Krev forbod mot jomfruhinnesjekk

Generalsekretær i LIM (Likestilling, integrering, mangfold) Dana Manouchehri, Jan Bøhler (Ap), forskar Halima El Abassi, Guro Angell Gimse (H) og leiar for førebyggjande eining i Sør-Aust politidistrikt, Nina Karstensen Bjørlo vil alle ha ein slutt på såkalla jomfrusjekkar.
Generalsekretær i LIM (Likestilling, integrering, mangfold) Dana Manouchehri, Jan Bøhler (Ap), forskar Halima El Abassi, Guro Angell Gimse (H) og leiar for førebyggjande eining i Sør-Aust politidistrikt, Nina Karstensen Bjørlo vil alle ha ein slutt på såkalla jomfrusjekkar.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ingen veit kor utbreidd såkalla jomfruhinnesjekk er i Noreg. Fleire etterlyser eit eksplisitt forbod.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me veit altfor lite om dette med jomfrusjekk, men me veit at det eksisterer i stort omfang og at det er eit stort mørketal på desse felta, seier sosionom og forskar Halima El Abassi.

Ho arbeider med ei doktorgrad om æresrelatert vald og konfliktar og har snakka med spesielt mødrer i Noreg, Danmark og Marokko.

El Abassi var ein av innleiarane under debatten «Jomfru nok?» arrangert av LIM (Likestilling, integrering, mangfold) og Født fri, som vart arrangert tysdag forrige veke.

Myten om jomfruhinna

I Danmark vert eit forbod mot jomfrusjekk og rekonstruksjon av jomfruhinna debattert, noko El Abassi er tydeleg på at burde ha vore på plass for lenge sidan.

– Det er eit overgrep mot mange jenter og familiar at me ikkje har eit forbod mot jomfrusjekk og jomfruoperasjonar, men det kan ikkje stå åleine. Mange familiar har ikkje eit alternativ. Dette er ei førestelling dei har hatt i generasjonar, som ikkje kan endrast frå ein dag til ein annan, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

El Abassi er difor oppteken av at ein må fokusera på både forbod og førebygging retta inn mot både foreldra og ungdommane.

Les intervju med Iram Haq: – Det er frykt som driv sosial kontroll vidare

Danske Halima El Abassi arbeider med ei doktorgrad om æresrelatert vald og konfliktar ved Oslo Met.
Danske Halima El Abassi arbeider med ei doktorgrad om æresrelatert vald og konfliktar ved Oslo Met.

Ikkje norske verdiar

Det er framleis mange myter knytt til den såkalla jomfruhinna. Jomfruhinna er nemleg ikkje noko hinne, men ein sirkelforma krans ved inngangen til skjeden. I fjor valte Store Norske Leksikon å endre namnet til skjedekrans i sin artikkel om emnet, meldte NRK.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– I skjedekransen er det allereie eit hol som gjer at menstruasjonsblodet kan koma ut. Ein kan ikkje sjå eller merka på ei kvinne om ho er jomfru. Ein lege kan heller ikkje konstatera det, så kvifor desse jomfrusjekkane eksisterer er faktisk litt uforståeleg, seier El Abassi.

Den danske forskaren understrekar at det er uforeineleg med norske verdiar at unge kvinner og jenters seksualitet og privatliv skal kontrollerast på denne måten.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er ei overtyding om at kvinnas seksualitet har betydning for om familien er god nok. Det er eit veldig stort ansvar mange minoritetskvinner ber og som ikkje har noko som helst med verkelegheita å gjere, seier El Abassi.

Les også: Lege vil ha betre seksualundervisning etter jomfruhinnedebatt

Generalsekretær Dana Manouchehri i LIM (Likestilling, integrering, mangfold) meiner jomfrusjekkar er eit overgrep som burde opprøra fleire.
Generalsekretær Dana Manouchehri i LIM (Likestilling, integrering, mangfold) meiner jomfrusjekkar er eit overgrep som burde opprøra fleire.

Jomfruhinne på liv og død

Jomfruhinnesjekk er ein av dei yttarste konsekvensane av den sosiale kontrollen som vert utøvd over minoritetskvinner og ein praksis organisasjonen LIM (Likestilling, integrering, mangfold) vil til livs.

– Småpiker får ikkje ein gong sykle, fordi det kan sprekke jomfruhinna. Og i nokre miljø vert den syltynne, elastiske hinna sin tilstand spørsmål om liv og død, seier generalsekretær Dana Manouchehri i si innleiing.

I 2016 meldte medier over heile verda om 19 år gamle Khanzadi Lashari, som vart kvalt på bryllaupsnatta. I avhør med pakistansk politi skal ektemannen ha sagt at motivet var at han mistenkte at ho ikkje var jomfru, ifølgje The Daily Mail.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det triste er at dette skjer i Noreg no. Me får høyre det gjennom jentene sjølv, men òg legar som ikkje ynskjer å gjera dette, fortel Manouchehri, som etterlyser meir kunnskap om temaet.

Les også: Mona og Hilde vil ha gutane med i kampen mot sosial kontroll

Rekonstruksjon av jomfruhinna

Halima El Abassi viser til undersøkingar som viser at under halvparten av kvinner blør under første samleie, eit teikn som gjerne vert sett på som sikkert bevis på at kvinna er jomfru.

