«Hey man!» skal nedkjempe einsemd blant menn

Andreas Emil Hjertaker håpar «Hey man!» vert ein naturleg stad å oppsøke dersom ein treng eit nettverk i ny by, eller berre vil utvide det ein har.
Andreas Emil Hjertaker håpar «Hey man!» vert ein naturleg stad å oppsøke dersom ein treng eit nettverk i ny by, eller berre vil utvide det ein har. Foto: Andrea Rygg Nøttveit
Artikkelen fortsetter under annonsen

Administrator Andreas Emil Hjartaker håpar «Hey man!» vert ein like stor plattform for menn som treng eit nettverk som «Hey girl!» har blitt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Nokon må ta ansvar for mennene, seier Andreas Emil Hjertaker (33).

Etter at VG i fjor skreiv om kjærasten Marielle Frank sitt initiativ til venegruppa «Hey girl!» rann det inn med nye medlemmer. Mange etterlyste også eit tilsvarande tilbod for menn, noko som er bakgrunnen for at dei to saman starta Facebook-gruppa «Hey man!»

– Ein kunne jo hatt ein «Hei alle saman», men sidan me opplever at det er eit udekt behov for plattformar kor folk kan finne venar av same kjønn, er tanken at «Hey girl!» og «Hey man!» skal fylle dette behovet, forklarar Hjertaker.

Les også om Vaffelgutta som vil glede 60.000 heimlause i New York!

38 «Hey girl!»-grupper

Tilflyttar Marielle Frank starta «Hey girl! Oslo» som ein plattform for jenter som ville utvide nettverket sitt. Foto: Andrea Rygg Nøttveit
Tilflyttar Marielle Frank starta «Hey girl! Oslo» som ein plattform for jenter som ville utvide nettverket sitt. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Facebook-gruppa «Hey girl! Oslo» starta allereie i 2016 og vart etter kort tid ein suksess. I samband med oppstarten møtte Framtida.no initiativtakar og tilflyttar Marielle Frank.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det blir vanskelegare å finna plattformar å bli kjent med nye folk. No jobbar eg jo berre, så då blir det dei du møter på jobb eller når du går ut på byen. Folk ser gjerne på deg som desperat når du prøver å bli kjent med nye folk, fortalde Frank til Framtida.no den gongen.

No har «Hey girl!» utvida til 38 byar og tettstader frå Alta i nord til Kristiansand i sør. «Hey girl! Oslo», som framleis er den største, har over 5000 medlemmer. Her skriv alle frå tenåringar til godt vaksne kvinner for å avtale aktivitetar og møter med andre.

Hjertaker håpar at «Hey man!» kan bli ei like stor plattform for menn. Til no har dei starta opp 14 stadar, i: Oslo, Bergen, Trondheim, Tønsberg, Stavanger, Drammen, Tromsø, Bodø, Kristiansand, Grenland, Lillehamer, Fredrikstad, Arendal og Ålesund.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les innlegget: «Einsemd gjer stor skade, men let seg ofte lett bøte»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å vera mann

– Sjå føre deg at du er ny i ein by. At du ikkje studerer, driv aktivt med idrett eller for eksempel tilhøyrar eit trussamfunn av noko slag. Kor finn ein då vener? Kor finn ein nokon å gjere noko med? spør Hjertaker.

Administratoren for «Hey man!»-gruppene ser absolutt behovet for eit slikt tiltak og peikar mellom anna på at menn oftare er skuletaparar og i større grad fell utanfor i samfunnet.

– Som mann sjølv ser eg føre meg at det er litt vanskelegare for menn å vere einsame, fordi dette med å vere ein mann er at ein klarar seg fint. Då kan det kanskje vere litt vanskelegare å rope om hjelp, spekulerer Hjertaker.

Han håpar gruppa kan bli eit tilbod for menn i alle aldrar som vil kome i kontakt med folk. Det kan vere menn som er einsame, men òg dei som berre vil utvide nettverket sitt, finne nokon å utøve ei spesiell interesse med eller har lyst å finne nokon å gjere noko med ein enkelt gang.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvart år inviterer komikar Sarah Millican einsame til å #joinin på Twitter i romjula. Les saka her!

Einsemd i fellesskap

Tanken er at «Hey man!» skal være ein plattform det menn kan utvide eller bygge nettverk.

– Hovudmålet er å motarbeide einsemd i alle former. Ein treng ikkje å vere ein slik loner, men ein kan òg vere det – for å bruka det uttrykket, forklarar Hjertaker.

Han trur at fleire enn ein kanskje trur er einsame rett og slett fordi dei ikkje har ein god støttespelar eller nære vener.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– I dagens internettsamfunn har ein jo massevis av bekjentskapar og «hei-vener», men det betyr ikkje at ein har ein å vera heilt open og ærleg med – eller berre nokon å snakke med. Det er mange som treng det, understrekar 33-åringen.

– Det har jo vore mykje snakk om at eldre er einsame, men eg trur folk er einsame heile tida. Så er det ikkje slik som då du var liten at du berre kan gå og dunke på døra og spørje: «Er det nokon barn her som vil leike?»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvar mann er ei øy

Administratoren fortel at nokre av postane som har kome til no har vore ganske sjølvutleverande, noko han har stor respekt for.

På sikt håpar Hjertaker at «Hey man!» kan vakse seg større og bli eit fora der medlemmene kan føle seg trygge til å oppsøke kontakt for å finne nye venar, noko som kanskje ikkje er like lett å gjere i ei statusoppdatering på si eiga Facebook-side.

– Trur du menn er meir einsame enn kvinner?

– Eg trur menn har ein større tendens til å vera si eiga øy. Kanskje det har litt med stoltheit å gjere, seier Hjertaker, som understrekar at det berre er ein subjektiv analyse frå hans side.

Sjølv om 33-åringen ser eit aukande fokus på menn si psykiske helse, synest han ikkje samfunnet i tilstrekkeleg grad tek på alvor det at menn toppar negative statistikkar knytt til mellom anna fengselsopphald og sjølvmord.

– Det me gjer her er berre å laga ein arena og eit forum som er lukka og som er utelukkande for menn der menn kan snakke og forhåpentlegvis vere meir opne.

Kor opne om eigne kjensler er eigentleg menn? Og kan eit spørsmål på Tinder gje noko svar? Les om eksperimentet her!