Då eg var 20: Oslo-ordførar Marianne Borgen var usikker på kva ho ville bli

SV-politikar Marianne Borgen fotografert på Veitvet skole dagen etter folkeavstemminga i 1972. Ordførarbiletet er teke i november 2019. Foto: Oslo kommune/Sturlason
SV-politikar Marianne Borgen fotografert på Veitvet skole dagen etter folkeavstemminga i 1972. Ordførarbiletet er teke i november 2019. Foto: Oslo kommune/Sturlason
Artikkelen fortsetter under annonsen

Aldri før hadde nokon i Marianne Borgen sin familie teke høgare utdanning, men ho skulle gjerne sagt til seg sjølv at «det er lov å somla litt».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg jobba på Grorud sosialkontor som praktikant. For å kome inn på sosialskulen måtte vi den gangen ha eitt års praksis. For å tene pengar ved sida av jobba eg i ungdomsklubb på Haugenstua og på timebasis i fleire Narvesen-kioskar langsmed t-banen.

Då Marianne Borgen var 20 år gamal budde ho på Veitvet, midt i Groruddalen, heime hjå foreldra. Ho var førskulepraktikant til sosialskulen, men ville bli sosialarbeidar/sosionom.

Her kan du lese om fleire spennande 20-åringar!

Hugsar du kva som skjedde?

– Etter nokre månadar som praktikant, blei eg meir og meir usikker på om dette var ei utdanning som eg ønska. Eg syntest arbeidet var veldig administrativt, og at alt dreidde seg for mykje om å rekne ut stønadsbeløp, og ikkje det eg hadde forbunde med aktivt sosialt arbeid.

Borgen blei politisk aktiv i Sosialistisk Folkeparti (SF), som var forløparen til Sosialistisk Venstreparti. Her jobba ho mellom anna for likestilling og mot at Norge skulle inn i EEC (European Economic Community), som var forløparen til EU.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I 1971 var det mykje debatt om norsk EU-medlemskap, som vart nedstemt med 53,5 prosent i den første folkeavstemminga året etter.

– Eg var også sterkt engasjert i anti-apartheid-rørsla og kampen mot Vietnamkrigen og kampen mot atomvåpen, forklarar Borgen.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg las alle bøkene til Finn Carling, om oppvekst og om det å oppfatte seg som annleis. Dei bøkene betydde mykje for meg og mi forståing av mangfaldet i samfunnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Eg hugsar ikkje så mykje frå 20-årsdagen. Men eg hugsar at eg var veldig usikker på kva eg skulle bli og satse vidare på. Ingen i min familie hadde nokon gong studert eller tatt høgare utdanning, og mine vener frå Veitvet hadde for lengst starta i jobb.

Det var difor ei litt vanskeleg tid, med stor grad av usikkerheit, samstundes som eg blei fortald at eg hadde mange moglegheiter, men sidan eg ikkje heilt hadde kunnskap om ulike utdanningsvegar blei eg ganske rådvill.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Til slutt starta eg på ex.phil. på Blindern, og deltok også i mange demontrasjonar og arbeidet knytt til kampen mot Vietnamkrigen det året.

Visste du kva du ville bli?

Nei, eg var usikker. Samstundes hadde mine foreldre alltid hatt ønske om å få utdanning utover Folkeskolen, og oppmuntra meg veldig til å nytta dei nye moglegheitene min generasjon fekk, som dei ikkje hadde hatt.

Diktar Arnulf Øverland (1889-1968) sine ord pryda rommet til Marianne Borgen. Foto: Nasjonalbiblioteket
Diktar Arnulf Øverland (1889-1968) sine ord pryda rommet til Marianne Borgen. Foto: Nasjonalbiblioteket

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg hadde eit ønske om å bruka mine ressursar til å gjere verda til ein betre stad. Eg hugsar eg måla ein strieplakat som alltid hang på rommet mitt heime, der Øverlands ord blei måla:

«Du må ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv».

Det blei liksom mitt mantra frå ungdomstida mi.

Kva ville du tenkt om du møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg var nok ein ungdom som følte sterkt på det privilegiet eg fekk frå fellesskapet, om å kunne velje utdanning. At eg ikkje måtte skusle det bort. Det prega nok vala mine, at eg måtte utnytta tida og ikkje ta nokre kvileskjer.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Hadde eg møtt meg sjølv som 20-åring den gangen, med den kunnskapen eg har i dag, ville eg sagt at «Du har ikkje dårleg tid – du har heile livet framfor deg. Det er lov å prøva og feila litt, det er lov å somla litt.»

Les også om teikneserieforfattar Josef Yohannes (20), som ville bli Obama før Obama:

Tidleg i 20-åra jobba forfattar Josef Yohannes (39) med arrangement og fekk slik kontakt med mellom andre 50 Cent. Foto: Sajid Malik/Luca Kleve-Ruud
Tidleg i 20-åra jobba forfattar Josef Yohannes (39) med arrangement og fekk slik kontakt med mellom andre 50 Cent. Foto: Sajid Malik/Luca Kleve-Ruud