Då eg var 20: Sanna Sarromaa slutta på p-piller fordi ho ville ha barn

Sanna Sarromaa fotografert som 19-åring (t.v) og eit ferskt bilete frå stamkafeen der ho arbeider med si siste bok. Foto: Privat
Sanna Sarromaa fotografert som 19-åring (t.v) og eit ferskt bilete frå stamkafeen der ho arbeider med si siste bok. Foto: Privat Foto: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sanna Sarromaa drøymde om å bli kommunikasjonsdirektør med barn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg hadde nettopp, berre eitt år tidlegare, mista mine foreldre, så eg hugsar at eg støtta meg veldig til kjærasten min. Eg trur han var den viktigaste personen i livet mitt akkurat då.

Det skriv Sanna Sarromaa i ein e-post til Framtida.no.

Jobbturar til Odda

42-åringen omtalar seg sjølv på Instagram som finne, feminist, forfattar, foredragshaldar, lektor, historikar og ekskone, og har teke ei doktorgrad i sosiologi om jentebladet Det Nye.

No er ho etablert i Lillehammer, men som 20-åring budde Sarromaa i si eiga vesle leilegheit i den finske hovudstaden, der ho studerte ved Statsvitskapeleg fakultet på Universitetet i Helsinki og jobba i Outokumpu Corporate Communications.

– Eg var journalist i personalbladet Kumpu som kom ut på tre ulike språk. Det syntest eg var kjempespanande. Eg skreiv og redigerte artiklar. Eg var òg på fleire jobbturar i Odda der Outokumpu – som er ei stor finsk metallbedrift – eigde gruver, minnest Sarromaa.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Pensum og actionfilmar

– Eg skulle ønske eg hugsa nyheiter, men eg hugsar at Marc Anthony var på radio heile tida med «You Sang to Me» og «I Need to Know». Dei to låtane kastar meg framleis tilbake til mi vesle leilegheit på 23 kvadratmeter i Helsinki, minnest Sarromaa.

Om ho ikkje hadde obligatorisk undervisning, gjerne i fransk filologi, som ho òg studerte, så var ho på Outokumpu og jobba.

– Eg las inn i granskogen mykje pensum. Eg studerte historie, fransk, nordistikk, sosiologi, sosialpolitikk og mange andre fag som eg syntest var spennande, seier Sarromaa, som hugsar store mengder av fagbøker.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg var òg aktiv i studentpolitikken, og så hadde eg ein kjærast som eg til dømes gjekk på kino med. Eg hugsar at eg var så snill og medgjerleg at eg gjekk og såg filmar som han likte. Dei var gjerne litt sånn action-prega og kjempekeisame, minnest ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Delte opplevingar

Kjærasten studerte på si side engelsk filologi på universitetet.

– Han var kanskje ekstra viktig fordi han hadde rokke å treffa mamma og pappa og han kom frå den same byen som eg, Lahti. Me hadde faktisk gått på ungdomsskule saman òg samstundes, sjølv om me ikkje var kjærastar då. Me hadde også nokre andre viktige «shared experiences». Far min var alkoholikar og det var òg mor hans.

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Ja. Me gjekk ut og åt på Santa fe som var min yndlingsrestaurant. Restauranten eksisterer framleis, i Aleksanterinkatu i Helsinki. Han serverer meksikansk mat, fajitas og sånt. Me åt der – eg og kjærasten min og mi gode venninne Anna-Maria og endå ei venninne, Riie. Me studerte alle på Universitetet i Helsinki.

Sanna Sarromaa fotografert tidleg i 20-åra i Dublin. Foto: Privat
Sanna Sarromaa fotografert tidleg i 20-åra i Dublin. Foto: Privat

Julelys i Töölönlahti, Tölöviken

Det sterkaste minnet hennar var då ho var åleine i jula.

– Det var sterkt. Foreldra mine var då daude, begge to, og eg hadde ikkje lenger nokon barndomsheim å dra tilbake til. Bror min feira jul hos kjærasten sin. Eg trur eg var invitert dit, men eg hadde jo ikkje lyst til å feira jul hos framande folk, minnest Sarromaa.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjærasten hadde nok òg invitert ho heim på juleferie med familien, men det kjentest òg rart. Difor feira 20-åringen jul åleine i si vesle eittromsleilegheit i Helsinki.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det var sterkt og vakkert. Eg hugsar at eg gjekk rundt Töölönlahti, Tölöviken, som er i sentrum og såg på alle lysa og tenkte at eg ville klara meg. At uansett kva, så ville eg klara meg. Det var ei veldig sterk, nesten eksistensiell, oppleving.

Uovervinneleg kjensle

Sarromaa trur opplevinga har vore til hjelp seinare i livet, mellom anna når ho som skilt kvinne har vore nøydd å feira jul åleine i eit framand land.

– Eg tenkjer på ei bok av L.M. Montgomery der Walter, sonen til Anne frå Bjørkely, er i første verdskrig og han skriv heim til sin kjærast Rilla. Han kjenner at han kjem til å døy (noko han òg gjer) og skriv: «I’ve won my own freedom here – freedom from all fear. I shall never be afraid of anything again – not of death – nor of life, if after all, I am to go on living,» skriv Sarromaa, og held fram:

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Slik var det for meg å feira jul åleine. I won my freedom from all fear, trudde eg. Diverre har eg ikkje alltid følt meg like omnipotent seinare i livet mitt, men der og då følte eg meg heilt uovervinneleg. Eg følte at eg ville klara meg. At livet ville gå vidare, sjølv med redusert bemanning og oppbakking. Og at det kom til å gå bra med meg.

Sanna Sarromaa fotografert tidleg i 20-åra i Dublin. Foto: Privat
Sanna Sarromaa fotografert tidleg i 20-åra i Dublin. Foto: Privat

Kommunikasjonsdirektør med barn

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Ja. Eg skulle bli klok og belest – og ein dag skulle eg vera kommunikasjonsdirektør i ei stor finsk bedrift. (Men så tok livet ei anna vending litt seinare.) Og så skulle eg bli mamma. Det var veldig viktig for meg. Å få barn.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Hugsar du kva du tenkte om livet og framtida?

– Det var det eg tenkte – at eg ville jobba med kommunikasjon, bedriftskommunikasjon. Og så drøymde eg om familie og barn. Eg hadde nettopp mist barndomsfamilien min og ville veldig gjerne ha barn så fort som mogleg. Eg kutta faktisk ut p-pillene bak kjærasten min sin rygg for å få barn, men det gjekk ikkje. Sikkert like greitt, men morosamt å tenkja på no. Eg kunne ha blitt mamma då, som 20-åring, om universet hadde villa det slik.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje gift deg med ein utanlandsk mann

– Kva ville du tenkt om du møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg hadde tatt hand om ho. Vore ein vaksen og latt ho vera ungdom og ung vaksen litt til. Eg hadde prøvd å vera den mammaen ho hadde mista slik at ho slapp å bli så sterk og så voksen så tidleg.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ikkje bli gift med ein utanlandsk mann og flytt til utlandet og lag barn der saman med han, for då sit du der i ein evig catch-22 om han går frå deg.