For å sikra at det kjem blod på lakenet under første samleie vel nokre kvinner å gjennomføra ein såkalla rekonstruksjon av jomfruhinna.

I 2002 vart praksisen med rekonstruksjon av jomfruhinna behandla av Rådet for legeetikk, som vurderte at det kunne forsvarast i tilfelle der kvinna var alvorleg trua om ho ikkje hadde inntakt jomfruhinne. Rådet samanlikna inngrepet med andre kosmetiske kirurgiske inngrep, men «anser likevel jomfruhinneplastikk som særlig betenkelig, fordi inngrepet foretas for å løse et kulturelt problem».

Artikkelen fortsetter under annonsen

I 2006 vart den siste rekonstruksjonen av ei jomfruhinne gjennomført i Noreg, men framleis reiser kvinner til utlandet for å få gjennomført inngrepet.

I oktober publiserte KK eit intervju med anonyme «Nahid», som fortel at ho reiste utanlands for å kjøpe jomfruhinne slik at ho skulle blø på bryllaupsnatta etter sitt arrangerte ekteskap.

– Eg var heilt tilfreds og kunne pusta letta ut; eg hadde til punkt og prikke oppfylt dei forventningane som var blitt stilt til meg sidan eg var fødd! uttalar den 26 år gamle kvinna til kvinnebladet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Og på nettsidene til Ung.no kan ein lese denne desperate meldinga frå ei tenåringsjente:

Usikre reglar

LIM har vore i kontakt med Pasientombodet for å høyra om praksisen med jomfrusjekk er lovleg i Noreg, noko dei synest var vanskeleg å gje eit eintydig svar på.

Då LIM vidare søkte juridisk rettleiing fekk dei vete at barn under 16 år er umyndige i helsespørsmål, men at ein skal ta omsyn til barnets ønske om det er over 12 år.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Norske legar skal ikkje vere ein del av kontrollregimet som minoritetsjenter utsetjast for. Me må setja ein stopp for dette, seier Manouchehri.

Ho meiner legar som vert kontakta for å gjennomføra slike sjekkar bør kontakta barnevernet og etterlyser eit klokkeklart lovverk som forhindrar slike overgrep. Det er ho ikkje åleine om.

Leiar for førebyggjande eining i Sør-Aust politidistrikt, Nina Karstensen Bjørlo, var i 2005 med å etterforska dei første sakene der nokon vart domfelt for tvangsekteskap. Ho etterlyser forbod òg mot jomfrusjekk.
Leiar for førebyggjande eining i Sør-Aust politidistrikt, Nina Karstensen Bjørlo, var i 2005 med å etterforska dei første sakene der nokon vart domfelt for tvangsekteskap. Ho etterlyser forbod òg mot jomfrusjekk.

Politileiar vil ha forbod

– Me må ha eit forbod – diverre – fordi det er ein så inngrodd tradisjon, seiar leiar for førebyggjande eining i Sør-Aust politidistrikt, Nina Karstensen Bjørlo.

Ho er forundra over at ein i dag ikkje har kome lenger og viser til at både kjønnslemlesting og tvangsekteskap framleis føregår trass i at desse praksisane er forbode i Noreg.

Arbeidarpartipolitikar Jan Bøhler trur det er grunn til å vera uroa over omfanget og er klokkeklar på at praksisen må bli ulovleg.

– Om me skal ha eit samfunn med ein viss moral i behold og stilla opp for desse jentene, så må me ha eit forbod, seier Bøhler, som har møtt jenter i Groruddalen som fortalte om fenomenet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I 2016 svara helseminister Bent Høie til NRK at jomfrusjekk er ulovleg i Noreg med heimel i helsepersonellovas forsvarlegheitsplikt.

Dette meiner Bøhler ikkje er konkret nok.

– Det er ein type psykisk press om at ein kan bli stempla for all framtid, som desse jentene kan bli utsett for, seier Arbeidarpartipolitikar Jan Bøhler, som vil den negative sosiale kontrollen til livs.
– Det er ein type psykisk press om at ein kan bli stempla for all framtid, som desse jentene kan bli utsett for, seier Arbeidarpartipolitikar Jan Bøhler, som vil den negative sosiale kontrollen til livs.

Skal sjå på dagens lovgjeving

Tidlegare i år føreslo Bøhler saman med fleire Arbeidarpartipolitikarar å endra lova for å gje kvinner vern mot såkalla ærbarheitsattestar og uskuldskontrollar, uansett om det vert gjort av helsepersonell eller andre.

Forslaget fekk støtte av Ap, Raudt og regjeringspartiet Frp. Forslaget fekk ikkje fleirtal i Stortinget, noko Bøhler stiller seg uforståande til.

Medlem i justiskomiteen på Stortinget, Guro Angell Gimse (H), presiserer at det vart vedtatt at regjeringa skal vurdera i kva grad dagens straffelovgjeving rammar ærbarheitsattestar og uskuldskontrollar, slik at ein eventuelt kan utvida lovverket.

– Det er ikkje ein konklusjon på at ein skal gjere det, men ein skal vurdera om straffelova råkar det og om ikkje skal ein koma tilbake med forslag. Eg meiner jo at ein er langt på veg når det kjem til å sjå på problemstillinga, understrekar Gimse, som vil følgja utviklinga i saka.

Artikkelen ble først publisert av Framtida.no.