessing Linhave håret gulrotoransje, og då slutta vakre Alvara å helse på ho