Då eg var 20:Andrea Bræin Hovig søkte Teaterhøgskolen og var syngande servitør på NRK

Skodespelar og forfattar Andrea Bræin Hovig har alltid vore ein lesehest, no er ho bokaktuell. Foto: Privat/Presse: Thomas Brun/NTB
Skodespelar og forfattar Andrea Bræin Hovig har alltid vore ein lesehest, no er ho bokaktuell. Foto: Privat/Presse: Thomas Brun/NTB
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg ville tenkt at eg var litt overlegen, trur eg. Men eg hadde nok sett at det var ein forsvarsmekanisme, seier skodespelaren om kva ho hadde tenkt om ho hadde møtt seg sjølv som 20-åring.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Draumen min var glasklar, men det var vanskeleg for meg å bestemme meg for å bli skodespelar. Eg tenkte at eg måtte bli vald. Det er jo noko både sant og trist i det.

Andrea Bræin Hovig (49) fortel om framtidsdraumane ho hadde då ho var 20 år. I dag er ho skodespelar, songar og barnebokforfattar og nyleg aktuell med ungdomsromanen Dette er Ellens bok.

Skodespelardebuten

Ho debuterte på Det Norske Teatret i 1995, som Borghild i Kranes Konditori og har halde fram og jobba med formidling og scenekunst sidan ho gjekk ut av teaterhøgskulen.

Mest kjend vart ho kanskje for rolla som Anja i filmen Håp, frå 2019. Denne fekk stor internasjonal merksemd og vart vald ut som Noreg sitt bidrag til Oscar-utdelinga i 2020. Same år fekk ho Amandaprisen for beste hovudrolle, for nettopp denne rolla.

I 2003 debuterte ho som artist med plata Hjertetvinner og i 2008 kom den første barneboka om Ville Wilma.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Andrea Bræin Hovig som korist. Foto: Privat
Andrea Bræin Hovig som korist. Foto: Privat

Syngande servitør

Då ho var 20 år leigde ho ein liten leilegheit på Majorstua og budde der saman med hunden sin.

– Eg hadde ein litt lokete kvardag, og såg på Love Boat på dag-TV kvar dag. Ikkje min prime time i livet. Men så fekk eg jobb som «Syngande servitør»/korist i NRK sitt TV-program «Rondo», så då var det berre å skjerpe seg, skriv ho i ein e-post til framtida.no.

På fritida las ho mykje skjønnlitteratur, og fortel at ho alltid har vore ein bokslukar.

– Utan litteratur har eg det dårlegare, rett og slett.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Elles hang ho på klubben HeadOn i helgene, og mimrar om å bli vinka forbi køen, gå ned i den mørke kjellaren, og så berre danse.

– Nittitalet der var så konge. På mange måtar tenker eg at eg peaka der. Lite har kunna måle seg med det, eigentleg.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Kjærasten min.

Artikkelen fortsetter under annonsen

20-årsdagen sin hugsar ho ikkje særleg av. Ho blir alltid ubekvem av å bli feira, fortel ho.

– Venene mine veit dette. Eg treivst ikkje med barnebursdag heller. Men. jo, eg trur eg var på HeadOn! Eigde dansegolvet, forhåpentlegvis.

Ho har fleire sterke minne frå tida som 20-åring. Det å kvar veke skulle vere med på direktesendt TV utan å ha noko erfaring, var ein slags frykt-trommel kvar fredag, minnest ho.

– Men i Glimt hadde eg det heilt utruleg gøy.

Andrea Bræin Hovig åleine og saman med veslesystera. Foto: Privat
Andrea Bræin Hovig åleine og saman med veslesystera. Foto: Privat

Livsendrande teaterjobb

Det sterkaste minnet frå då ho var tjue år var likevel å jobbe med idolet sitt Allan Edwall, som regissør på Det Norske Teatret. Det var hennar første teaterjobb og ho hugsar det som at ho var både elendig og stiv i starten.

– Eg hadde ingen idé om korleis eg skulle arbeide. Hjelpe meg.

Men ein dag mumla Edwall «Du är begåvad».

– Då gjekk eg på do og grein. Og søkte Statens Teaterhøgskole. Eg får framleis gåsehud av den augneblinken. Det var livsendrande for meg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg var pessimist, då som no.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville tenkt at eg var litt overlegen, trur eg. Men eg hadde nok sett at det var ein forsvarsmekanisme.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg ville gitt meg sjølv eit råd om å vere meir sosial. «Folk er fine», ville eg sagt. Eg var så skeptisk til andre menneske. Usjenerøs, på ein måte. Eg er rett og slett blitt mykje meir glad i folk.

Les også : Då eg var 20: Kaveh Rashidi kom inn på bustadmarknaden takka vere finanskrisa