– Fleire og fleire innser at dei ikkje treng å eige

Seljarane Eivind Koren og Johanne Sverresdatter Seeberg trur det vil verte vanlegare å leige utstyr i framtida og ser ei auke på vinterstid.
Seljarane Eivind Koren og Johanne Sverresdatter Seeberg trur det vil verte vanlegare å leige utstyr i framtida og ser ei auke på vinterstid.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire store kjeder satsar på reparasjon, utleige og bruktsal. Kan sirkulærøkonomi redda kloden?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg trur me hadde leigd ut meir om fleire hadde visst om tilbodet. Folk leiger ski og sikkerheitsutstyr, så kvifor ikkje leige tøy òg? spør Eivind Koren, seljar i Houdini Hub i Oslo.

Han fortel om utelukkande positive tilbakemeldingar på tilbodet om å leige turklede, og trur dette vil verte mykje vanlegare i framtida.

– Fleire og fleire innser at dei ikkje treng å eige, dersom du til dømes bur i Oslo og berre brukar utstyret få gonger i året. Dei fleste gjer det av omsyn til lommeboka, og så kjem det at du vert meir miljøvenleg med på kjøpet, seier Koren.

Han får støtte av kollega Johanne Sverresdatter Seeberg, som fortel at vinteren er høgsesong for klesutleige.

Om lag halvparten av dei som leiger gjer det for å prøva ut utstyret før dei kjøper, medan andre leiger fordi dei berre treng kleda til ein dag i bakken på Tryvann eller ei langhelg på ei hytte.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: – Me har eit stort forbruk av klede. Det er heilt ekstremt!

Houdini-seljar Josef Nyström Baksaas ser føre seg ei framtid der klesbutikkar fungerer nesten som ein garderobe. Foto: Privat
Houdini-seljar Josef Nyström Baksaas ser føre seg ei framtid der klesbutikkar fungerer nesten som ein garderobe. Foto: Privat

Butikken som klesskap

Houdini Hub i Oslo starta opp med utleige av turklede i 2016. I første omgang leiger dei ut ytterklede, som skijakker og bukser, samt isolasjonsjakker og fleeceprodukt.

For Houdini er utleige av friluftsklede framleis berre ein liten del av verksemda, men seljar Josef Nyström Baksaas trur det vil verte vanlegare i framtida.

– På sikt går det an å førestilla seg at ein brukar butikken nesten som ein garderobe. Kanskje skal du på ski ei helg og kajakk neste helg. Er du skiguide og brukar utstyret 200 dagar i året skal du sjølvsagt eige det, men om du berre skal på ski ei gong i året kan det verte ei dyr investering som vert hengjande i skåpet, seier Baksaas.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I opphavslandet Sverige har Houdini lenge satsa på ein miljøprofil:


Svenske berekraftsambisjonar

I opphavslandet Sverige har Houdini drive utleige av klede sidan 2012, og i fjor stod det dei kallar «reservices» for om lag éin prosent av omsetninga. Dette inneber både utleige, reparasjonar og bruktsal.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjeden har som mål at «reservices» skal stå for 10 prosent av omsetninga innan 2025.

Innan 2022 er målet at alle produkta skal vere produsert av resirkulert eller biologisk nedbrytbart materiale.

Baksaas viser til at produksjon og sal av tekstilar har skote i vêret sidan år 2000. På denne tida har klesforbruket til kvar enkelt i snitt auka med meir enn 60 prosent.

– Det er ikkje berekraftig, og for oss er det viktig å få folk til å investera i klede som er produsert med omsorg. Det er òg ein måte å gå frå ein lineær til sirkulær businessmodell på, og gjer at me får kontroll på at kleda ikkje ender opp på ei søppelfylling, seier Baksaas.

Les også: Delingsøkonomi deler samfunnet. Styresmaktene heng etter.

Eit reknestykke

Han ser på ein meir berekraftig modell som både nødvendig og lønnsamt.

– Ein kan setje opp eit reknestykke med kva ei jakke kostar å selje, eller ein kan leige ut x gonger. Då kan ein sitje att med meir og ha råvarene igjen, understrekar Baksaas.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I opphavslandet Sverige har Houdini byrja eit pilotprosjekt der ein kan abonnere på ein klespakke der ein kan bytte ut klede undervegs. I tillegg samarbeidar dei om utleige av klede med eit hotell i skidestinasjonen Åre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Må løne seg for forbrukarane, oss og miljøet

Det norske merket Bergans starta òg med utleige av friluftsutstyr- og klede i sin nye flaggskipbutikk i 2016. I sommar starta dei opp eit samarbeid med Den Norske Turistforening (DNT) om utleige av turklede på Gjendesheim Turisthytte i Jotunheimen.

– Me må skape ein økonomisk modell som er berekraftig. Det må løne seg for forbrukarane, oss og miljøet, seier berekraftsansvarleg i Bergans, Yngvill Ofstad.

Berekraftansvarleg i Bergans, Yngvill Ofstad, trur på sirkulære forretningsmodellar og vil få opp volumet på utleigedelen av verksemda. Foto: Esmod i Oslo
Berekraftansvarleg i Bergans, Yngvill Ofstad, trur på sirkulære forretningsmodellar og vil få opp volumet på utleigedelen av verksemda. Foto: Esmod i Oslo

Bergans vil starta med utleige på nett

Bergans jobbar med å få på plass ein utleigemodell på nett, som dei håpar å få klar i løpet av neste år.

