Mats Herman og Guro har plass til eit heilt liv på 18 kvadratmeter

Guro og Mats Herman Aunevik føler ikkje dei måtte gje avkall på noko viktig for å passe inn i sitt nye minihus.
Guro og Mats Herman Aunevik føler ikkje dei måtte gje avkall på noko viktig for å passe inn i sitt nye minihus. Foto: Bente Kjøllesdal
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg trur alle hadde hatt godt av å bu på så lite plass, om berre for ein månad, for ein arbeider inn eit tankesett. Sjølv om vi ein gong flyttar inn i eit større hus, så vil haldninga til ting vere med oss resten av livet, fortel Guro Aunevik.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I desember flytte 26-åringen og den jamgamle ektemannen Mats Herman Aunevik inn i eit flunkande nytt hus.

Det som er meir uvanleg: Huset er 2,5 meter breitt, 7,2 meter langt, og kring 4 meter under taket.

Les fleire saker om lokal klimarisiko og klimaløysingar her!

Etter dei gifte seg fann Guro og Mats Herman ut at dei ville flytte frå Oslo til ein plass dei hadde felles: Vereide i Gloppen kommune. Der hadde begge gått på folkehøgskule, og som to friluftsmenneske freista tanken på å bu nært både fjord og fjell.

Lokal klimarisiko

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om lokal klimarisiko og løysingar på klimaproblema. Framtida.no samarbeider med lokalaviser over heile landet, Landslaget for lokalaviser, ABC Nyheter og Energi og Klima om prosjektet fram mot lokalvalet i september. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord. Tips oss gjerne på tips @ framtida.no!

Dei skaffa seg arbeid: Guro som lærar på ein vidaregåande skule i nabokommunen og Mats Herman som overingeniør i Nordfjord Jordskifterett. Men dei trengde også bustad, og det frista ikkje å ta opp eit stort huslån.

– Vi hadde lyst til å ha noko eige, og det var ikkje så aktuelt å kjøpe eller pusse opp noko, fortel Guro Aunevik.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Så møtte dei nokre studentar som hadde bygd minihus, og paret vart inspirert. Tankane byrja å svirre: Kan dette fungere for oss? Vert det såpass bra at det ikkje kjennest som vi bur i ei campingvogn?

Minihuset til Guro og Mats Herman Aunevik er plassert på ein spesialbygd hengar. Når dei ribbar huset innvendig veg det under 3,5 tonn og dei kan difor også transportere det. Foto: Bente Kjøllesdal
Minihuset til Guro og Mats Herman Aunevik er plassert på ein spesialbygd hengar. Når dei ribbar huset innvendig veg det under 3,5 tonn og dei kan difor også transportere det. Foto: Bente Kjøllesdal

Frå ideen slo rot til huset stod ferdig gjekk det slag-i-slag:

– Sidan august har vi jobba kvar dag fram til desember for å komme i mål, fortel Mats Herman Aunevik.

Sidan han sjølv er ein fingernem ingeniør har paret kunna gjere nesten alt på eiga hand. Berre elektrikar, røyrleggjar og blikkenslagar har dei vore nøydde til å leige inn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Nysgjerrig på å bygge trekkehus? Her er sju gode tips.

Har ikkje plass til rot

Før dei bygde sin eigen heim, leigde paret eit stort hus i Gloppen med heile seks soverom og to bad. Det førte til at oktober og november gjekk med til å minimere mengda eigedelar som hadde hopa seg opp.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Hadde vi hatt samvit til å hive det vi ikkje treng, så hadde det vore ganske enkelt, for då kunne vi berre hive det i ein container. Men det tek tid når ein skal prøve å anten gje det til nokon som treng det, selge det eller spare på det på loftet til mamma og pappa, fortel Guro.

Igjen står dei med det aller viktigaste, og berre det:

– Vi får eit veldig bevisst forhold til kva vi har i hus. No har vi ein fast plass til hovudlykta, og veit kor hanskane lyt ligge, seier Mats Herman.

– Vi ville ha eit minihus som ser ut som ein heim inni, fortel Mats Herman Aunevik. Foto: Bente Kjøllesdal
– Vi ville ha eit minihus som ser ut som ein heim inni, fortel Mats Herman Aunevik. Foto: Bente Kjøllesdal

Les også: Tusenvis av svenskar med felles nyttårsforsett for klimaet

Før noko kjem inn, må noko ut

Foto: Bente Kjøllesdal
Foto: Bente Kjøllesdal

– Vi har ikkje plass til noko nytt. Om vi skal kjøpe noko så må vi byte ut noko anna. Så vi har eit veldig bevisst forhold til kva vi har og kva vi treng. Før vi kjøper noko lyt vi tenke; «Har eg så lyst på det at eg vil byte ut eller selje noko anna?», seier Guro, og legg til:

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Forbruk er jo utruleg viktig for å gjere noko med omsyn til klimaet.

Forsking frå NTNU syner at meir enn 60 prosent av klimagassutsleppa på kloden kjem frå forbruket til hushaldningar. Brorparten av desse utsleppa er indirekte og kjem frå produksjonen av varer og produkt som vi kjøper. Det kostar klimaet å ha eit klesskap fullt av nye klede, og å stadig kjøpe ny mobiltelefon, smart-klokke eller datamaskin.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Berekraftsperspektivet har vorte viktigare og viktigare undervegs, fortel paret.

– Vi var på ein klimakonferanse på Firda vidaregåande skule der det var sagt at «handling fører til haldning», og det kjenner vi oss veldig godt att i, seier Mats Herman.

Huset har tvinga dei til å tenke meir miljøvenleg.

Ekteparet har difor også eit nyttårsforsett i år: Dersom dei byter ut og lagar plass til noko nytt i heimen, så lyt det vere kjøpt brukt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du lyst til å leve meir miljøvenleg? Her er forskaren sine beste tips.

Alle krokar og krikar lyt nyttast til fulle. Paret har kopla minihuset på eit avløp, medan dei kjøper straum og vatn frå naboen. Foto: Bente Kjøllesdal
Alle krokar og krikar lyt nyttast til fulle. Paret har kopla minihuset på eit avløp, medan dei kjøper straum og vatn frå naboen. Foto: Bente Kjøllesdal

Eit avgrensa hus, men ikkje avgrensa livsstil

Endå dei berre har 18 kvadratmeter og ein hems til rådigheit synest ikkje paret at huset avgrensar måten dei lever på.

På hemsen er det kanskje lågt under taket, men rikeleg med plass likevel. Foto: Bente Kjøllesdal
På hemsen er det kanskje lågt under taket, men rikeleg med plass likevel. Foto: Bente Kjøllesdal

– Vi må planlegge litt meir. No til dømes, har eg eigentleg ein klesvask eg skulle vaska, men eg kunne ikkje vaske den no når vi får besøk, for då ville den kanskje vore i vegen, fortel Guro.

Dei har ikkje lenger plass til å invitere heile vennegjengen på pizza og Guro slit med å sovne på hemsen om Mats Herman sit ved stovebordet, men dei meiner dei har fått noko betre i retur:

– Vi har fått betre tid. Ein får litt hyttekjensle på ein måte – den deilige hyttekjensla, det at ein berre kan sitte her med ein kaffikopp og sjå rett ut, seier Guro.

Les også: Unge er meir villige til å støtte klimavenleg politikk

Nærare fjorden er det vanskeleg å kome: Minihuset står plassert på ei kai langs Nordfjorden. Foto: Bente Kjøllesdal
Nærare fjorden er det vanskeleg å kome: Minihuset står plassert på ei kai langs Nordfjorden. Foto: Bente Kjøllesdal