Emma (19) ønskjer å fremme mangfald: – Eg hadde ingen å sjå opp til som eg kjende meg att i

Emma Stadaas (19) ønskjer å vise at det er plass i samfunnet for alle.
Emma Stadaas (19) ønskjer å vise at det er plass i samfunnet for alle. Foto: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

Emma Stadaas (19) ønskjer å fremme mangfald i samfunnet gjennom modellbransjen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Samfunnet består av mykje meir enn høge, blonde jenter, og vi kjem i alle former og fargar. Det er noko eg synest burde fremmast, seier Emma Stadaas (19).

Ho ønskjer å fremme mangfald i samfunnet, og ønskjer å gjere dette gjennom modellbransjen. 19-åringen fekk sine fyrste modelloppdrag i overgangen mai-juni. No vil ho fortsette i bransjen for å sjå kva det kan utvikle seg til.

Etter ein post ho skreiv på Facebook, har ho fått mange tilbod frå ulike fotografar i landet.

No må eg plukke ut kven eg skal seie ja til, for kalenderen begynner å fylle seg opp, seier Stadaas fornøgd til Framtida.no over telefon.

Denne meldinga la Stadaas ut på Facebook:

Denne meldinga la Emma Stadaas ut på Facebook. Foto: Skjermdump
Denne meldinga la Emma Stadaas ut på Facebook. Foto: Skjermdump

Fordommar og mangel på mangfald

Emma Stadaas vart født med eit sjeldan syndrom som heiter Treacher Collins syndrom. Ein veit ikkje nøyaktig kor mange i Noreg som har syndromet, men basert på internasjonal forsking, kan ein anslå at det vert født eit barn i året her i landet med Treacher Collins syndrom.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje Oslo universitetssjukehus, gjev tilstanden ulik grad av annleis utsjånad. På grunn av dette har Stadaas vorte møtt med mange fordommar.

Emma Stadaas (19) har berre fått positive tilbakemeldingar på engasjementet sitt. Ho trur folk er einige i bodskapen. Foto: Privat
Emma Stadaas (19) har berre fått positive tilbakemeldingar på engasjementet sitt. Ho trur folk er einige i bodskapen. Foto: Privat

– Opp gjennom oppveksten har det vore mangel på mangfald. På grunn av at eg vart født med eit syndrom har eg fått høyre mykje at eg ikkje passar inn, og vart fort plassert utanfor, fortel Stadaas.

19-åringen vart fortalt at ho aldri kom til å få seg ein jobb, og at ho kom til å hamne på NAV. Lenge trudde ho på desse fordommane, for der var ingen som henne ute i samfunnet som kunne avkrefte det.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– I oppveksten hadde eg ingen å sjå opp til som eg kjende meg att i, ikkje sånn eigentleg, seier Stadaas.

Representasjon skapar tryggleik

Dette endra seg i 2018, då ho var på tur med foreininga Norsk Craniofacial Forening, som foreldra hennar starta opp i 2003. På denne turen hadde styret leigd inn ein foredragshaldar med Treacher Collins syndrom som fortalde om livet sitt. Dette var fyrste gong Stadaas møtte nokon ho kunne sjå opp til som ho kjende seg att i.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg vart utruleg letta, og eg er veldig takknemleg for denne opplevinga, fortel 19-åringen.

Gjennom Norsk Craniofacial Foreininga har ho møtt andre med same syndrom som ho, eller med andre syndrom som påverkar utsjånaden.

– I denne foreininga har eg kjent på tryggleik, alt er normalt der, så det er veldig deilig, seier Stadaas.

Stadaas er no veterinærlærling, og ønskjer å kombinere arbeidet med å jobbe for eit meir mangfoldig samfunn. Foto: Privat
Stadaas er no veterinærlærling, og ønskjer å kombinere arbeidet med å jobbe for eit meir mangfoldig samfunn. Foto: Privat

Der er ein plass for alle

No ønskjer ho å vise andre at der er ein plass for alle i samfunnet. Dette er grunnen til at ho ønskjer å ta på seg fleire modelloppdrag, men også grunnen til at ho takkar ja til å stille opp på intervju i media. No har ho også starta å skrive på eit manus, som ho håpar skal bli til ei bok seinare.

– Eg brenn veldig for å vise mangfald. Ein treng ikkje å sjå sånn og sånn ut for å vere eit fullverdig og godt menneske. Vi ser forskjellige ut, og det er berre heilt nydeleg, seier Stadaas.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho trur syndromet har påverka livet hennar både negativt og positivt. På grunn av fordommar og mobbing har ho vorte sjenert og forsiktig, men ho har også mykje empati og ser andre godt på grunn av det ho har opplevd. Draumen for framtida er å kunne fortsette å jobbe for eit meir inkluderande samfunn.

– Eg ønskjer å jobbe som veterinær, og føredragshaldar på sida. Men eg trivst veldig som modell, så om det fortsett å kome gode og seriøse tilbod, takkar eg ja til det, seier Stadaas.


Amy (f.v.), Périne og Seema har delt sine historier om høvesvis å leve med Crohns sjukdom, kjønnsstereotypiar, og å handtere foreldre sine forventningar om å skulle gifte seg. Foto: Manon Ouimet/The Underargument / Kollasj: Framtida.no
Amy (f.v.), Périne og Seema har delt sine historier om høvesvis å leve med Crohns sjukdom, kjønnsstereotypiar, og å handtere foreldre sine forventningar om å skulle gifte seg. Foto: Manon Ouimet/The Underargument / Kollasj: Framtida.no