Visste du at eit «samisk minutt» er lengre enn eit «norsk minutt»?

Statsminister Erna Solberg og dåverande landbruks- og matminister Jon Georg Dale besøkjer reindriftssamar i Finnmark i april 2018.
Statsminister Erna Solberg og dåverande landbruks- og matminister Jon Georg Dale besøkjer reindriftssamar i Finnmark i april 2018. Foto: Kaja Schill Godager/Landbruks- og matdepartementet

...i alle fall på Sametingets talarstol. Har samar eit anna forhold til tid enn storsamfunnet?

– Kor lang er eigentleg ein «samisk halvtime»?

– Ja, den er jo så lang som den er, ler Aili Keskitalo.

Eg har ringt sametingspresidenten for å spørja ho ut om «den samiske halvtimen», eit omgrep ho kjenner godt til. Det handlar om at ting gjerne skjer ein halvtime etter ein trur det skal skje, forklarar Keskitalo.

Du har kanskje høyrt om «det akademiske kvarter» eller omgrepet «African time», men mykje tyder på at «den samiske halvtimen» ikkje er eit like velkjent fenomen.

Eg hadde i alle fall ikkje høyrt om det før mitt første besøk i Finnmark.

QUIZ: Kor mykje samisk kan du?

Ei felles tidsnorm

Karasjok 2017: Eg hadde sett meg ut ei omvisning på Sametinget kl 13.00. Då klokka passerte tida med både 10 og 20 minutt skulda venen min frå Lakselv på «den samiske halvtimen», som eg aldri hadde høyrt gjete om før.

Eit søk i nyheitsdatabasen Retriever viser at omgrepet berre er nytta fem gonger i norske aviser i 2019, alle desse avisene hadde lesarkrinsen sin i Nord-Noreg.

I ei av sakene fortel Ole-Henrik Bjørkmo Lifjell, som leiar Sametingets Ungdomspolitiske Utval, om å vekse opp som homofil i eit samisk miljø. Når tida på føredraget strekk ut gjev han litt innsikt i samisk kultur:

– Er en same invitert til middag til et avtalt tidspunkt så er det en felles norm at dette tidspunktet strekker seg en halvtime framover. Så jeg er godt innenfor tiden, seier han ifølgje Avisa Hemnes.

Han er ikkje åleine om å trykka den samiske historia om tid til sitt bryst.

Klesdesignar Ramona Salo Myrseth (28) skuldar gjerne på den samske halvtimen, men har òg latt seg inspirere av temaet. Foto: Andrea Rygg Nøttveit
Klesdesignar Ramona Salo Myrseth (28) skuldar gjerne på den samske halvtimen, men har òg latt seg inspirere av temaet. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Møtet som drog ut

Januar 2020: Klokka 12.40, tjue minutt før eg skal møta den sjøsamiske designaren Ramona Salo Myrseth på Vega Scene i Oslo for å snakka om berekraftig design, tikkar det inn ein e-post:

Hei!
Jeg håper du ser dette! Er i et møte på Riksscenen som drar litt ut. Er det for sent å flytte intervjuet til klokka 13:30?

Eg såg meldinga for seint og når Myrseth kjem unnskuldar ho seg voldsomt, men ikkje med «den samiske halvtimen», noko som er litt skuffande.

I 2018 fekk ho nemleg ein knallstart på karrieren med masterkolleksjonen «Den samiske halvtimen», som er inspirert av samisk mytologi.

Tida i Birtavarre

28-åringen medgjev lattermildt at ho har brukt «den samiske halvtimen» som ei unnskyldning – mange gonger.

Mora kan til dømes seie at når ein skal rekkje eit fly må det ikkje bli «den samiske halvtimen», men ho er litt usikker på kor kjent omgrepet eigentleg er utanfor Nord-Noreg.

Det er nesten umogleg å halde tida i Sápmi

Myrseth forklarar at avtalar heime – som er i Birtavarre i Kåfjord i Troms – kan vere litt flytande, slik at det anten kan skje i dag, eller i morgon.

– Det er nesten umogleg å halde tida i Sápmi, ler klesdesignaren.

Ho tek seg god tid og snakkar mykje. Ein ting bit eg meg merke i. Ho har ikkje kjelder på det, understrekar ho, men synest å ha høyrt at regjeringa har bestemt at eit «samisk minutt» er lengre enn eit «norsk minutt».

Kan det verkeleg stemme? Det høyres for godt ut til å vere sant, litt som PR-stuntet frå Innovasjon Norge om lokalsamfunnet Sommarøy som kasta alle klokker. Kva er det med Nord-Noreg og tid?

Klesdesignar Ramona Salo Myrseth har sett føre seg reiseklede i kolleksjonen «Den samiske halvtimen». Dette antrekket er kjøpt inn av Nasjonalmuseet. Foto: Alberto Palladino
Klesdesignar Ramona Salo Myrseth har sett føre seg reiseklede i kolleksjonen «Den samiske halvtimen». Dette antrekket er kjøpt inn av Nasjonalmuseet. Foto: Alberto Palladino

Eit langt samisk minutt

Det viser seg å stemme delvis. I 2016 bestemte sametingspolitikarane seg for at eit «samisk minutt» er lengre enn ei «norsk minutt» på talarstolen i Sametinget.

Sametingspresident Aili Keskitalo fortel at ordninga først og fremst vart innført som eit insentiv for å få meir samisk på Sametinget. I det politiske liv er taletid valuta, difor er det eit gulrot at ein får 30% lengre taletid på samisk.

