Ann-Christine er 24 år og politisk nestleiar i Pensjonistpartiet på Askøy

Ann-Christine Mikkelsen.
Ann-Christine Mikkelsen.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho er ikkje ein gong halvvegs til pensjonistalder, men for 24-åringen har partiet vorte ein veg inn att i samfunnet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dei fleste i familien måtte le litt, då dei høyrde det. Ein tenkjer at ei så ung jente som eg ikkje har noko der å gjere, forklarar Ann-Christine Mikkelsen på telefon til Framtida.no.

Ho fortel at vitsane ikkje har lete vente på seg: «Har du vorte so gammal då?».

24-åringen står nemleg på andreplass for Pensjonistpartiet på Askøy til det komande lokalvalet, og er politisk nestleiar i lokalpartiet.

Namnet til trass, Mikkelsen meiner ho har funne partiet for seg.

Frå Ungdommens kommunestyre til Pensjonistpartiet

Som tenåring var Ann-Christine Mikkelsen politisk engasjert og ordførar i Ungdommens kommunestyre. Etter vidaregånde valde ho likevel å fokusere på jobb, og la politikken ligge. Men ho hadde gjort eit godt inntrykk. Ein kollega frå den tida rosa innsatsen i ei samtale med onkelen hennar Kurt Hæggernæs, som er pådrivar for den lokale forgreininga av Pensjonistpartiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hæggernes fekk høyre at 24-åringen hadde vore sakleg og dyktig som ordførar og hadde bein i nasa. Han tok kontakt: Kanskje var det tid for å ta opp att politikken?

24-åringen medgjev at ho laut gå nokre runder meg seg sjølv før ho takka ja. Det ville krevje tid og krefter. Krefter som Mikkelsen ikkje var sikker på ho hadde. Men det var nokre argument som vog tyngre:

– Eg tenkte at dette er noko eg kan brenne for. Eg kan få ei stemme i saka. Eg kan tore forklare korleis det er for oss som er utanfor samfunnet, forklarer ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

For Mikkelsen er ikkje Pensjonistpartiet for dei over 67 år med eit yrkesaktivt liv bak seg, ho fann at det også passa for ho som aldri kom seg inn i yrkeslivet.

Les også intervjuet med landets yngste ordførarkandidat Nilofar Nori (18): – Målet mitt er å få ei stemme som ein ungdom, som ein minoritet og som ei kvinne

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein kvardag med familie, vennar og legetimar

I dag er Ann-Christine Mikkelsen lukkeleg gift og har to hundar. Ho fortel om ein kvardag som består av familie og vennar, men også legetimar. For dei siste åra har ikkje vore enkle for 24-åringen.

Ann-Christine Mikkelsen er oppteka av at det lokale Pensjonistpartiet skal vere for alle som slit i kvardagen. Foto: Privat
Ann-Christine Mikkelsen er oppteka av at det lokale Pensjonistpartiet skal vere for alle som slit i kvardagen. Foto: Privat

Rett før ho var ferdig med fagbrev som helsefagarbeidar skada ho seg i ei volleyballulukke. Mikkelsen enda opp i rullestol, og i januar i år vart ho ung ufør.

24-åringen fortel at ho har slite med sosial angst og at ho har ME – òg kjent som kronisk utmattingssyndrom.

Det som fort kunne vorte argument mot å engasjere seg, vart for Mikkelsen grunnar til nettopp å gjere det:

– Dei fleste i min situasjon torer gjerne ikkje seie noko. Eg tenkte eg skulle kaste meg på, og snakke på vegner av oss, fortel Mikkelsen.

No trur 24-åringen at dette bakteppet vert hennar største styrke i lokalpolitikken.

– Eg har den bakgrunnen som trengst for å opne augo til dei som har hatt ei fin skuletid, er i full jobb, og har levd det livet samfunnet seier ein bør ha. Det er faktisk veldig mange som ikkje har det bra – kva med oss? spør Mikkelsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også saka: – Kvinner med funksjonsnedsettingar møter fleire hinder enn andre kvinner

Artikkelen fortsetter under annonsen

Livsgnisten kjem att

Endå namnet ikkje tilseier det, så har Mikkelsen funne rom for seg sjølv i Pensjonistpartiet, og deler fremst eit ønskje om endring på Askøy. Ho vil betre sjukehustilbodet, og opne friluftssentralar slik at fleire kan vere aktive:

– Dei fleste som har funksjonsnedsetjing, er uføre og pensjonistar bur ute på øyane – så det er vanskeleg for oss å kome oss inn til aktivitetar.

Samstundes ønskjer ho eit tilbod for å fange opp dei som har dette utanfor samfunnet, slik ho sjølv gjorde.

No er valkampen snart i full gong. Det tyder mykje reising, debattar og samtalar for å vinne så mange stemmer som mogeleg. Det vil nok koste mykje krefter, men Mikkelsen er likevel ikkje i tvil om at det er verdt det:

– Eg veit eg prøvar å gjere noko godt, og det vil gje meg ein fin livsgnist igjen. Eg gjer noko som eg sårt trengte då eg var liten. Eg kan vere det føredømet andre treng som eg aldri fekk.

Les også om Maria (15) frå Herøy som drøymer om å verte fiskar: – Her ute er det status å vere fiskar for gutane – dei kallar seg ekte menn – så dei var litt slik: «Nei, du kjem aldri til å greie det».

Saken ble først publisert på Framtida.no