Det har vist seg å vere meir utfordrande enn først antatt.

– Me må jobbe meir med dei teknologiske løysingane. Dei systema me har i dag er laga for å kjøpe på nett, men no må me ha det tilbake òg. Når ein leiger ut må ein sjekke at utstyret er heilt, telt må slåast opp og klede må vaskast, forklarar Ofstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Slik annonserer Bergans pilotprosjektet på Gjendesheim:

Klesindustrien tek grep

Ifølgje tal frå FN står produksjon av klede for om lag ti prosent av dei totala klimautsleppa i verda.

Men klesindustrien er i ferd med å ta klimaendringane på alvor. I samband med klimatoppmøtet i Katowice, lanserte H&M, Hugo Boss, Puma, Adidas og Adidas sitt mål om å vere klimanøytrale innan 2050. Dei håpar òg å redusere utsleppa med 30 prosent innan 2030.

Miljø- og CSR-ansvarleg i Virke, Camilla Gramstad, har ansvar for det som på engelsk heiter «corporate social responsibility». Foto: Pressefoto
Miljø- og CSR-ansvarleg i Virke, Camilla Gramstad, har ansvar for det som på engelsk heiter «corporate social responsibility». Foto: Pressefoto

Virke representerer over 21 000 norske verksemder og er den leiande hovudorganisasjonen for tenestenæringane i Noreg.

Miljø- og CSR-ansvarleg i Virke, Camilla Gramstad, fortel at dei trur fleire aktørar vil velje å tilby reparasjonstenester både fordi ressursar vil bli dyrare og det vil løna seg å ta vare på tinga våre, og fordi det rett og slett er god service.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Virke meiner at framtida er sirkulær økonomi der me held ressursar i kretsløp, og skapar nye produkt, tenester og arbeidsplassar. Handelen har si rolle å spelle i ein slik sirkulær økonomi, ved å tilby berekraftige løysningar som er så attraktive at kundane veljer det, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gramstad synest det er flott at mange handelsaktørar tilbyr dette allereie og peikar i tillegg til Norrøna og Bergans på at H&M har inngått samarbeid med gründerane i Repairable. Med samarbeidet skal dei hjelpe kundar å ta vare på kleda sine.

Samtidig kjøper IKEA tilbake gamle møblar og vil starte gjenbruksbutikkar.

Gramstad viser til at Sverige har innført halv moms på reparasjonstenester for å stimulere denne marknaden og meiner me her i Noreg bør følgje med på svenskane sine erfaringar.

Ansvarleg for miljøteknologi i Innovasjon Norge, Marianne Tonning Kinnari, meiner det må løne seg for både bedrifter og kundar å velje berekraftige løysingar. Foto: Pressefoto
Ansvarleg for miljøteknologi i Innovasjon Norge, Marianne Tonning Kinnari, meiner det må løne seg for både bedrifter og kundar å velje berekraftige løysingar. Foto: Pressefoto

Innovasjonsfokus

Sidan 2017 har Innovasjon Norge gjennom miljøteknologiordninga fokusert på sirkulær økonomi, fordi dei ser det som eit viktig steg mot ei meir berekraftig utvikling.

Ansvarleg for miljøteknologi, Marianne Tonning Kinnari, les signala frå EU som at det kjem til å kome klarare krav til det ein kallar produsentansvar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Den største utfordringa er endringane i forretningsmodellen, der du før selde produktet og så var du ferdig med det. Ein kan ikkje lenger rekna med at andre skal ta ansvar for produktet du produserer når det er blitt utrangert og hamnar på dynga, seier Kinnari.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho meiner at det å ta tak i verdikjeda langt forbi det ein gjer i dag er ei utfordring for mellomstore norske bedrifter.

– Ein del av løysinga for sirkulærøkonomi er knytt til digitalisering og nye forretningsmodellar, som mellom anna inneber utleige i staden for sal.

– Om ein går over til utleige, inneber dette iblant ei form for kannibalisme på den eksisterande forretningsmodellen. Problemet er at du går i konkurranse med deg sjølv, noko mange har snust på og funne ut at er for krevjande, seier Kinnari.

Ho meiner myndigheitene må på banen for å gjere det meir lønsamt for både forbrukar og produsent å velje berekraftig.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me har lenge prøvd med gulrota, men eg opplever at på eit tidspunkt er det på tide med krav slik at ein merkar det på lommeboka, avsluttar Kinnari.

I dag har Bergans allereie tenester som reperasjon, sybil, systove, redesign, innsamling og ombruk. Foto: Foto: Bergans
I dag har Bergans allereie tenester som reperasjon, sybil, systove, redesign, innsamling og ombruk. Foto: Foto: Bergans

Føre var

I dag har Bergans allereie tenester som reperasjon, sybil, systove, redesign, innsamling og ombruk.

Ofstad trur me berre vil sjå meir og meir av det ein kallar sirkulære forretningsmodellar og at dei som har gode løysingar på plass vil ha eit fortrinn.

– Om ein les FNs klimarapport og ser litt fram i tid, så ser ein at forbruket vårt må endre seg. Me må fokusera på å ta vare på det me har og dele. Ikkje alle treng å fylla opp bua med tre telt og åtte soveposar.