Det betyr at eit «samisk minutt» den dag i dag er 20 sekund lengre enn ei «norsk minutt», i alle fall på Sametingets talarstol.

I eit intervju med samiske Elen Kristina Oskal, som har den nordsamiske stemma til Anna i Frost 2, forklarte 23-åringen at det er vanskeleg å snakka veldig fort på samisk, fordi samiske ord er lange med mange konsonantar.

Eg lurer difor på om de kan vere slik at ein faktisk treng lengre tid på å framføre bodskapen sin på samisk. Sametingspresidenten Keskitalo gjev meg delvis rett i fordommen og forklarar det med at «den samiske utrykksforma kan vere meir omstendeleg enn den norske».

Er du stødig i nordsamisk? Test deg sjølv i denne quizen!

Naturleg tid

Ifølgje sametingspresidenten er omgrepet «den samiske halvtimen» knytt til at samar tradisjonelt har hatt eit anna forhold til tid, enn folk busett i eit meir urbant samfunn.

– Det har vore slik at det ikkje nødvendigvis er knappane, men naturen og naturbruk som har styrt tida, noko som i nokre tilfelle har ført til kulturkollisjonar, forklarar Keskitalo.

Ho har høyrt sagt at ein må belage seg på å vere tolmodig når ein skal forhalde seg til samar, men sjølv oppfattar ho «den samiske halvtimen» mykje som ei myte i dagens samfunn.

Sjølv om sametingspresidenten ikkje nyttar seg av «den samiske halvtimen» er det eit omgrep ho stadig høyrer, gjerne som ei slags kjærleikserklæring til det samiske med litt humoristiske undertonar.

– Eg opplever at samar bruker det som ei unnskyldning når dei ikkje rekk noko, då er det ei lagleg unnskyldning å seia at ein praktiserer kulturen, humrar Keskitalo.

Les innlegget: Framtida til samisk ungdom blir sett på spel i byte mot pengar og status

I april 2018 tok statsminister Erna Solberg turen til Finnmarksvidda for å møte reindriftarar. Foto: Kaja Schill Godager/Landbruks- og matdepartementet
I april 2018 tok statsminister Erna Solberg turen til Finnmarksvidda for å møte reindriftarar. Foto: Kaja Schill Godager/Landbruks- og matdepartementet

«Heistesten»

Sametingspresidenten oppfattar ikkje omgrepet som ein negativ stereotypi, men har opplevd at samar vert opplevd som «meir uformelle»

– Det betyr ikkje at ein er treigare, men at ein prioriterer litt annleis.

Ifølgje sametingspresidenten handlar det om å vere litt spontan, ta seg tid til å prate med folk ein møter eller å ta ein kaffi med ein slektning. Slik sett meiner ho det er ein stereotypi med ei viss grad av sanning.

– På kommunikasjonskurs lærer ein ofte om dette med heistesten, at ein skal forklare ei sak på dei sekunda ein brukar på ein heistur, men det er verkeleg ikkje slik ein drøftar saker på samisk vis. Då handlar det om å ta seg tid til å lytte og diskutere.

Les innlegget: «På tide å logge av mobilen – og heller logge på livet?»

Sametingspresident Aili Keskitalo (midten) og resten av Sámediggeráđđi, Sametingsrådet, fotografert inne i hovudsalen på Sametinget, der eit «samisk minutt» er lengre enn eit «norsk minutt». Foto: Kenneth Hætta/Sametinget
Sametingspresident Aili Keskitalo (midten) og resten av Sámediggeráđđi, Sametingsrådet, fotografert inne i hovudsalen på Sametinget, der eit «samisk minutt» er lengre enn eit «norsk minutt». Foto: Kenneth Hætta/Sametinget

Tida går ikkje, ho kjem

Både Keskitalo og designar Myrseth forklarar at den samiske måten å tenkje tid på er sirkulær, den har ikkje noko byrjing eller slutt.

Klesdesignaren har adoptert den samiske tidsfilosofien.

– Det er ein veldig viktig verdi i samisk kultur det å ta tida, å vere i tida og planleggje for framtida, men og med tanke på fortida, seier Myrseth, som brukar den sirkulære tankegangen òg i klesproduksjonen sin.

For ho er «den samiske halvtimen» ein styrke, som handlar om å vere tilstades her og no.

Aili Keskitalo meiner på si side at ikkje at den samiske kulturen har heile sanninga. Ho meiner det å respektere andre si tid gjennom punktlegheit er ein viktig verdi.

Men ho likar tanken på at tida ikkje går, men kjem. Ho peikar på at me i dagens stressa samfunn kan læra noko av tanken på at døgeret, veka og året kjem tilbake.

– Eg synest det er det som på engelsk heiter reassuring – ei viss tilfredsstilling – i at ein får ein ny sjanse og at det kjem nye tider, avsluttar sametingspresidenten.

Les også: Samiske Nell Mathea (15): – Folk i klassen min spør meg kvifor eg ikkje kan samisk

Nell Mathea Nygård Mjøen (15) og mora Lis Mona Mjøen (47) lærer seg samisk saman og er begge like ivrige over å finna tilbake til språket som oldemor og bestemor ikkje fekk snakka. Foto: Foto: Andrea Nøttveit
Nell Mathea Nygård Mjøen (15) og mora Lis Mona Mjøen (47) lærer seg samisk saman og er begge like ivrige over å finna tilbake til språket som oldemor og bestemor ikkje fekk snakka. Foto: Foto: Andrea Nøttveit

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
Populært