Meny

Maia og Mathias får løn under utdanning

Mathias visste ikkje så mykje om fengselsvesenet før praksisåret som startar andre semester. Foto: Andrea Rygg Nøttveit
Kvart år søkjer over 1100 personar fengselsbetjentutdanninga. Nålauga er trangt og vegen ut er kort.

– Eg var ikkje førebudd på at det skulle vere så mykje rollespel. Det er litt utanfor mi komfortsone, smilar Maia (23).

Framtida.no møter ho og medstudent Mathias (23) i øvingsfengselet i kjellaren på Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter (KRUS) i Lillestrøm.

Her har fengselsbetjentaspirantane mellom anna øvd seg på å møta innsette med riktig kroppsspråk i truverdige omgjevnadar. Det kan mellom anna vera med tanke på sjølvmord, som det er auka risiko for dei to første dagane.

Fengselsbetjentaspirantane vert filma og går igjennom seansen etterpå.

– Det kan vera litt kleint, medgjev Mathias.

Trongt nålauge

– Eg tenkjer veldig mykje på det at om du stryk på eksamen to gonger, så er du ute, seier Maia.

Ho fortel at studiet er meir krevjande enn ho hadde sett føre seg på førehand.

Fengselsbetjentutdanninga består av ei toårig utdanning og eitt obligatorisk pliktår før dei ferdig utdanna aspirantane kan gå ut i jobb.

Opptaket til fengselsbetjentutdanninga går ikkje gjennom Samordna opptak, men vert lyst ut som ei vanleg stilling gjennom jobbnorge.no.

Søkjarane, som får løn under utdanning, vert valt ut på bakgrunn av både karakterar og yrkeserfaring. I tillegg vert det stilt høge krav til god psykisk og fysisk helse, samt vandel og motivasjon.

I år har 1134 personar søkt den toårige fengselsbetjentutdanninga i Noreg, eit tal som har halde seg ganske stabilt dei siste åra. Av desse vert dei 500 best kvalifiserte invitert til opptak som består av fysiske testar, ein skriftleg prøve og intervju.

Les også: Caroline Piasecka fekk betalt utdanning med idrettsstipend i USA

– Du er jo dritnervøs

No er dei kring halvvegs i dei 17 opptaksdagane, før neste års kull får beskjed om dei får plass på utdanninga som startar i januar 2019.

Frå januar startar òg KRUS for første gong opp ei eittårig vidareutdanning i straffegjennomføring, som gjev studentane ein full bachelorgrad.

Maia og Mathias var blant dei som kom gjennom nålauga i 2017 og er i gang med sitt siste semester før det obligatoriske pliktåret.

Maia trur difor det skal ein del til å kome inn på nytt dersom ein først har stryke.

– Korleis var opptaksprøvane?

– Heilt jævleg, ler Maia.

– Du er jo dritnervøs, så veit du at det er så mykje press. For det er så få som kjem inn i forhold til dei som søker. Ein gruar seg jo veldig til intervju, men eg hadde ei veldig god oppleving, forsikrar ho.

Les også: – Eg sa høgt og tydeleg at pappa sat i fengsel

Fengselsbetjentdraumen

Men kva er det eigentleg som får nokon til å villa bli fengselsbetjent?

For Maia starta det allereie i niandeklasse. Då hospiterte ho på ein matbutikk og fekk sjå ein betjent frå kvinnefengselet i Sandefjord.

– På det tidspunktet ville eg eigentleg bli politi, men så såg eg den uniformen. Då eg kom heim søkte eg på fengselsbetjent og så bestemte eg meg berre. Så eg har vore ganske målretta frå niandeklasse.

Mathias på si side fann ikkje ut av det like tidleg, men felles for dei begge er at dei har lyst til å hjelpa menneske i ein vanskeleg situasjon ut att i kvardagen.

– Eg har lyst å jobba med menneske, men òg noko spanande. Dei kjem jo inn i krise, veldig mange av dei, så det er veldig spanande og utfordrande å kunne jobba med desse menneska, seier Mathias.

Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Vald og truslar

Etter eit halvt år i utdanning var dei eitt år ute i praksis og fekk kjenna på arbeidskvardagen som ventar. Dei siste åra har nemleg fengselsbetjentar vorte utsette for stadig meir vold og truslar.

– Du har jo utagerande innsette på cella som som knuser og herjer og skal drepa deg. Så må du flytte dei frå cella, fordi dei er til fare for deg eller andre. Då utset ein jo seg sjølv for fare, men ein har beskyttelsesutstyr, forklarar Mathias.

Han understrekar at dei vert følgt opp med samtalar i etterkant av slike hendingar.

– Kva er det viktigaste for å verta ein god fengselsbetjent?

– Respektere folk, kjem det kontant frå Maia.

– Ein møter mange folk som har gjort mykje stygt og grufullt. Så ein må på ein måte skilje det dei har gjort og det dei er. Eg har møtt mange folk i løpet av praksisåret mitt som har sett litt spor i meg. Det er bra menneske. Mange har hatt det tøft.

Også Mathias ser på gode haldningar og verdiar som eit grunnelement.

– Å vere engasjert og profesjonell i arbeidet du utfører, legg han til.

Les også: Ronny omgåast valdtektsmenn dagleg

– Du blir lei av å stryke skjorta. Men eg synest det er deilig, seier Mathias om uniformsplikta. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

– Det handlar ikkje om å vere stor og sterk

Rekrutteringsansvarleg i KRUS, Camilla Hansen, fortel at dei lyt vektlegge kandidatar som er modne og eigna til arbeidet.

– Det å jobbe som fengselsbetjent krev mykje av deg, fordi du skal drive med omsorg og grensesetting og ivareta sikkerheita. Det er ein hårfin balanse til tider, seier ho.

– I den eine augneblinken er du den som skal visitere innsette, visitere cella, ta urinprøver. Du låser opp og igjen dører. Du har veldig mykje makt. I den andre augneblinken skal du bistå med det praktiske, vere ein motivator for å få innsette til å gjere noko med både livet sitt og soningstida si, forklarar ho.

Personar med relevant yrkeserfaring drar gjerne nytte av dette og plar difor å gjere det godt på opptaksprøvane.

Ho meiner kommunikasjonsevner er ein nøkkelkvalifikasjon for å nå fram til den samansette gruppa som innsette er. Alt frå mannen i gata som klarar seg bra, til dei som er ressurssvake, har store rusproblem, har psykiske lidingar og utanlandske innbyggjarar.

– Det handlar ikkje om å vere stor og sterk, men du skal våga å vere sjølvstendig, våga å setja grenser og våga seie nei. Du skal våga å stå i situasjonar, men gjera dette på ein omsorgsfull måte.

Les også: Korleis er det i fengsel?

Snittalder på 26 år

Sidan aldersgrensa for å kome inn på Fengselsskolen er 20 år har Maia rokke å jobbe som både personleg assistent og vektar etter vidaregåande, medan Mathias har vore i Forsvaret og arbeidd i psykiatrien.

Kvinnedelen på utdanninga har ligge ganske jamt på 48 prosent og snittalderen på studiet er 26 år.

At utdanninga er løna meiner Maia er særleg viktig for dei eldre studentane, som bidreg med viktig livserfaring.

Men 23-åringane er begge einige om at det tel positivt at dei får løn under utdanning.

– Det er jo ei gratis høgskuleutdanning, der ein ikkje sit at med noko studielån etterpå, understrekar Mathias.

Fengselsbetjentaspirantane har uniformsplikt frå 8-15 kvar dag. Skjorta må vere stroken, sokkane høge og hårstrikken i same farge som håret. To strekar signaliserer at ein er andreårsaspirant. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Fleire nye i vikariat

Kor mange som vert tekne opp på utdanninga er politisk styrt og kan variere frå år til år. I forslaget til statsbudsjett for 2019 er det sett av 150 studieplassar, som er ein reduksjon på 25 frå tidlegare år.

Rekrutteringsansvarleg ved KRUS, Camilla Hansen, forklarar at det er ein ganske dramatisk nedgang frå fjoråret – då 275 søkjarar fekk tilbod om plass.

– Me hadde eit ekstraopptak i fjor fordi dei held på å byggje nye fengsel i Agder. I samband med at dei skal stå ferdig i 2020, fekk me ta opp hundre ekstra i fjor, forklarar ho.

Tidlegare har fengselsbetjentutdanninga vore ein sikker veg til jobb, men utsiktene framover er ikkje like trygge. I forslag til årets statsbudsjett vil regjeringa leggje ned sju fengselstilbod. Regjeringa vil kutte 250 plassar i fengsel med låg sikkerheit, noko som betyr at 190 personar kan miste jobben.

– Me brukar jo i snitt ein million på ein aspirant, så me ønskjer ikkje å utdanna dei til arbeidsløyse. Det har vore ein ganske sikker utdanningsveg å ta, men dei siste to åra har det vorte vanskelegare for dei nyutdanna å få seg fast jobb etter plikttenesta, forklarar Hansen.

Spesielt i fylka Vestfold og Telemark, samt på Vestlandet er det vanskeleg å få seg jobb som nyutdanna.

– Jobb er det, men det er ikkje fast jobb. Dei aller fleste er i fast jobb eller vikariat, men kanskje ein må rekne med å flytte litt på seg den første tida.

Les også: Stig (27) slutta i fast jobb og begynte på ny utdanning

Kritisk til kuttforslag

– Fast jobb er eigentleg draumejobben, ler Maia og får støtte frå medstudenten sin.

Fengselsbetjentar kan etter enda utdanning jobba i fengsel med ulik sikkerheit eller i Friomsorgen, som har ansvaret for dei som er under open soning. I 2017 var første året fleire sona straffa si i samfunnet, då flest med fotlenkje, enn i fengsel.

Dette er grunnen til at regjeringa no vil leggja ned sju fengselsavdelingar med 250 soningsplassar som går under kategorien lågsikkerheit.

Maia og Mathias er kritisk til forslaget fordi dei meiner dette kan bety ein bråare overgang tilbake til samfunnet.

– Lågare sikkerheit er noko som har vist seg å fungera veldig godt i Noreg, med tanke på at me har veldig låg prosent tilbakefall. Så det vert veldig dumt å kutte mange av dei plassane. Det har vist seg at det å sleppe innsette rett ut frå høgsikkerheitsfengsel ikkje funkar best, seier Mathias.

Saka var først publisert i Framtida.no.

– Det er nokon som trur at alle har plastikkbestikk og oransje dressar, men det er jo ikkje slik det er, ler Maia. Foto: Andrea Rygg Nøttveit
Helse og livsstil
Populært